Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 9
Job NorSMB 9:2  «Eg veit for visst at det er so; kva rett fær mannen imot Gud?
Job NorSMB 9:3  Um han med honom vilde trætta, han kann ’kje svara eitt til tusund.
Job NorSMB 9:4  Vis som han er og sterk i velde - kven kann vel strafflaust tråssa honom,
Job NorSMB 9:5  som fjelli flyt, dei veit ’kje av det, og velter deim upp i harm,
Job NorSMB 9:6  som ruggar jordi frå sin plass, so pilarne hennar skjelv,
Job NorSMB 9:7  som soli byd so ho ei skin, og set eit segl for stjernorne,
Job NorSMB 9:8  som eine spanar himmeln ut og fram på havsens toppar skrid,
Job NorSMB 9:9  hev skapt Karlsvogni og Orion, Sjustjerna og Sørkamri med?
Job NorSMB 9:10  Som storverk gjer, me ei kann fata, og underverk forutan tal?
Job NorSMB 9:11  Han framum gjeng, eg ser han ikkje; um burt han glid, eg går han ikkje.
Job NorSMB 9:12  Når han tek fat, kven stoggar honom? Kven honom spør: «Kva gjer du der?»
Job NorSMB 9:13  Gud stoggar ikkje vreiden sin; for han seg bøygde Rahabs-fylgjet.
Job NorSMB 9:14  Kor kann vel eg då svara han? Kor skal for han eg ordi leggja?
Job NorSMB 9:15  Um eg hev rett, eg kann ’kje svara, men lyt min domar be um nåde.
Job NorSMB 9:16  Og um han svara når eg ropa, eg trudde ei mi røyst han høyrde.
Job NorSMB 9:17  Han som i stormver reiv meg burt og auka grunnlaust såri mine,
Job NorSMB 9:18  han let meg ikkje anda fritt, men metta meg med beiske ting.
Job NorSMB 9:19  Når magt det gjeld, då er han der; men gjeld det rett: kven stemnar honom?
Job NorSMB 9:20  Um eg hev rett, min munn meg dømer; er skuldlaus, han meg domfeller.
Job NorSMB 9:21  Skuldlaus eg er! eg skyner ei meg sjølv, vanvyrder livet mitt.
Job NorSMB 9:22  Det er det same, no eg segjer: Han tyner skuldig og uskuldig.
Job NorSMB 9:23  Når svipa brått gjev ulivssår, med lått han ser den gode lida.
Job NorSMB 9:24  Han jordi gav i nidings hand; på domarar han syni kverver. Er det ’kje han, kven er det då?
Job NorSMB 9:25  Mitt liv fer snøggare enn lauparen, dei kverv, men lukka såg det aldri;
Job NorSMB 9:26  Det glid som båtar utav sev, lik ørn som ned på fengdi slær.
Job NorSMB 9:27  Når eg mi plåga gløyma vil og jamna panna mi og smila,
Job NorSMB 9:28  då gruvar eg for pina mi; eg veit du ei frikjenner meg.
Job NorSMB 9:29  For når eg lyt straffskuldig vera, kvifor skal eg då fåfengt stræva?
Job NorSMB 9:30  Um eg i snø meg vilde tvætta og reinsa henderne med lut.
Job NorSMB 9:31  Du ned i grefti straks meg dukka, so mine klæde ved meg stygdest.
Job NorSMB 9:32  Han ikkje er ein mann som eg, kann ei med meg til retten gå;
Job NorSMB 9:33  d’er ingen skilsmann millom oss som handi si kann på oss leggja.
Job NorSMB 9:34  Når berre han tok riset frå meg og ikkje skræmde meg med rædsla,
Job NorSMB 9:35  eg skulde tala utan otte; sjølv dømer eg meg annarleis.