Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOSHUA
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 13
Josh NorSMB 13:1  No var Josva gamall vorten og ut i åri komen, og Herren sagde til honom: «No er du gamall og langt fram i åri; men endå er det ovmykje land att å taka.
Josh NorSMB 13:2  Det som er att er alle filistarkvervarne og heile Gesuritarlandet,
Josh NorSMB 13:3  frå den kvisli som renn frammed Egyptarland og Ekronskiftet i nord; skal reknast til Kana’an, både dei fem filistarfyrstarne i Gasa og Asdod og Askalon og Gat og Ekron, og avitarne,
Josh NorSMB 13:4  som bur sunnanfor deim. So er det heile Kana’anitarlandet, frå Meara, som ligg under Sidon, til Afek, til skiftet med amoritarne,
Josh NorSMB 13:5  og Giblitarlandet, og heile austsida av Libanon, frå Ba’al-Gad nedunder Hermonfjellet til Hamatvegen,
Josh NorSMB 13:6  alle dei som bur i fjellbygderne, frå Libanon til Misrefot-Majim, alle sidonarane. Sjølv vil eg driva deim ut for Israel. Men drag no du strå for Israels-sønerne, so dei fær desse bygderne til odel og eiga, soleis som eg hev sagt deg!
Josh NorSMB 13:7  Skift ut dette landet til dei ni ætterne og den eine helvti av Manasse-ætti.»
Josh NorSMB 13:8  Saman med Manasse-ætti hadde rubenitarne og gaditarne fenge odelslandet sitt, det som Moses gav deim, på austsida av Jordan, soleis som Moses, Herrens tenar, gav deim det:
Josh NorSMB 13:9  alt som låg nordanfor Aroer innmed Arnon og byen i dalen, og heile Medbasletta, radt til Dibon,
Josh NorSMB 13:10  og alle byarne åt Sihon, amoritarkongen, han som hadde kongssætet sitt i Hesbon, radt til skiftet med Ammons-sønerne,
Josh NorSMB 13:11  og Gilead, og Gesuritarlandet og Ma’akatitarlandet og heile Hermonfjellet og heile Basan alt til Salka,
Josh NorSMB 13:12  heile riket åt Og i Basan, han som hadde kongssætet sitt i Astarot og Edre’i; han var den siste av kjempefolket. Moses vann yver desse kongarne, og tok landet deira.
Josh NorSMB 13:13  Men Israels-sønerne dreiv ikkje ut gesuritarne og ma’akatitarne; dei hev vorte buande millom Israels-folket alt til denne dag.
Josh NorSMB 13:14  Det var berre Levi-ætti han ikkje gav noko odelsland; offerretterne åt Herren, Israels Gud, skulde vera deira odel, soleis som han hadde lova deim.
Josh NorSMB 13:15  Fyrst let Moses Rubens-sønerne og ættgreinerne deira få sin lut.
Josh NorSMB 13:16  Dei fekk landet nordanfor Aroer innmed Arnon og byen i dalen, og heile høgsletta kring Medba,
Josh NorSMB 13:17  Hesbon og alle byarne som til høyrde og låg på høgsletta: Dibon og Bamot-Ba’al og Bet-Ba’al-Meon
Josh NorSMB 13:19  og Kirjatajim og Sibma, og so Seret-Hassahar på berget i dalen
Josh NorSMB 13:20  og Bet-Peor og Pisgaliderne og Bet-ha-Jesjimot -
Josh NorSMB 13:21  alle byarne på høgsletta, og heile riket åt Sihon, amoritarkongen, som hadde kongssætet sitt i Hesbon. Det var han som Moses vann yver same gongen som han felte Midjans-hovdingarne, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, som var jarlarne åt Sihon og hadde bustad der i landet;
Josh NorSMB 13:22  og Bileam Beorsson, spåmannen, var og millom dei falne, deim som Israels-sønerne drap med sverdet.
Josh NorSMB 13:23  Fylkesdeilet åt Rubens-borni fylgde Jordanåi; ho var skifte. Dette var det landet Rubens-sønerne og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.
Josh NorSMB 13:24  So let Moses Gads-ætti, Gads-sønerne og ættgreinerne deira, få sin lut.
Josh NorSMB 13:25  Det dei fekk, var Jaser og alle byarne i Gilead og helvti av Ammonitarlandet alt til Aroer, som ligg midt for Rabba,
Josh NorSMB 13:26  so landet deira rakk frå Hesbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahanajim til Debirbygdi;
Josh NorSMB 13:27  og i dalen fekk dei Bet-Haram og Bet-Nimra og Sukkot og Safon, det som var att av riket åt Sihon, kongen i Hesbon. Alt dette låg på austsida av Jordan, og fylkesdeilet fylgde Jordan heilt upp til sudenden av Kinneretsjøen.
Josh NorSMB 13:28  Dette var det landet Gads-borni og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.
Josh NorSMB 13:29  Sidan gav Moses land åt halve Manasse-ætti, so dei og, den eine helvti av Manasse-sønerne og ættgreinene deira fekk sin lut.
Josh NorSMB 13:30  Dei fekk landet burtanfor Mahanajim: heile Basan, heile riket åt Og, kongen i Basan, og alle tjeldbyarne åt Ja’ir i Basan, seksti byar,
Josh NorSMB 13:31  og helvti av Gilead, og Astarot og Edre’i, kongebyarne åt Og i Basan. Alt dette fekk sønerne åt Makir, son åt Manasse, helvti av Makirs-borni og ættgreinerne deira.
Josh NorSMB 13:32  Dette var den odelsjordi Moses luta ut, på Moabmoarne austanfor Jordanåi, som renn frammed Jeriko.
Josh NorSMB 13:33  Men Levi-ætti gav han ikkje noko odelsland. Herren, Israels Gud, er deira odel, soleis som han hadde lova deim.