Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 3
Job NorSMB 3:1  Då let Job upp munnen og banna fødedagen sin.
Job NorSMB 3:3  «Burt med den dag då eg vart fødd, den natt som sa: «Ein svein er avla!»
Job NorSMB 3:4  Må denne dag til myrker verta - burtgløymd av Gud i høge himmel - og inkje ljos på honom skina!
Job NorSMB 3:5  Lat svarte myrkret honom eiga og skyer seg kring honom samla! Dagmyrkjingar skal honom skræma
Job NorSMB 3:6  og myrkret gløypa denne natt! Burt med den natt frå årsens dagar, ho kome ei i månads tal!
Job NorSMB 3:7  Ja, aud og tom skal natti verta og ingen fagnad i ho klinga;
Job NorSMB 3:8  Dagbannarar skal henne banna, dei som kann mana upp Livjatan,
Job NorSMB 3:9  Og morgonstjernor skal ’kje skina; fåfengt ho venta skal på ljoset - augbrunerne av morgonroden -
Job NorSMB 3:10  av di ho ei livsdøri stengde på mor mi, so eg slapp for kval.
Job NorSMB 3:11  Kvi døydd’ eg ei i moders liv? Ell’ slokna då eg rett var fødd?
Job NorSMB 3:12  Kvi fanst det kne som mot meg tok; og brjost eg kunde suga ved?
Job NorSMB 3:13  So låg eg still og kvilde no, eg sov og hadde ro og fred
Job NorSMB 3:14  hjå kongar og hjå fyrstar, som til gravstad pyramider bygde,
Job NorSMB 3:15  hjå hovdingar som åtte gull og fyllte sine hus med sylv;
Job NorSMB 3:16  ell’ ufødd var eg ikkje til, lik born som aldri ljoset såg.
Job NorSMB 3:17  Der rasar ei dei vonde meir; der kviler dei som trøytte er;
Job NorSMB 3:18  og fangarne er trygge der; dei høyrer ingen drivar meir.
Job NorSMB 3:19  Der stor og liten like er, og trælen fri for herren sin.
Job NorSMB 3:20  Kvi gjev han ljos til den som lid, og liv til deim som gremmer seg,
Job NorSMB 3:21  som fåfengt stundar etter dauden, og søkjer han som løynde skatt,
Job NorSMB 3:22  som gled seg, ja, som jublar høgt, og fegnast når dei finn ei grav -
Job NorSMB 3:23  til mannen som ei finn sin veg, som Gud set fast og stengjer inne?
Job NorSMB 3:24  Min sukk hev vorte daglegt brød, og klaga mi som vatnet strøymar.
Job NorSMB 3:25  Meg råkar det eg ottast fyre; det som eg ræddast, hender meg.
Job NorSMB 3:26  Snaudt fær eg fred, snaudt fær eg ro, snaudt lindring - so kjem uro att.»