Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
HAGGAI
Up
1 2
Toggle notes
Chapter 1
Hagg NorSMB 1:1  I andre styringsåret åt kong Darius, fyrste dagen i sette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Zerubbabel Sealtielsson, jarl yver Juda, og til øvstepresten Josva Josadaksson:
Hagg NorSMB 1:2  So segjer Herren, allhers drott: Dette folket segjer: «Det er ikkje enno tid til å koma, tid til å byggja Herrens hus.»
Hagg NorSMB 1:4  Er det då tid for dykk sjølve å bu i dykkar bordklædde hus, medan dette huset ligg i øyde?
Hagg NorSMB 1:5  Og no segjer Herren, allhers drott, so: Agta på korleis det gjeng dykk!
Hagg NorSMB 1:6  De sår mykje, og haustar lite; de et og vert ikkje mette; de drikk og sløkkjer ikkje torsten; de klæder dykk og vert ikkje varme; leigetenaren fær si løn i ein botnelaus pung.
Hagg NorSMB 1:7  So segjer Herren, allhers drott: «Agta på korleis det gjeng dykk!»
Hagg NorSMB 1:8  Far til fjells og henta timber og bygg upp templet, so eg kann hava hugnad i det og syna meg herleg, segjer Herren.
Hagg NorSMB 1:9  De vona mykje og vann lite; de førde heim og eg bles det burt. Kvifor? segjer Herren, allhers drott. Jau, for mitt hus skuld, av di det ligg i øyde, medan de sjølve hev det annsamt kvar med sitt hus.
Hagg NorSMB 1:10  Difor hev himmelen meinka dykk dogg og jordi meinka dykk grøda.
Hagg NorSMB 1:11  Eg hev kalla turk yver land og fjell, yver korn og druvesaft og olje og alt som gror på marki, yver folk og fe og all dykkar arbeidsvinning.
Hagg NorSMB 1:12  Zerubbabel Sealtielsson og øvstepresten Josva Josadaksson og alt det som var att av folket lydde på Herren, sin Gud, og ordi frå profeten Haggai, av di Herren, deira Gud, hadde sendt honom; og folket bar age for Herren.
Hagg NorSMB 1:13  Og Herrens sendebod Haggai bar fram Herrens bod til folket: Eg er med dykk, segjer Herren.
Hagg NorSMB 1:14  Og Herren kveikte hugen hjå Zerubbabel Sealtielsson, jarlen yver Juda, og hjå øvstepresten Josva Josadaksson og hjå alle deim som var att av folket, so dei lagde i veg og arbeidde på huset åt Herren, allhers drott, deira Gud;
Hagg NorSMB 1:15  den fire og tjugande dagen i sette månaden i andre styringsåret åt kong Darius.
Chapter 2
Hagg NorSMB 2:1  Den ein og tjugande dagen i sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai:
Hagg NorSMB 2:2  Tala til Zerubbabel Sealtielsson, jarlen i Juda, og til øvstepresten Josva Josadaksson og til det som er att av folket.
Hagg NorSMB 2:3  Finst det endå nokon attlivande millom dykk som hev set dette huset i sin fyrre herlegdom? Kva tykkjer de um det no? Er det ikkje for augo dykkar som inkjevetta?
Hagg NorSMB 2:4  Men ver hugheil no, Zerubbabel! segjer Herren, ver hugheil, øvsteprest Josva Josadaksson! ver hugheilt, alt folket i landet! segjer Herren, og arbeid! For eg er med dykk, segjer Herren, allhers drott;
Hagg NorSMB 2:5  den avtalen eg gjorde med dykk ved utferdi frå Egyptarland, skal standa ved lag, og min ande skal bu millom dykk. Ver ikkje rædde!
Hagg NorSMB 2:6  For so segjer Herren, allhers drott: Enno ein gong um eit lite bil skal eg skaka himmel og jord og hav og land.
Hagg NorSMB 2:7  Eg skal skaka alle folki, so dei dyraste eignaluterne frå alle folki skal koma hit, og eg skal fylla dette huset med herlegdom, segjer Herren, allhers drott.
Hagg NorSMB 2:8  Sylvet er mitt, og gullet er mitt, segjer Herren, allhers drott.
Hagg NorSMB 2:9  Den komande herlegdom i dette siste huset skal verta større enn det fyrre, segjer Herren, allhers drott; og på denne staden vil eg gjeva fred, segjer Herren, allhers drott.
Hagg NorSMB 2:10  Den fire og tjugande dagen i niande månaden i andre styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord ved profeten Haggai.
Hagg NorSMB 2:11  So segjer Herren, allhers drott: Spør kva prestarne lærer um dette:
Hagg NorSMB 2:12  Um ein mann ber heilagt kjøt i klædesnippen og so med snippen kjem nær noko brød eller kokemat eller vin eller olje eller anna etande, vert då det heilagt? Prestane svara nei.
Hagg NorSMB 2:13  So spurde Haggai: «Men um ein hev vorte urein av eit lik og so kjem nær noko av alt dette, vert det då ureint?» Prestarne svara ja.
Hagg NorSMB 2:14  Då tok Haggai til ords og sagde: Soleis er det med denne lyden, og soleis er det med dette folket i mine augo, segjer Herren, og like eins med alt det deira hender gjer, og det dei ofrar der, det er ureint.
Hagg NorSMB 2:15  Gjev no gaum frå i dag og attende. Fyrr de tok til og lagde stein på stein i Herrens tempel,
Hagg NorSMB 2:16  når einkvan i den tid gjekk til ein korndunge på tjuge skjeppor, so fann han berre ti; når einkvan gjekk til ei vinpersa og vilde ausa upp femti mål, so fekk han ikkje meir enn tjuge.
Hagg NorSMB 2:17  Eg søkte dykk med sotbrand og rust og haglver yver alt dykkar arbeid, og endå vende de ikkje um til meg, segjer Herren.
Hagg NorSMB 2:18  Men gjev gaum no frå i dag og attende, frå fire og tjugande dagen i niande månaden alt til den dagen då Herrens tempel vart tufta. Gjev gaum!
Hagg NorSMB 2:19  Finst det enno att noko sæde i kornburet? Og korkje vintreet eller fiketreet eller granatapallen eller oljetreet hev bore noko! Frå i dag skal eg velsigna.
Hagg NorSMB 2:20  Andre gongen kom Herrens ord til Haggai den fire og tjugande dagen i månaden:
Hagg NorSMB 2:21  Seg til Zerubbabel, jarlen yver Juda: Eg skal skaka himmel og jord;
Hagg NorSMB 2:22  eg skal velta i koll kongsstolarne og tyna veldet åt dei heidne kongeriki; eg skal velta stridsvognerne og deim som stend på deim, og hestarne skal stupa og ridarene med, den eine for sverdet åt hin.
Hagg NorSMB 2:23  Den dagen, segjer Herren, allhers drott, tek eg deg, Zerubbabel Sealtielsson, du min tenar, og gjer deg til ein seglring; for deg hev eg valt ut, segjer Herren, allhers drott.