Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 23
Job NorSMB 23:2  «Endå gjeld klaga mi for tråss, tungt legg eg handi på min sukk.
Job NorSMB 23:3  Berre eg kunde finna honom og koma til hans bustad fram!
Job NorSMB 23:4  Då la eg fram for han mi sak og fyllte munnen min med prov.
Job NorSMB 23:5  Då høyrde eg kva svar han gav, og merka det han sa til meg.
Job NorSMB 23:6  Vilde med magt han mot meg standa? Nei, lyda på meg vilde han.
Job NorSMB 23:7  Ein skuldfri stod då for han fram; for alltid slapp eg domar min.
Job NorSMB 23:8  Gjeng eg i aust, han er ’kje der; mot vest, eg vert han ikkje var;
Job NorSMB 23:9  i nord han verkar, ei eg ser han, han snur mot sud, eg ser han ikkje.
Job NorSMB 23:10  For all den veg eg fer han kjenner; prøvde han meg, eg var som gull.
Job NorSMB 23:11  Min fot hev fylgt i faret hans; hans veg eg gjeng ubrigdeleg,
Job NorSMB 23:12  veik ei frå det hans lippa baud, meir enn mi lov eg lydde hans.
Job NorSMB 23:13  Men ein er han, kven hindrar honom? Det han hev hug til, gjer han og.
Job NorSMB 23:14  Han um min lagnad avgjerd tek, og hev med meg so mangt i emning.
Job NorSMB 23:15  Eg difor ræddast for hans åsyn, når eg det minnest, skjelv eg for han.
Job NorSMB 23:16  Ja, Gud hev brote ned mitt mod, og Allvald hev gjort meg fælen,
Job NorSMB 23:17  ei er det myrkret som meg tyner, og ei mi eigi myrke åsyn.