Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 19
Job NorSMB 19:2  «Kor lenge vil mi sjel de harma og krasa meg med dykkar ord?
Job NorSMB 19:3  Ti gonger hev de no meg spotta; de skjemmest ei å krenkja meg.
Job NorSMB 19:4  Hev eg i røyndi mistak gjort, dei mistak er mi eigi sak.
Job NorSMB 19:5  Vil de dykk briska imot meg, som um eg lid mi skam med rette?
Job NorSMB 19:6  Hugs på at Gud hev bøygt meg ned og spana kringum meg sitt garn.
Job NorSMB 19:7  Eg ropar: «Vald!» - men eg fær ’kje svar; eg ropar: «Hjelp!» men fær ’kje rett.
Job NorSMB 19:8  Han stengjer vegen for min fot, og myrker legg han på min stig.
Job NorSMB 19:9  Min heidersklædnad drog han av; han frå mitt hovud kransen tok.
Job NorSMB 19:10  Mi vern han braut, so eg gjekk under, mi von sleit han lik treet upp.
Job NorSMB 19:11  Hans vreide logar meg imot, og for ein fiend’ held han meg.
Job NorSMB 19:12  Hans skarar stemner fram mot meg; dei brøyter seg ein veg mot meg og lægrar seg kring tjeldet mitt.
Job NorSMB 19:13  Han dreiv ifrå meg mine frendar, og kjenningar vart framande.
Job NorSMB 19:14  Skyldfolki held seg burte frå meg, husvenerne hev gløymt meg burt.
Job NorSMB 19:15  For hjon og tenar er eg framand; dei held meg for ein ukjend mann.
Job NorSMB 19:16  Ei svarar drengen på mitt rop. Eg må med munnen tigga honom;
Job NorSMB 19:17  min ande byd imot for kona, eg tevjar ilt for mine sambrør.
Job NorSMB 19:18  Jamvel smågutar spottar meg, når eg stend upp, dei talar mot meg.
Job NorSMB 19:19  Dei styggjest for meg mine vener, og dei eg elska, snur seg mot meg.
Job NorSMB 19:20  Min kropp er berre skin og bein, snaudt hev eg endå tannkjøt att.
Job NorSMB 19:21  Hav medynk, medynk, mine vener! Gud hev meg råka med si hand.
Job NorSMB 19:22  Kvifor skal de som Gud meg jaga, og vert ei mette av mitt kjøt?
Job NorSMB 19:23  Å, gjev at mine ord vart skrivne, og i ei bok vart rita inn,
Job NorSMB 19:24  ja, vart med jarnmeitel og bly for ævleg tid i berget hogne!
Job NorSMB 19:25  Eg veit at min utløysar liver, til sist han yver moldi kjem.
Job NorSMB 19:26  Og når mi hud er øydelagd, ut frå mitt kjøt då ser eg Gud,
Job NorSMB 19:27  eg honom ser som venen min, mitt auga ser det, ingen framand! Å, nyro lengtar i mitt liv!
Job NorSMB 19:28  De segjer: «Me vil jaga honom!» - som um orsaki låg hjå meg!
Job NorSMB 19:29  Men de lyt agta dykk for sverdet; for vreide vert ved sverdet straffa. Og de skal vita: domen kjem.»