Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 24
Job NorSMB 24:1  Kvi hev ’kje Allvald tider set? Kvi ser hans vener ei hans dagar?
Job NorSMB 24:2  Dei fører deildesteinar burt, stel fe og sender det på beite,
Job NorSMB 24:3  tek asnet frå den faderlause; tek kui enkja eig i pant.
Job NorSMB 24:4  Driv fatigfolk frå vegen burt; alt landsens småfolk kryp i skjol;
Job NorSMB 24:5  Lik ville asen fer dei ut til øydemarki med sitt stræv; og veidefang på ville heid er maten borni deira fær.
Job NorSMB 24:6  Dei haustar mark ved nattetid, og gudlaus manns vinhage plundrar.
Job NorSMB 24:7  Um natti nakne, utan klæde, dei hev for kulden inkje dekkje.
Job NorSMB 24:8  Dei våte vert av regn på fjell, held seg i bergufs utan livd,
Job NorSMB 24:9  Ein farlaus lyt frå moderbarm ein armings klæde gjeng i pant.
Job NorSMB 24:10  Dei nakne gjeng og klædelause, i hunger dei på kornband dreg.
Job NorSMB 24:11  Dei kreistar olje innum murar, dei persar vin og tyrster lel.
Job NorSMB 24:12  Frå byen høyrest styn av menner, og gjenomstungne skrik um hjelp, men Gud ser ei slik meningsløysa.
Job NorSMB 24:13  Det finst og fiendar åt ljoset; dei kjenner ikkje ljossens vegar og held seg ei på ljossens stigar.
Job NorSMB 24:14  Ved dagsprett mordaren stend upp, slær arm og fatig mann i hel, um natti er han so som tjuven.
Job NorSMB 24:15  Horkaren spæjar etter skyming; han tenkjer: «Inkje auga ser meg.» Sitt andlit gøymer han med maska.
Job NorSMB 24:16  I myrkret bryt dei inn i hus, dei som ved dag seg inne stengjer dei seg inne; av ljoset vil dei ikkje vita.
Job NorSMB 24:17  Myrk natt er morgon for deim alle; for natteskræmslorne dei kjenner.
Job NorSMB 24:18  Snøgt fer han yver vatnet burt, bannstøytt vert jordi hans i landet; til vinberg gjeng han ikkje meir.
Job NorSMB 24:19  Som snøvatn kverv for turk og hite, so gløyper helheim deim som synda.
Job NorSMB 24:20  Av moderlivet gløymd han er, og makkar mettar seg på honom; det ingen er som minnest han; so brotsverk brest liksom eit tre.
Job NorSMB 24:21  Han plundra ho som ikkje fødde, som ufør var til barne-eign; mot enkja gjorde han ’kje vel.
Job NorSMB 24:22  Men han styd valdsmann med si kraft, og dei fær atter standa upp som hadde mist all von um livet.
Job NorSMB 24:23  Han styd deim so dei liver trygt, hans augo vaktar deira vegar.
Job NorSMB 24:24  Høgt stig dei, brått - dei er ’kje meir - dei sig og døyr som alle andre, vert skorne av som aks på strå.
Job NorSMB 24:25  Er det ’kje so? Kven legg imot? Kven gjer no mine ord um inkje?»