I KINGS
Chapter 1
I Ki | NorSMB | 1:1 | Kong David var no gamall og ut i åri komen, og han kunde ikkje halda varmen i seg, endå dei bredde klæde yver honom. | |
I Ki | NorSMB | 1:2 | Då sagde tenarane hans til honom: «Ein trong finna ei ung kvinna åt min herre kongen, ei ung møy som kunde vera hjå kongen og vyrdsla honom. Fekk ho liggja i fanget ditt, vart min herre kongen varm.» | |
I Ki | NorSMB | 1:3 | So leita dei då i heile Israelslandet etter ei fager gjenta, og dei fann Abisag frå Sunem og for til kongen med henne. | |
I Ki | NorSMB | 1:4 | Det var ei ovende væn gjenta; ho stelte for kongen og tente honom. Men elles hadde ikkje kongen umgjenge med henne. | |
I Ki | NorSMB | 1:5 | Men Adonia, som var son åt Haggit, gjorde seg sjølv høg og sagde: «Eg vil vera konge.» Han fekk seg vogner og hestfolk og femti mann som skulde springa fyre honom. | |
I Ki | NorSMB | 1:6 | Far hans hadde aldri såra honom noko sinn og sagt: «Kvi fer du soleis åt?» Han var attåt født ein ovvæn kar, og mor hans hadde født honom næst etter Absalom. | |
I Ki | NorSMB | 1:7 | Han gjekk på råd med Joab Serujason og med presten Abjatar, og dei slo lag med Adonia og hjelpte honom. | |
I Ki | NorSMB | 1:8 | Presten Sadok og Benaja Jojadason og profeten Natan, Sime’i og Re’i og stridskjemporne åt David heldt derimot ikkje med Adonia. | |
I Ki | NorSMB | 1:9 | Adonia slagta småfe og uksar og gjødkalvar ved Ormsteinen, som ligg attmed Rogel-kjelda; og han bad til seg dit alle brørne sine, kongssønerne, og alle dei Juda-menner som var i tenesta hjå kongen. | |
I Ki | NorSMB | 1:10 | Men profeten Natan og Benaja og stridskjemporne og Salomo, bror sin, bad han ikkje. | |
I Ki | NorSMB | 1:11 | Då tala Natan til Batseba, mor åt Salomo, soleis: «Du hev vel høyrt at Adonia, son åt Haggit, er vorten konge utan at vår herre David veit noko det um det? | |
I Ki | NorSMB | 1:12 | No vil eg gjeva deg ei råd, so du kann berga livet for deg sjølv og for Salomo, son din! | |
I Ki | NorSMB | 1:13 | Gakk inn til kong David og seg til honom: «Herre konge, hev du ikkje lova tenestkvinna di med eid at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja i din kongsstol? Kvifor hev då Adonia vorte konge?» | |
I Ki | NorSMB | 1:14 | Og medan du stend der og talar med kongen, skal eg koma inn og sanna det du segjer.» | |
I Ki | NorSMB | 1:15 | Batseba gjekk då inn i sengromet til kongen. Kongen var mykje gamall no, og Abisag frå Sunem tente honom. | |
I Ki | NorSMB | 1:16 | Batseba bøygde seg og kasta seg ned for kongen. Då spurde kongen: «Kva er det du vil?» | |
I Ki | NorSMB | 1:17 | Ho svara honom: «Herre, ved Herren, din Gud, hev du lova tenestkvinna di med eid, at Salomo, son min, skal vera konge etter deg; han skal sitja i kongsstolen din. | |
I Ki | NorSMB | 1:19 | Han hev slagta uksar og gjødkalvar og småfe i mengd og bede til seg alle kongssønerne og presten Abjatar og herføraren Joab; men Salomo, tenaren din, hev han ikkje bede. | |
I Ki | NorSMB | 1:20 | Heile Israel vender no augo til deg, herre konge, og ventar at du skal kunngjera kven som skal sitja i kongsstolen etter dine dagar, herre konge. | |
I Ki | NorSMB | 1:21 | Utan kann det henda, at når min herre kongen hev lagt seg til kvile hjå federne sine, so vert eg og Salomo, son min, rekna for brotsmenner.» | |
I Ki | NorSMB | 1:23 | Og dei vitra kongen um det og sagde: «Profeten Natan er her.» Han steig fram for kongen og kasta seg å gruve på jordi for honom. | |
I Ki | NorSMB | 1:24 | So sagde Natan: «Herre konge, er det so du hev sagt at Adonia skal verta konge etter deg, at han skal sitja i kongsstolen din? | |
I Ki | NorSMB | 1:25 | Ja, for i dag hev han fare ned og slagta uksar og gjødkalvar og sauer i mengd og hev bede til seg alle kongssønerne og herførarane og presten Abjatar, og no et dei og drikk dei i lag med honom og ropar: «Live kong Adonia!» | |
I Ki | NorSMB | 1:26 | Men meg, tenaren din, og presten Sadok og Benaja Jojadason og din tenar Salomo hev han ikkje bede. | |
I Ki | NorSMB | 1:27 | Kann dette vera gjort etter din vilje, herre konge, utan at du hev late tenarane dine vita kven som skal sitja i kongsstolen din etter deg, herre konge?» | |
I Ki | NorSMB | 1:28 | Då svara kong David og sagde: «Ropa Batseba hit til meg!» Ho steig hitåt, og då ho stod der framfor kongen, | |
I Ki | NorSMB | 1:29 | svor kongen og sagde: «So sant Herren liver, han som hev løyst meg or all trengsla: | |
I Ki | NorSMB | 1:30 | liksom eg fyrr hev svore deg til ved Herren, Israels Gud, og sagt at Salomo, son din, skal verta konge etter meg og sitja i kongsstolen i min stad, so gjer eg det og i dag.» | |
I Ki | NorSMB | 1:31 | Då bøygde Batseba seg med andlitet mot jordi og kasta seg ned for kongen og sagde: «Gjev herren min, kong David, må liva i all æva!» | |
I Ki | NorSMB | 1:32 | Og kong David sagde: «Ropa inn til meg presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason!» Då dei kom fram for kongen, | |
I Ki | NorSMB | 1:33 | sagde kongen til deim: «Tak tenarane åt herren dykkar med dykk og set Salomo, son min, på mitt eige muldyr og far med honom ned til Gihon. | |
I Ki | NorSMB | 1:34 | Der skal Sadok, presten, og Natan, profeten, salva honom til konge yver Israel, og de skal blåsa i lur og ropa: «Live kong Salomo!» | |
I Ki | NorSMB | 1:35 | So skal de fylgja honom upp att, og han skal koma og setja seg i kongsstolen min; og han skal vera konge i min stad. For det er honom eg hev sett til hovding yver Israel og Juda.» | |
I Ki | NorSMB | 1:36 | Då svara Benaja Jojadason kongen og sagde: «Amen! Må Herren, din Gud, herre konge, segja det same! | |
I Ki | NorSMB | 1:37 | Herren vere Salomo som Herren hev vore med deg, herre konge, og gjere hans kongsstol endå veldugare enn kongsstolen til min herre, kong David!» | |
I Ki | NorSMB | 1:38 | So gjekk då presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason saman med livvakti av og sette Salomo på muldyret åt kong David og for med honom ned til Gihon. | |
I Ki | NorSMB | 1:39 | Og presten Sadok tok oljehornet or tjeldet og salva Salomo; so blæs dei i lur, og heile lyden ropa: «Live kong Salomo!» | |
I Ki | NorSMB | 1:40 | Sidan fylgde heile folkemengdi honom upp att med slik fløyteblåster og stor fagnad at jordi kunde ha rivna av ropi deira. | |
I Ki | NorSMB | 1:41 | Men Adonia og alle gjesterne som var hjå honom, høyrde dette nettupp då dei var ferdige med måltidi; og då Joab høyrde lurblåsteren, sagde han: «Kva er dette for glam og ståk i byen?» | |
I Ki | NorSMB | 1:42 | I same stundi kom Jonatan, son åt presten Abjatar, og Adonia sagde: «Kom hit! du er ein fagnamann, som visst hev eit gledebod å bera.» | |
I Ki | NorSMB | 1:43 | Men Jonatan svara honom: «Å nei då; herren vår, kong David, hev gjort Salomo til konge. | |
I Ki | NorSMB | 1:44 | Kongen sende presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason og livvakti i veg med honom, dei hev sett honom på muldyret åt kongen. | |
I Ki | NorSMB | 1:45 | So hev presten Sadok og profeten Natan salva honom til konge i Gihon, og med fagnad hev dei fare upp att derifrå, og heile byen er komen på føterne. Det er det ståket de hev høyrt. | |
I Ki | NorSMB | 1:47 | Og kongsmennerne er komne og hev ynskt vår herre kong David til lukka og sagt: «Gjev no din Gud vil lata namnet åt Salomo verta endå gjævare enn ditt eige, og kongsstolen hans endå veldugare enn din kongsstol!» Og kongen heldt bøn på lega si. | |
I Ki | NorSMB | 1:48 | Kongen hev og sagt: «Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag hev sett ein ettermann i kongsstolen min, so eg kann sjå det med eigne augo!»» | |
I Ki | NorSMB | 1:51 | Og dei vitra Salomo um det og sagde: «Sjå, Adonia ræddast kong Salomo; difor hev han gripe um altarhorni og segjer: «Kong Salomo skal lova meg med eid i dag at han ikkje drep tenaren sin med sverd.»» | |
I Ki | NorSMB | 1:52 | Då sagde Salomo: «Vil han bera seg åt som ein fagnamann, so skal ikkje eit hår av hovudet hans falla til jordi; men syner det seg at han fer med noko vondt, so skal han døy.» | |