Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 41
Job NorSMB 41:1  Ingen torer eggja honom; kven kann då mot meg reisa?
Job NorSMB 41:2  Kven gav meg, so eg gjev att? Under himmeln alt eg eig.
Job NorSMB 41:3  Ei eg tegjer um hans lemer, um hans sterke, væne bygnad.
Job NorSMB 41:4  Kven hev drege brynja av han, Gjenge inn i duble tanngard?
Job NorSMB 41:5  Kven hev opna kjakeporten? Rædsla kring hans tenner ligg.
Job NorSMB 41:6  Sterke er hans skjolde-rader, feste med ei fast forsigling.
Job NorSMB 41:7  Tett dei ligg innåt kvarandre, ingi luft slepp millom deim.
Job NorSMB 41:8  Eine skjolden i den andre heng i hop, skilst ikkje åt.
Job NorSMB 41:9  Ljos ifrå hans njosing strålar, augo skin som morgonroden.
Job NorSMB 41:10  Or hans gap skyt brandar fram, gneistar sprutar derifrå.
Job NorSMB 41:11  Or hans nasar stig det røyk, liksom eim or kjel som kokar.
Job NorSMB 41:12  Anden hans set eld på kol, logen ut or gapet stend.
Job NorSMB 41:13  I hans nakke styrken bur, rædsla spring framfor hans åsyn.
Job NorSMB 41:14  Tette sit kjøtvalkarne, støypte fast urikkelg.
Job NorSMB 41:15  Hjarta hans er hardt som stein, fast som understein i kverni.
Job NorSMB 41:16  Kjempor ræddast når han ris, misser både mod og hugs;
Job NorSMB 41:17  Sverd vil ikkje bita på, ikkje skot med spjot og pil.
Job NorSMB 41:18  Jarn agtar han liksom strå, kopar nett som fauskeved.
Job NorSMB 41:19  Ei han vik for bogesonen; stein frå slyngja vert som halm,
Job NorSMB 41:20  og stridsklubba vert som strå, og han lær åt spjot som susar.
Job NorSMB 41:21  Under han er kvasse broddar, spor dei set som treskjeslede.
Job NorSMB 41:22  Djupet kokar som ei gryta, sjøen som ein salvekjel.
Job NorSMB 41:23  Vegen lyser etter honom, djupet skin som sylverhår.
Job NorSMB 41:24  Liken hans på jord ei finst, denne skapning utan ræddhug.
Job NorSMB 41:25  Han ser ned på alt som høgt er, konge yver alle kaute.»