Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 20
Job NorSMB 20:2  «Difor gjev mine tankar svar, og difor stormar det i meg.
Job NorSMB 20:3  Ei skamleg skrapa fær eg høyra, men kloke svar mi ånd gjev meg.
Job NorSMB 20:4  Veit du ’kje at frå ævords tid, frå mannen fyrst på jord vart sett,
Job NorSMB 20:5  ugudlege hev stokkut jubel, vanheilage stuttvarug gleda?
Job NorSMB 20:6  Når modet hans til himmels stig, når hovudet mot sky han lyfter,
Job NorSMB 20:7  han evig gjeng til grunns som skarnet; «Kvar er han?» spør dei, honom såg.
Job NorSMB 20:8  Lik draumen glid han burt og kverv, vert jaga som ei nattesyn.
Job NorSMB 20:9  Han burte er for alle augo, hans stad veit ikkje til han meir.
Job NorSMB 20:10  Hans born lyt hjelpa fatigfolk; hans hender gjev hans gods attende.
Job NorSMB 20:11  Hans bein var full’ av ungdomskraft; men den i moldi ligg med honom.
Job NorSMB 20:12  Er i hans munn det vonde søtt, vil han det under tunga gøyma,
Job NorSMB 20:13  sparer han det og slepper ikkje, held han det under gomen fast,
Job NorSMB 20:14  so vert i kroppen maten hans til orme-eiter i hans buk.
Job NorSMB 20:15  Det gods han gløypte, spyr han ut; Gud driv det ut or magen hans.
Job NorSMB 20:16  Han orme-eiter i seg saug, og ødle-tunga honom drep.
Job NorSMB 20:17  Han fær visst ikkje skoda bekkjer, ei heller flaum av mjølk og honning.
Job NorSMB 20:18  Han rikdom vinn, men nyt han ikkje; han samlar gods, men vert ’kje glad.
Job NorSMB 20:19  Han krasa småfolk, let deim liggja, han rana hus som han ei byggjer.
Job NorSMB 20:20  Han kjende ikkje ro inni seg, men med sin skatt han slepp ’kje undan.
Job NorSMB 20:21  Hans hækna sparer ingen ting; og difor kverv hans lukka burt.
Job NorSMB 20:22  I all si ovnøgd lid han naud; kvar armings-hand kjem yver honom.
Job NorSMB 20:23  Og til å fylla buken hans han sender vreiden yver honom, let maten sin på honom regna.
Job NorSMB 20:24  Og um han frå jarnvåpen flyr, han såra vert frå koparbogen;
Job NorSMB 20:25  ut gjenom ryggen pili kjem, den blanke odd ut or hans gall, og dauderædslor fell på honom.
Job NorSMB 20:26  Alt myrker gøymt er åt hans skattar, ja, ukveikt eld et honom upp, og øyder all hans eigedom.
Job NorSMB 20:27  Himmelen ter hans brotsverk fram, og jordi reiser seg imot han.
Job NorSMB 20:28  Hans heime-forråd fer sin veg, renn burt på vreidedagen hans.
Job NorSMB 20:29  Slikt etlar Gud til gudlaus mann; det lovar Gud til arv åt honom.»