Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 36
Job NorSMB 36:2  «Vent litt og lat meg tala til deg! For endå hev eg ord for Gud;
Job NorSMB 36:3  eg hentar kunnskap langan leid, skal hjelpa skaparen til rett.
Job NorSMB 36:4  For visst, mitt ord skal ikkje ljuga; framfor deg stend ein full-lærd mann.
Job NorSMB 36:5  Sjå, Gud er sterk, men vander ingen, han som er veldug i forstandskraft.
Job NorSMB 36:6  Han let ’kje gudlaus mann få liva; men armingarne gjev han rett.
Job NorSMB 36:7  Han snur ’kje augo frå rettvise; hjå kongar på sin konungsstol han let deim ævleg sitja høgt.
Job NorSMB 36:8  Um dei i lekkjor bundne vart og i ulukkesnaror fanga,
Job NorSMB 36:9  so synar han deim deira ferd og brot - at dei ovmoda seg -
Job NorSMB 36:10  til refsing opnar øyro deira og byd deim venda um frå syndi.
Job NorSMB 36:11  Um dei då høyrer vil og lyda, so liver dei sitt liv i lukka og sine år i herlegdom;
Job NorSMB 36:12  um ikkje, fær dei styng av spjotet, og i sin dårskap andast dei.
Job NorSMB 36:13  Men vreiden trivst i vonde hjarto; dei bed ’kje, um dei bundne vert;
Job NorSMB 36:14  i ungdomstidi skal dei døy, forgangast som utukt-sveinar.
Job NorSMB 36:15  Han frelser arming ved hans naud, opnar hans øyro gjenom trengsla.
Job NorSMB 36:16  Deg og han lokkar ut or trengsla, fritt fær du det og ikkje trongt, ditt bord er fullt av feite retter.
Job NorSMB 36:17  Men fær du straff som syndug mann, i fall hans domsord held deg fast.
Job NorSMB 36:18  Lat ikkje tukti avla vreide, den tunge bot deg leida vilt!
Job NorSMB 36:19  Kann klaga hjelpa deg or naud, kor mykje enn du stræva vil?
Job NorSMB 36:20  Du må ’kje lengta etter natti då folk vert rykte frå sin stad!
Job NorSMB 36:21  Gjev agt, so ei til synd du vender, for det du heller vil enn lida.
Job NorSMB 36:22  Sjå, Gud er upphøgd i sitt velde; kven er ein lærar slik som han?
Job NorSMB 36:23  Kven hev vel vegen lagt for honom? Kven sagde vel: «Du hev urett gjort?»
Job NorSMB 36:24  Hugs på å prisa høgt hans verk, som menneski hev sunge um!
Job NorSMB 36:25  Kvart menneskje med lyst det ser, mann-ætti ser det langan leid.
Job NorSMB 36:26  Upphøgd, uskynande er Gud, hans liveår kann ingen telja,
Job NorSMB 36:27  for han dreg vatsdroparne, so det vert regn av skodde-eim.
Job NorSMB 36:28  Og ifrå skyerne det fløymer og dryp ned yver mange folk.
Job NorSMB 36:29  Kven skynar vel skyhoparne og torebraket frå hans hytta?
Job NorSMB 36:30  Han breider ljoset sitt ikring seg og let det hylja havsens røter.
Job NorSMB 36:31  Soleis han dømer folkeslag og skiftar brød i ovmengd ut.
Job NorSMB 36:32  Han sveiper henderne i ljos og sender det mot fienden.
Job NorSMB 36:33  Hans tora meldar um hans koma, ja, feet varslar når han kjem.