LUKE
Chapter 18
Luke | NorSMB | 18:2 | «I ein by,» sagde han, «var det ein gong ein domar, som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneskje. | |
Luke | NorSMB | 18:3 | I same byen var det ei enkja; ho kom jamleg til domaren og sagde: «Hjelp meg, so eg fær rett på motparten min!» | |
Luke | NorSMB | 18:4 | Lenge vilde han ikkje, men då det leid på, sagde han med seg: «Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje hev age for noko menneskje, | |
Luke | NorSMB | 18:5 | so vil eg like vel hjelpa denne enkja til retten sin, av di ho plågar meg so; elles kjem ho vel til slutt og legg til meg midt i syni!» | |
Luke | NorSMB | 18:7 | «skulde so ’kje Gud hjelpa sine utvalde til retten sin, dei som ropar til honom dag og natt, um han so drygjer det ut for deim? | |
Luke | NorSMB | 18:8 | Eg segjer dykk: Han skal hjelpa deim til retten sin, og det fort. Men når Menneskjesonen kjem, skal han då finna trui på jordi?» | |
Luke | NorSMB | 18:9 | Til nokre som trudde um seg sjølve at dei var rettferdige, og som vanvyrde alle andre, sagde han denne likningi: | |
Luke | NorSMB | 18:10 | «Det var ein gong tvo menner som gjekk upp i templet og vilde beda; den eine var ein farisæar, og den andre ein tollmann. | |
Luke | NorSMB | 18:11 | Farisæaren stelte seg upp for seg sjølv og bad soleis: «Eg takkar deg, Gud, for di eg ikkje er som anna folk, ein røvar, svikar, horkar, eller og som den tollmannen der! | |
Luke | NorSMB | 18:13 | Tollmannen stod langt undan; han vilde ikkje ein gong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sagde: Å Gud, ver meg syndaren nådig! | |
Luke | NorSMB | 18:14 | Eg segjer dykk: Han var rettferdiggjord då han gjekk heim til sitt hus, men hin ikkje; for kvar den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt, skal gjerast høg.» | |
Luke | NorSMB | 18:15 | Dei bar og småborni sine til honom, so han skulde røra ved deim. Då læresveinarne såg det, truga dei deim; | |
Luke | NorSMB | 18:16 | men Jesus kalla deim til seg og sagde: «Lat småborni koma til meg, og hindra deim ikkje! For Guds rike høyrer slike til. | |
Luke | NorSMB | 18:17 | Det segjer eg dykk for sant: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal på ingen måte koma inn i det.» | |
Luke | NorSMB | 18:18 | Ein synagoge-forstandar spurde honom: «Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit ævelegt liv?» | |
Luke | NorSMB | 18:20 | Du kjenner bodi: «Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! Du skal æra far din og mor di!»» | |
Luke | NorSMB | 18:22 | Då Jesus høyrde det sagde han: «Eitt vantar deg endå: sel alt det du hev, og byt det ut åt dei fatige, so fær du ein skatt i himmelen! Og kom so og fylg meg!» | |
Luke | NorSMB | 18:24 | Jesus såg det på honom og sagde: «Kor vandt det er for dei som hev gods og gull å koma inn i Guds rike! | |
Luke | NorSMB | 18:29 | Då sagde han til deim: «Det segjer eg dykk for sant: Det er ingen som hev skilt seg med hus eller kona eller brør eller foreldre eller born for Gudsriket skuld, | |
Luke | NorSMB | 18:30 | utan han skal få det att mangdubbelt i denne tidi, og i den verdi som kjem eit ævelegt liv.» | |
Luke | NorSMB | 18:31 | So kalla han dei tolv innåt seg og sagde til deim: «No fer me upp til Jerusalem, og alt det som profetarne hev skrive um Menneskjesonen, skal ganga fram: | |
Luke | NorSMB | 18:33 | og dei skal hudfletta honom og slå honom i hel, og tridje dagen skal han standa upp att.» | |
Luke | NorSMB | 18:34 | Men dei forstod ikkje noko av dette; det var dult for deim kva som låg i det ordet, og dei skyna ikkje det han sagde. | |
Luke | NorSMB | 18:39 | Dei som gjekk fyre, skjente på honom og sagde han skulde tegja; men han ropa berre endå meir: «Davids son, gjer sælebot på meg!» | |
Luke | NorSMB | 18:40 | Då stana Jesus og sagde at dei skulde leida den blinde hit til honom, og då han kom innåt, spurde han: | |