I CHRONICLES
Chapter 26
I Ch | NorSMB | 26:1 | Um skifti som dørvaktarar var skifte i, er å segja: Av korahitarne var Meselemja, son åt Kore, av Asafs-sønerne. | |
I Ch | NorSMB | 26:2 | Og Mesemlja hadde søner: Zakarja var den eldste, Jediael den andre, Zebadja den tridje, Jatniel den fjorde, | |
I Ch | NorSMB | 26:4 | Og Obed-Edom hadde søner: Semaja var den eldste, Jozabad den andre, Joah den tridje, Sakar den fjorde, Netanel den femte, | |
I Ch | NorSMB | 26:5 | Ammiel den sette, Issakar den sjuande, Pe’ulletai den åttande; for Gud hadde velsigna honom. | |
I Ch | NorSMB | 26:6 | Og Semaja, son hans, fekk og søner, som vart styrarar i ætti si; for dei var duglege menner. | |
I Ch | NorSMB | 26:7 | Sønerne hans Semaja heitte Otni og Refael og Obed, Elzabad og brørne hans, dugande menner, Elihu og Semakja. | |
I Ch | NorSMB | 26:8 | Alle desse var ætta frå Obed-Edom, dei sjølve og sønerne og brørne deira, dugande og sterke menner i tenesta, - tvo og seksti av Obed-Edom. | |
I Ch | NorSMB | 26:10 | Og Hosa av Merari-sønerne hadde søner: Simri var fyrstemannen - han var vel ikkje den eldste; men far hans sette honom til hovding - | |
I Ch | NorSMB | 26:11 | Hilkia var den andre, Tebalja den tridje, Zakarja den fjorde. Alle sønerne og brørne hans Hosa var trettan. | |
I Ch | NorSMB | 26:12 | Desse dørvaktar-skifti, det vil segja ættarhovdingarne, vart no sette til vakttenesta i Herrens hus, jamsides med frendarne sine. | |
I Ch | NorSMB | 26:13 | Og um kvar port drog dei strå, den minste som den største, etter ættgreinene sine. | |
I Ch | NorSMB | 26:14 | Romet ved austporten kom på Selemja; og dei drog strå for Zakarja, son hans, ein vitug rådgjevar, og etter strået vart hans rom i nord. | |
I Ch | NorSMB | 26:15 | På Obed-Edom fall romet ved sudporten, soleis at sønerne hans fekk budi på sin part. | |
I Ch | NorSMB | 26:16 | For Suppim og Hosa viste strået på romet i vest ved Salleket-porten, der vegen gjeng uppetter, den eine vaktposten attmed den andre. | |
I Ch | NorSMB | 26:17 | Mot aust var det seks levitar, mot nord fire for kvar dag, mot sud fire for kvar dag, og ved budi tvo um gongen. | |
I Ch | NorSMB | 26:20 | Og av levitarne hadde Ahia-sønerne tilsyn med skattarne i Guds hus og tok vare på dei ting som var vigde åt Herren. | |
I Ch | NorSMB | 26:21 | Sønerne åt Ladan, det vil segja gersonitsønerne av Ladans-ætti, hovdingarne for gersoniten Ladans ættgreinene var jehielitarne. | |
I Ch | NorSMB | 26:25 | Og frendarne hans av Eliezers-ætti var Rehabja Eliezersson, og son hans heitte Jesaja, og hans son var Joram, og hans son Zikri, og hans son Selomot. | |
I Ch | NorSMB | 26:26 | Denne Selomot og brørne hans hadde tilsyn med alt det godset som kong David og like eins ættarhovdingarne, yver- og underhovdingar og herhovdingar hadde vigt åt Herren. | |
I Ch | NorSMB | 26:28 | Og like eins alt det som sjåaren Samuel og Saul Kisson og Abner Nersson og Joab Serujason hadde vigt; kvar og ein som vigde noko, let Selomot og brørne hans taka vare på det. | |
I Ch | NorSMB | 26:29 | Av jisharitarne vart Kenanja og sønerne hans sette til dei verdslege gjeremåli i Israel, til å vera tilsynsmenner og domarar. | |
I Ch | NorSMB | 26:30 | Av hebronitarne vart Hasabja og brørne hans, syttan hundrad menner, sette til stjorn i Israel, i landet vest for Jordan, til alle slags gjeremål åt Herren og til kongen tenesta. | |
I Ch | NorSMB | 26:31 | Til hebronitarne høyrde Jeria, hovdingen for hebronitarne etter deira ættgreiner og huslydar; i det fyrtiande styringsåret åt Davids vart dei yversedde, og det fanst då dugande folk hjå dei i Jazer i Gilead. | |