Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 14
Job NorSMB 14:1  Sjå - menneskjet, av kvinna født, det liver stutt, av uro mett.
Job NorSMB 14:2  Som blom det sprett og visnar burt, ja, lik ein skugge burt det fer.
Job NorSMB 14:3  Men du med honom auga held, og meg du dreg for domen din.
Job NorSMB 14:4  Skal tru det av ein urein kjem ein som er rein? Nei, ikkje ein!
Job NorSMB 14:5  Når dagetalet hans er sett, hans månads-tal sett fast hjå deg, når du for han ei grensa drog som ei han yverskrida kann,
Job NorSMB 14:6  so snu deg frå, lat han få fred og ha sin dag som leigekaren!
Job NorSMB 14:7  For treet er det endå von; um det vert det hogge, sprett det att, på renningar det vantar ikkje.
Job NorSMB 14:8  Når røterne i jordi eldest, og stomnen døyr i turre mold,
Job NorSMB 14:9  ved dåm av vatnet skyt det knupp, fær som ein stikling grøne greiner.
Job NorSMB 14:10  Men døyr ein mann, då ligg han der; han andast, og kvar er han då?
Job NorSMB 14:11  Som vatnet renn ut or ein sjø, som elvi minkar, turkast ut,
Job NorSMB 14:12  so ligg ein mann, ris ikkje upp; til himmeln kverv, dei vaknar ikkje; ein kann ’kje vekkja deim or svevnen.
Job NorSMB 14:13  Å, gjev du gøymde meg i helheim, løynde meg, til din vreide gav seg, gav meg ein frest, og so meg hugsa!
Job NorSMB 14:14  Tru mannen døyr og livnar att? I all min strid eg skulde vona og venta til avløysing kom.
Job NorSMB 14:15  Eg skulde svara, når du ropa og lengta mot dine eige verk.
Job NorSMB 14:16  Men no du tel kvart stig eg tek og agtar vel på syndi mi;
Job NorSMB 14:17  mi synd er læst i pungen inn, og på mi skuld du gøymer vel!
Job NorSMB 14:18  Som fjellet fell og smuldrast burt, og berget frå sin stad vert flutt,
Job NorSMB 14:19  Som vatnet holar steinen ut, og flaumen skolar moldi burt, so tek du ifrå mannen voni
Job NorSMB 14:20  og tyngjer honom ned for alltid. Han fer av stad; med åsyn rengd du sender honom burt frå deg.
Job NorSMB 14:21  Han veit ’kje um hans born vert heidra; han merkar ikkje um dei armast;
Job NorSMB 14:22  Hans eigen kropp hans liding valdar, og sjæli græt for eigi sorg.»