Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOHN
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 14
John NorSMB 14:1  «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!
John NorSMB 14:2  I huset åt Far min er det mange rom; var det ’kje so, vilde eg vel då sagt dykk det; for eg gjeng burt og vil stella til ein verestad åt dykk.
John NorSMB 14:3  Og når eg hev gjenge burt og stelt til ein verestad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, so de og skal vera der eg er.
John NorSMB 14:5  Tomas segjer til honom: «Herre, me veit ’kje kvar du gjeng av; korleis kann me då vita vegen?»
John NorSMB 14:6  Jesus svarar: «Eg er vegen og sanningi og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjenom meg;
John NorSMB 14:7  hadde de kjent meg, so hadde de kjent far min og, og frå denne stund kjenner de honom, og hev set honom.»
John NorSMB 14:8  Filip segjer til honom: «Herre, lat oss få sjå Faderen, so hev me nok!»
John NorSMB 14:9  Jesus svarar: «No hev eg vore so lang ei tid i hop med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som hev set meg, hev set Faderen; korleis kann du då segja: «Lat oss få sjå Faderen?»
John NorSMB 14:10  Trur du ikkje at eg er i Faderen, og Faderen er i meg? Dei ordi eg talar til dykk, talar eg ikkje av meg sjølv; men Faderen, som bur i meg, han er det som gjer sine verk.
John NorSMB 14:11  Tru meg, når eg segjer at eg er i Faderen, og Faderen i meg! Um ikkje det, so tru meg for sjølve verki skuld!
John NorSMB 14:12  Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur på meg, han skal gjera dei same verki som eg gjer, og han skal gjera større verk enn dei. For eg gjeng til Faderen,
John NorSMB 14:13  og alt de bed um i mitt namn, det vil eg gjera, so Faderen kann verta herleggjord i Sonen.
John NorSMB 14:14  Bed de meg um noko i mitt namn, so skal eg gjera det.
John NorSMB 14:16  då skal eg beda Faderen, so gjev han dykk ein annan målsmann, som skal vera hjå dykk i all æva,
John NorSMB 14:17  Sannings-Anden, som verdi ikkje kann få, for ho ser honom ikkje og kjenner honom ikkje. De kjenner honom; for han bur hjå dykk og skal vera inni dykk.
John NorSMB 14:18  Eg vil ’kje lata dykk vera att åleine som foreldrelause born; eg kjem til dykk.
John NorSMB 14:19  Um ei liti stund ser verdi meg ikkje lenger; men de ser meg; for eg liver, og de skal liva.
John NorSMB 14:20  Den dagen skal de skyna at eg er i far min, og de er i meg, og eg i dykk.
John NorSMB 14:21  Den som hev bodi mine og held deim, han er den som elskar meg, og den som elskar meg, honom skal far min elska, og eg skal elska honom og openberra meg for honom.»
John NorSMB 14:22  Judas - ikkje Iskariot - segjer til honom: «Herre, kva hev hendt, sidan du vil syna deg for oss og ikkje for verdi?»
John NorSMB 14:23  Jesus svara so: «Um nokon elskar meg, held han seg etter ordet mitt, og far min skal elska honom; og me skal koma til honom og taka vår bustad hjå honom.
John NorSMB 14:24  Den som ikkje elskar meg, held seg ikkje etter ordi mine; og ordet de høyrer, er ikkje mitt, men far min’s, som sende meg.
John NorSMB 14:25  Dette hev eg tala til dykk medan eg endå er hjå dykk.
John NorSMB 14:26  Men målsmannen, den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg hev sagt dykk.
John NorSMB 14:27  Fred leiver eg åt dykk, min fred gjev eg dykk; eg gjev dykk ikkje fred på den måten som verdi gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast og ikkje ræddast!
John NorSMB 14:28  De høyrde eg sagde til dykk: «Eg gjeng burt og kjem til dykk att;» elska de meg, so gledde de dykk for di eg gjeng til Faderen, for Faderen er større enn eg.
John NorSMB 14:29  Og no hev eg sagt dykk det fyrr det hev hendt, so de skal tru når det hender.
John NorSMB 14:30  Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for no kjem hovdingen yver verdi. I meg eig han ingen ting,
John NorSMB 14:31  men eg vil verdi skal sjå at eg elskar Faderen, og gjer so som Faderen hev sagt til meg! Reis dykk, og lat oss ganga ifrå her!»