Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LUKE
Prev Up Next
Chapter 16
Luke NorSMB 16:1  Han sagde og til læresveinarne: «Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til honom og klaga på hushaldaren, og sagde at han øydde burt midelen hans.
Luke NorSMB 16:2  Då kalla han hushaldaren fyre seg og sagde til honom: «Kva er det no eg høyrer um deg? Gjer rekneskap for styringi di, for du kann ikkje standa fyre huset mitt lenger!»
Luke NorSMB 16:3  Hushaldaren tenkte med seg: «Kva skal eg gjera, sidan herren min segjer meg ut or tenesta? Eg orkar ikkje å grava, eg skjemmest ved å tigga.
Luke NorSMB 16:4  Jau, no veit eg kva eg vil gjera, so dei skal taka meg til seg når eg vert avsett!»
Luke NorSMB 16:5  So kalla han skuldmennerne åt herren sin til seg, ein for ein, og sagde til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?»
Luke NorSMB 16:6  «Hundrad anker olje,» svara han. «Her hev du skuldbrevet ditt,» sagde hushaldaren; «set deg ned og skriv snøgt: femti!»
Luke NorSMB 16:7  So spurde han ein annan: «Enn du, kor mykje er du skuldig?» - «Hundrad tunnor kveite,» svara han. «Her hev du skuldbrevet ditt; skriv: åtteti!» sagde hushaldaren.
Luke NorSMB 16:8  Og Herren rosa uærlege hushaldaren for di han hadde fare klokt åt. For denne verdsens born er klokare til å stella seg med sine jamlikar enn ljossens born er.
Luke NorSMB 16:9  Og eg segjer dykk: Vinn dykk vener med den urettferdige Mammon, so dei kann taka imot dykk i dei ævelege heimarne når han tryt!
Luke NorSMB 16:10  Den som er tru i smått, er og tru i stort, og den som er uærleg i smått, er og uærleg i stort.
Luke NorSMB 16:11  Hev de no ikkje vore true med den urettferdige Mammon, kven vil då tru den rette rikdomen åt dykk?
Luke NorSMB 16:12  Og hev de ikkje vore true med det som høyrer andre til, kven vil då gjeva dykk noko de sjølve kann eiga?
Luke NorSMB 16:13  Ingen tenar kann tena tvo herrar; for anten vil han hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvyrda hin. De kann ikkje tena både Gud og Mammon.»
Luke NorSMB 16:14  Alt dette høyrde farisæarane på, og pengekjære som dei var, frynte dei åt honom.
Luke NorSMB 16:15  Då sagde han til deim: «De er dei som fær folk til å tru at de er rettferdige; men Gud kjenner hjarta dykkar; for det som er høgt i folkeaugo, er ein styggedom for Gud.
Luke NorSMB 16:16  Lovi og profetarne rådde alt til Johannes kom; frå den tid hev fagnadbodet um Guds rike vore kunngjort, og kvar og ein bryt seg inn i det med magt.
Luke NorSMB 16:17  Men det vil lettare henda at himmelen og jordi forgjengst enn at ein einaste prikk i lovi fell burt.
Luke NorSMB 16:18  Kvar den som skil seg frå kona si og giftar seg med ei onnor, gjer hor, og den som gifter seg med ei fråskild, gjer hor.
Luke NorSMB 16:19  Det var ein gong ein rik mann; han klædde seg i purpur og fint lin, og heldt gaman og fest dag etter dag.
Luke NorSMB 16:20  Og ein fatig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår,
Luke NorSMB 16:21  og stunda etter å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen; men jamvel hundarne kom og sleikte såri hans.
Luke NorSMB 16:22  So hende det at den fatige døydde, og englarne bar honom av stad og lagde honom ved Abrahams barm. Den rike døydde og, og vart gravlagd.
Luke NorSMB 16:23  Som han no slo upp augo sine i helheimen, der han låg og pintest, ser han Abraham langt burte, og Lasarus innmed barmen hans.
Luke NorSMB 16:24  Då ropa han: «Fader Abraham, gjer sælebot på meg! Send Lasarus so han kann duppa fingertuppen sin i vatn og svala tunga mi! For eg lid fælt i den logen.»
Luke NorSMB 16:25  «Kom i hug, min son,» svara Abraham, «at du fekk det gode du ynskte deg i di livetid, og Lasarus like eins det som vondt var. Men no vert han trøysta her, og du lid vondt.
Luke NorSMB 16:26  Og attåt alt det er det lagt ein stor avgrunn millom oss og dykk, so dei som vil fara herifrå yver til dykk, dei kann ikkje; ikkje heller kann nokon koma derifrå yver til oss.»
Luke NorSMB 16:27  «So bed eg deg, fader,» sagde den rike, «at du vil senda han til farshuset mitt!
Luke NorSMB 16:28  Eg hev fem brør, lat honom vitna for deim, so ikkje dei og skal koma til denne pinslestaden!»
Luke NorSMB 16:29  «Dei hev Moses og profetarne,» svara Abraham; «dei kann høyra på deim.»
Luke NorSMB 16:30  «Å nei, fader Abraham!» sagde han; «men kjem nokon til deim frå dei daude, so gjer dei bot.»
Luke NorSMB 16:31  Då sagde Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetarne, so trur dei ikkje heller um nokon stend upp frå dei daude.»»