Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 26
Job NorSMB 26:2  Kvar helst hev du den veike hjelpt? Når studde du den trøytte arm?
Job NorSMB 26:3  Kvar gav du uklok mann ei råd? Kor ovleg visdom hev du synt?
Job NorSMB 26:4  Kven hev du bore melding til? Kva ånd hev tala gjenom deg?
Job NorSMB 26:5  Skuggarne i angest skjelva, vatsdjup og dei som deri bur.
Job NorSMB 26:6  Helheimen open ligg for honom, avgrunnen utan noko dekkje.
Job NorSMB 26:7  Nordheimen han i audni spana, og hengde jordi yver inkje.
Job NorSMB 26:8  Han vatnet inn i skyer bind; og skyi brest ei under det.
Job NorSMB 26:9  Kongsstolen sin han gøymer burt og breider skyer yver honom.
Job NorSMB 26:10  Kring vatni han ei grensa set, der som ljos og myrker byta skal.
Job NorSMB 26:11  Stolparne under himmelen skjelv, og rædde vert dei for hans trugsmål.
Job NorSMB 26:12  Han rører havet upp med velde, og med sit vit han krasar ubeist.
Job NorSMB 26:13  Og himmelen klårnar ved hans ande; hans hand den snøgge ormen drap.
Job NorSMB 26:14  Sjå her utkanten av hans veg; det berre kviskring er me høyrer. Kven skynar, når hans allmagt torar?