Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 4
Job NorSMB 4:2  «Vert du vel tykkjen um eg talar? Men kven kann halda ordi inne?
Job NorSMB 4:3  På rette veg du førde mange; dei trøytte hender styrkte du;
Job NorSMB 4:4  med ord du hjelpte deim som snåva, og gav dei veike knei kraft.
Job NorSMB 4:5  Men når det gjeld deg sjølv, du klagar; når deg det råkar, ræddast du!
Job NorSMB 4:6  Di von du på di gudstru bygde og sette lit til last-laust liv.
Job NorSMB 4:7  Tenk etter: Når vart skuldlaus tynt? Når gjekk rettvis mann til grunns?
Job NorSMB 4:8  Stødt fann eg: dei som urett pløgde, og sådde naud, dei hausta slikt;
Job NorSMB 4:9  dei stupte for Guds andedrag, gjekk for hans vreidestorm til grunns.
Job NorSMB 4:10  Ja, løva skrik, og villdyr burar; ungløva fær sin tanngard knekt;
Job NorSMB 4:11  og løva døyr av skort på rov; løvinna misser sine ungar.
Job NorSMB 4:12  Ein løynleg tale til meg kom; i øyra mitt det stilt vart kviskra,
Job NorSMB 4:13  som tankar i eit nattsyn kjem, når svevnen tung på folki kviler.
Job NorSMB 4:14  Det kom ei rædsla yver meg, ei skjelving gjenom alle lemer;
Job NorSMB 4:15  ein gust meg yver panna strauk, og på min kropp seg håri reiste;
Job NorSMB 4:16  og noko stogga for mi åsyn; eg kunde ikkje klårt skilja; framfor mitt auga stod eit bilæt’, eg høyrde som ei røyst som kviskra:
Job NorSMB 4:17  «Hev menneskjet vel rett for Gud? Er mannen rein framfor sin skapar?
Job NorSMB 4:18  Han sine tenarar ei trur og finn hjå sine englar lyte -
Job NorSMB 4:19  enn meir hjå folk i hus av leir; hjå deim som hev sin grunn i moldi, ein kann deim krasa, som eit mol.
Job NorSMB 4:20  Dei er frå morgon og til kveld; ein krasar deim - kven merkar det? - Og dei vert ikkje funne meir.
Job NorSMB 4:21  Når deira tjeldsnor vert rykt upp, dei døyr og ingen visdom fær.»