Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 13
Job NorSMB 13:1  Ja, allting hev mitt auga set og øyra høyrde og forstod;
Job NorSMB 13:2  alt det de veit, det veit eg og; for dykk eg ei tilbake stend.
Job NorSMB 13:3  Men eg til Allvalds Gud vil tala, med Gud eg vil til retten ganga;
Job NorSMB 13:4  Men de vil dekkja til med lygn, er berre ugagnslækjarar.
Job NorSMB 13:5  Å, gjev de vilde tegja still, so kunde det for visdom gjelda.
Job NorSMB 13:6  Høyr på den skrapa eg vil gjeva, merk når mi lippa åtak gjer!
Job NorSMB 13:7  Vil de forsvara Gud med lygn? Vil de hans sak med urett verja?
Job NorSMB 13:8  Vil de for honom gjera mismun, og spela Guds sakførarar?
Job NorSMB 13:9  Gjeng det dykk vel, når han dykk prøver? Kann de han narra som eit mennesk’?
Job NorSMB 13:10  Han skal so visst dykk straffa strengt, um de slik mismunn gjer i løynd.
Job NorSMB 13:11  Med høgdi si han skræmar dykk, hans rædsla yver dykk skal falla.
Job NorSMB 13:12  Og dykkar kraft-ord vert til oska, og dykkar prov til blaute leir.
Job NorSMB 13:13  Teg stilt, lat meg tala ut, so fær det gå meg som det kann!
Job NorSMB 13:14  Kvi skuld’ eg ta mitt kjøt i tenner? Og halda livet mitt i handi?
Job NorSMB 13:15  Han drep meg, ei eg ventar anna, mi ferd for han lik’vel eg hævdar.
Job NorSMB 13:16  Men ogso det skal hjelpa meg; hjå han fær ingen urein møta.
Job NorSMB 13:17  So høyr då det eg segja vil; lat meg for dykkar øyro tala!
Job NorSMB 13:18  Eg saki hev til rettes lagt; eg skal få rett, det veit eg visst.
Job NorSMB 13:19  Kven er det som med meg kann strida? Eg skulde tegja stilt og døy.
Job NorSMB 13:20  Tvo ting må du spara meg for; då løyner eg meg ikkje for deg:
Job NorSMB 13:21  Di hand lyt burt frå meg du taka, lat ei di rædsla skræma meg!
Job NorSMB 13:22  Stemn meg so inn! eg stend til svars; eller eg talar og du svarar.
Job NorSMB 13:23  Kor mange brot og synder hev eg? Seg meg mi misgjerd og mi synd!
Job NorSMB 13:24  Kvifor vil du di åsyn løyna og for ein fiend’ halda meg?
Job NorSMB 13:25  Vil eit burtblåse blad du skræma? Forfylgja du eit visna strå? -
Job NorSMB 13:26  Når du idømer meg slik straff og let meg erva ungdoms synder
Job NorSMB 13:27  og legg i stokken mine føter, og vaktar alle mine vegar, slær krins um mine foteblad.
Job NorSMB 13:28  Og det mot ein som morkna er, lik klædeplagg som mol et upp.