Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOHN
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 20
John NorSMB 20:1  Tidleg den fyrste dagen i vika, medan det endå var myrkt, kjem Maria Magdalena til gravi, og ser at steinen er teken burt frå gravi.
John NorSMB 20:2  Ho spring av stad, og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus elska, og segjer til deim: «Dei hev teke Herren ut or gravi, og me veit ikkje kvar dei hev lagt honom.»
John NorSMB 20:3  Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på vegen til gravi.
John NorSMB 20:4  Dei sprang båe saman; so sprang den andre læresveinen fyre, forare enn Peter, og kom fyrst til gravi.
John NorSMB 20:5  Han lutte seg ned og glytte inn; då såg han at lindarne låg der; men han gjekk ikkje inn.
John NorSMB 20:6  So kjem Simon Peter etter, og gjekk inn i gravi. Han ser lindarne liggja der;
John NorSMB 20:7  men sveiteduken, som Jesus hadde havt kring hovudet, låg ikkje saman med lindarne, men på ein stad for seg sjølv, og var balla i hop.
John NorSMB 20:8  Då gjekk den andre læresveinen og inn, han som var komen fyrst til gravi, og han såg og trudde.
John NorSMB 20:9  For dei skyna endå ikkje skrifti, at han skulde standa upp frå dei daude.
John NorSMB 20:11  Men Maria stod utanfor ved gravi og gret. Som ho no gråtande lutte seg ned og glytte inn i gravi,
John NorSMB 20:12  fær ho sjå tvo kvitklædde englar sitja der, ein ved hovudet og ein ved føterne, der likamen åt Jesu hadde lege.
John NorSMB 20:13  Dei segjer til henne: «Kvi græt du, kvinna?» Ho svarar: «For di dei hev teke Herren min burt, og eg veit ikkje kvar dei hev lagt honom.»
John NorSMB 20:14  Med so sagt snudde ho seg, og då ser ho Jesus stend der, men ho visste ikkje at det var han.
John NorSMB 20:15  Jesus segjer til henne: «Kvi græt du, kvinna? Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var hagemeisteren, og segjer til honom: «Herre, er det du som hev bore han burt, so seg meg kvar du hev lagt honom; då vil eg henta honom.»
John NorSMB 20:16  «Maria!» segjer Jesus. Då snur ho seg, og segjer til honom på hebraisk: «Rabbuni!» det er på vårt mål: «Meister!»
John NorSMB 20:17  «Kom ikkje nær meg!» segjer Jesus; «for endå hev eg ikkje fare upp til far min. Men gakk til brørne mine, og seg deim frå meg: No fer eg upp til honom som er min Fader og dykkar Fader, og min Gud og dykkar Gud!»
John NorSMB 20:18  Maria Magdalena kjem og segjer til læresveinarne: «Eg hev set Herren,» og at han hadde sagt dette til henne.
John NorSMB 20:19  Då det vart kveld same dagen - den fyrste i vika - og dørerne var stengde der læresveinarne var, av di dei var rædde jødarne, kom Jesus og stod midt ibland deim og segjer: «Fred vere med dykk!»
John NorSMB 20:20  og då han hadde sagt det, synte han deim henderne sine og sida si. Læresveinarne vart glade då dei såg Herren.
John NorSMB 20:21  Og han sagde endå ein gong: «Fred vere med dykk! Som Faderen hev sendt meg, so sender eg dykk.»
John NorSMB 20:22  Med desse ordi anda han på deim og sagde til deim: «Tak imot den Heilage Ande!
John NorSMB 20:23  Tilgjev de nokon synderne deira, so er dei tilgjevne; held de dei att for nokon, so er dei atthaldne.»
John NorSMB 20:24  Tomas, ein av dei tolv, han som me kallar Didymus, var ikkje saman med deim då Jesus kom.
John NorSMB 20:25  So sagde dei andre læresveinarne med honom: «Me hev set Herren.» Han svara: «Det trur eg ikkje fyrr eg fær sjå naglemerket i henderne hans og fær stinga fingeren min i nagleholet og fær stinga handi mi i sida hans.»
John NorSMB 20:26  Åtte dagar etter var læresveinarne hans inne att, og Tomas var med deim. Dørerne var stengde. Då kom Jesus og stod midt ibland deim og sagde: «Fred vere med dykk!»
John NorSMB 20:27  So segjer han til Tomas: «Kom hit med fingeren din, og sjå på henderne mine, og kom hit med handi di og stikk henne i sida mi, og ver ikkje vantruen, men truande!»
John NorSMB 20:29  Jesus segjer til honom: «Sidan du hev set meg, trur du! Sæle dei som ikkje ser og endå trur!»
John NorSMB 20:30  Endå mange andre teikn gjorde Jesus for augo åt læresveinarne sine, teikn som ikkje er skrive i denne boki.
John NorSMB 20:31  Men desse er skrivne so de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og so de som trur skal hava liv i hans namn.