Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LUKE
Prev Up Next
Chapter 20
Luke NorSMB 20:1  Som han no ein dag lærde folket i templet og bar fram fagnadbodet, steig øvsteprestarne og dei skriftlærde upp, i hop med styresmennerne,
Luke NorSMB 20:2  og dei tala soleis til honom: «Seg oss: Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven var det som gav deg retten?»
Luke NorSMB 20:3  «Eg vil og spyrja dykk um ein ting,» svara han: «Seg de meg:
Luke NorSMB 20:4  Var dåpen åt Johannes frå himmelen, eller var det menneskjeverk?
Luke NorSMB 20:5  Då slo dei yver med seg sjølve og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom ikkje?»
Luke NorSMB 20:6  og svarar me: «Det var menneskjeverk,» so kjem heile folket til å steina oss i hel; for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.»
Luke NorSMB 20:7  So svara dei at dei visste ikkje kvar Johannes-dåpen var ifrå.»
Luke NorSMB 20:8  «Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette,» sagde Jesus.
Luke NorSMB 20:9  So tok han til å tala til folket og sagde deim ei likning: «Det var ein gong ein mann som stelte til ein vingard; den leigde han burt til brukarar, og so for han utanlands og vart burte i lang æva.
Luke NorSMB 20:10  Då rette tidi kom, sende han ein av sveinarne sine til brukarane, og kravde at dei skulde gjeva honom noko av det som var avla i vingarden. Men brukarane slo sveinen og sende honom burt att med tome hender.
Luke NorSMB 20:11  So sende han atter ein annan svein; den slo dei og, og hædde honom og sende honom burt att med henderne tome.
Luke NorSMB 20:12  Og endå ein tridje sende han; den for dei like eins med, slo honom til blods og kasta honom ut.
Luke NorSMB 20:13  «Kva skal eg no gjera?» sagde han som åtte vingarden. «Eg vil senda son min, han som eg elskar so høgt; kann henda dei hev age for honom!»
Luke NorSMB 20:14  Men då brukarane fekk sjå honom, lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Dette er ervingen! Lat oss slå han i hel, so me kann få arven!»
Luke NorSMB 20:15  So kasta dei honom ut or vingarden og slo honom i hel. Kva skal no vingardseigaren gjera med deim?
Luke NorSMB 20:16  Han skal koma og gjera ende på desse brukarane og lata andre få vingarden.» Då dei høyrde det, sagde dei: «Slikt må aldri henda!»
Luke NorSMB 20:17  Då såg han på deim og sagde: «Kva tyder då dette ordet i skrifti: «Den steinen byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein?»
Luke NorSMB 20:18  Kvar den som fell på den steinen, skal slå seg sund; men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.»
Luke NorSMB 20:19  Dei skriftlærde og øvsteprestarne vilde ha lagt hand på honom i same stund, men dei torde ikkje for folket; dei skyna at det var deim han meinte med likningi si.
Luke NorSMB 20:20  So gjætte dei på honom og sende folk ut som skulde lura på honom og låst vera lovlydige, so dei kunde fanga honom i ord, og so gjeva honom yver til styremagti og i henderne på landshovdingen.
Luke NorSMB 20:21  Dei sette fram eit spursmål for honom og sagde: «Meister, me veit at du talar og lærer rett og ikkje gjer skil på folk, men lærer Guds veg etter sanningi -
Luke NorSMB 20:22  er det rett at me legg skatt til keisaren, eller er det ikkje?»
Luke NorSMB 20:24  «Syn meg ein sylvmynt! Kva bilæte og namn er det han hev?» «Det er keisarens,» svara dei.
Luke NorSMB 20:25  «Vel,» sagde han til deim, «gjev so keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!»
Luke NorSMB 20:26  Soleis kunde dei ikkje fanga honom i noko ord so folket var vitne på det; dei undra seg berre yver svaret hans og tagde.
Luke NorSMB 20:27  So kom det nokre sadducæarar - det er dei som neittar at dei daude skal standa upp att - dei og sette fram eit spursmål for honom og sagde:
Luke NorSMB 20:28  «Meister, Moses hev skrive den lovi åt oss, at når ein gift mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.
Luke NorSMB 20:29  No var det ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona, men døydde barnlaus.
Luke NorSMB 20:31  og so den tridje, og sameleis alle sju; dei døydde og hadde ikkje born etter seg.
Luke NorSMB 20:33  Kven av deim skal no den kona høyra til i eit anna liv? For alle sju hev havt henne til kona.»
Luke NorSMB 20:34  Jesus svara: «Dei som liver her i verdi, dei gifter seg og vert burtgifte;
Luke NorSMB 20:35  men dei som vert haldne verdige til å nå hi verdi og standa upp att frå dei daude, dei korkje gifter seg eller vert burtgifte;
Luke NorSMB 20:36  dei kann heller ikkje døy meir; for dei er liksom englarne og er Guds born, av di dei hev stade upp att til eit nytt liv.
Luke NorSMB 20:37  Men at dei avlidne skal vekkjast upp att, det hev Moses og synt i soga um klungeren, der han kallar Herren Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.
Luke NorSMB 20:38  Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande; for alle er livande for honom.»
Luke NorSMB 20:39  Då tok nokre skriftlærde til ords og sagde: «No tala du vel, meister.»
Luke NorSMB 20:41  So sagde han til deim: «Korleis kann dei segja at Messias er Davids son?
Luke NorSMB 20:42  David segjer då sjølv i Salmeboki: «Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi,
Luke NorSMB 20:43  til eg dine fiendar fær til fotbenk for deg lagt!»»
Luke NorSMB 20:44  So kallar no David honom herre; korleis kann han då vera son hans?»
Luke NorSMB 20:45  Sidan tala han til læresveinarne og sagde so heile folket høyrde det:
Luke NorSMB 20:46  «Agta dykk for dei skriftlærde som likar å ganga ikring i side kjolar og gjerne vil helsast torgi og hava dei fremste sessarne i synagogorne og dei høgste sæti i gjestebod!
Luke NorSMB 20:47  dei som et upp huset for enkjor og for ei syn skuld held lange bøner. Dei skal få so mykje strengare dom.»