Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 10
Job NorSMB 10:1  Mi sjæl er leid av livet mitt, eg gjev mi klaga lause taumar, vil tala i min såre hugverk.
Job NorSMB 10:2  Til Gud eg segjer: «Døm meg ikkje; seg kvifor du imot meg strider!
Job NorSMB 10:3  Finn du det godt å gjera vald, og øyda upp ditt eige verk, men lysa yver gudlaust råd?
Job NorSMB 10:4  Er auga ditt av kjøt og blod? Ser du som menneskje plar sjå?
Job NorSMB 10:5  Er dine dagar mennesk-dagar? Er dine år lik mannsens år?
Job NorSMB 10:6  Med di mitt brot du leitar upp, og granskar etter syndi mi,
Job NorSMB 10:7  endå du veit eg er uskuldig, og ingen bergar or di hand.
Job NorSMB 10:8  Di hand hev skapt og dana meg fullt ut, og no vil du meg tyna?
Job NorSMB 10:9  Hugs på, du forma meg som leir; no gjer du atter meg til mold!
Job NorSMB 10:10  Som mjølk du let meg renna ut og let meg stivna liksom ost;
Job NorSMB 10:11  Du klædde meg med hud og kjøt, fleitta bein og senar saman.
Job NorSMB 10:12  Du gav meg både liv og miskunn, og verna um mitt andedrag.
Job NorSMB 10:13  Men dette du i hjarta gøymde, eg veit det var i din tanke;
Job NorSMB 10:14  Du vakta på meg um eg synda; du gav meg ikkje til mitt brot;
Job NorSMB 10:15  um eg var skuldig, usæl eg! Um skuldfri, tord’ eg ei meg briska, av skjemsla mett, med naud for augom;
Job NorSMB 10:16  For då du jaga meg som løva og let meg atter under sjå,
Job NorSMB 10:17  du førde nye vitne mot meg og harmast endå meir på meg og sende mot meg her på her.
Job NorSMB 10:18  Kvi drog du meg or morsliv fram? Kvi fekk eg ikkje usedd døy,
Job NorSMB 10:19  lik ein som aldri til hev vore, og vart i grav frå morsliv lagt?
Job NorSMB 10:20  Er ikkje mine dagar få? Haldt upp! Slepp meg, so eg litt glad kann verta,
Job NorSMB 10:21  fyrr eg gjeng burt, og kjem ’kje att, til myrkre land med daudeskugge,
Job NorSMB 10:22  eit land so myrkt som svarte natti, med daudeskugge og vanskipnad, der dagsljoset er som myrke natt!»»