Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 6
Job NorSMB 6:2  «Um dei mitt mismod vega vilde og få ulukka mi på vegti,
Job NorSMB 6:3  det tyngjer meir enn havsens sand; difor var ordi mine ville.
Job NorSMB 6:4  For Allvalds pilar sit i meg, mi ånd lyt suga deira gift; Guds rædslor reiser seg til åtak.
Job NorSMB 6:5  Skrik asnet vel i grøne eng? Og rautar uksen ved sitt for?
Job NorSMB 6:6  Kven et det smerne utan salt? Kven finn vel smak i eggjekvite?
Job NorSMB 6:7  Det byd meg mot å røra slikt, det er som min utskjemde mat.
Job NorSMB 6:8  Å, fekk eg uppfyllt bøni mi! Gav Gud meg det eg vonar på!
Job NorSMB 6:9  Ja, vild’ han berre knusa meg, med hand si min livstråd slita!
Job NorSMB 6:10  Då hadde endå eg mi trøyst; trass pina skulde glad eg hoppa! - Den Heilage sitt ord eg held på.
Job NorSMB 6:11  Kva er mi kraft, at eg skuld’ vona? Mi framtid, at eg skulde tola?
Job NorSMB 6:12  Er krafti mi som steinen sterk? Er kanskje kroppen min av kopar?
Job NorSMB 6:13  Mi hjelp hev heilt forlate meg; all kvart stydjepunkt er frå meg teke.
Job NorSMB 6:14  Ein rådlaus treng av venen kjærleik, um enn han ottast Allvald ei.
Job NorSMB 6:15  Som bekken brørne mine sveik, lik bekkjefar som turkar ut.
Job NorSMB 6:16  Fyrst gruggast dei av bråna is, og snø som blandar seg uti,
Job NorSMB 6:17  men minkar so i sumarsoli, og kverv til slutt burt i sumarhiten.
Job NorSMB 6:18  Vegfarande vik av til deim, men kjem til øydemark og døyr.
Job NorSMB 6:19  Kjøpmenn frå Tema skoda dit, flokkar frå Saba vonar trygt;
Job NorSMB 6:20  men svikne vert dei i si von; dei narra vert når dei kjem fram.
Job NorSMB 6:21  So hev de vorte reint til inkjes, de rædsla såg, og rædde vart!
Job NorSMB 6:22  Hev eg då bede dykk um noko? Bad eg dykk løysa meg med gods?
Job NorSMB 6:23  og frelsa meg frå fiendvald og kjøpa meg frå røvarar?
Job NorSMB 6:24  Gjev meg eit svar, so skal eg tegja; seg meg kva eg hev synda med!
Job NorSMB 6:25  Eit rettvis ord er lækjebot; men last frå dykk er inkje verdt.
Job NorSMB 6:26  Du lastar meg for ordi mine; men vonlaus mann so mangt kann segja.
Job NorSMB 6:27  De kastar lut um farlaust barn, og handel driv um dykkar ven.
Job NorSMB 6:28  Vilde de berre sjå på meg! Trur de eg lyg dykk upp i augo?
Job NorSMB 6:29  Vend um, lat ikkje urett skje! Vend um, enn hev eg rett i dette.
Job NorSMB 6:30  Finst det vel fals på tunga mi? Kann ei min gom ulukka smaka?