Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LUKE
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 23
Luke NorSMB 23:1  Då reiste dei seg, heile hopen, og førde honom til Pilatus,
Luke NorSMB 23:2  og bar fram klagemålet sitt mot honom. «Me hev kome etter at denne mannen forvillar folket vårt,» sagde dei; «han forbyd deim å gjeva keisaren skatt, og segjer at han er Messias, ein konge.»
Luke NorSMB 23:3  Då tok Pilatus til ords og spurde honom: «Er du kongen yver jødarne?» «Det er som du segjer,» svara han.
Luke NorSMB 23:4  Pilatus sagde til øvsteprestarne og folket: «Eg finn ingi skuld hjå denne mannen.»
Luke NorSMB 23:5  Då tok dei sterkare i og sagde: «Han øser upp folket med læra si i heile Jødeland; han tok til med det i Galilæa, og no hev han kome alt hit.»
Luke NorSMB 23:6  Då Pilatus høyrde det, spurde han um mannen var frå Galilæa,
Luke NorSMB 23:7  og so snart han vart vis med at han lydde under Herodes’ velde, sende han honom åt Herodes; for han var og i Jerusalem i dei dagarne.
Luke NorSMB 23:8  Herodes vart svært glad då han såg Jesus; han hadde lenge ynskt at han måtte få sjå honom; for han hadde høyrt mykje um honom og gjorde seg von um å få sjå eit teikn av honom.
Luke NorSMB 23:9  Han spurde honom um mangt og mykje, men Jesus svara ikkje eit ord.
Luke NorSMB 23:10  Øvsteprestarne og dei skriftlærde stod der og klaga på honom so sterkt dei kunde.
Luke NorSMB 23:11  Og Herodes med hermennerne sine svivyrde og hædde honom, kasta ei brikjeleg kåpa um honom og sende honom so attende til Pilatus.
Luke NorSMB 23:12  Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; fyrr hadde det vore fiendskap millom deim.
Luke NorSMB 23:13  So kalla Pilatus i hop øvsteprestarne og rådsherrarne og folket
Luke NorSMB 23:14  og dei sagde til deim: «De hev ført denne mannen fram for meg og skulda honom for at han leider folket på avveg. No hev eg lydt honom ut, so de hev høyrt på det, men eg hev ’kje funne honom saka i noko av det de klagar honom for.
Luke NorSMB 23:15  Og det hev ikkje Herodes heller; for eg sende dykk til honom. So kann de sjå, at han hev ikkje gjort noko, som han skulde lata livet for.
Luke NorSMB 23:16  Difor vil eg refsa honom og so gjeva honom fri.»
Luke NorSMB 23:17  Men han laut gjeva deim ein fange fri i høgtidi.
Luke NorSMB 23:18  Då ropa dei alle som ein; «Burt med honom! Gjev oss Barabbas fri!»
Luke NorSMB 23:19  - so heitte ein som var sett i fengsel for eitt upprør som hadde brote ut i byen, og for manndråp -.
Luke NorSMB 23:20  På nytt tala Pilatus til deim; for han vilde gjerne gjeva Jesus fri.
Luke NorSMB 23:21  Men dei ropa imot: «Krossfest honom, krossfest honom!»
Luke NorSMB 23:22  So tala han til deim tridje gongen og sagde: «Kva vondt hev han då gjort, denne mannen? Eg hev ’kje funne honom saka i noko som han kann dømast frå livet for. Difor vil eg refsa honom og so gjeva honom fri.»
Luke NorSMB 23:23  Men dei braut på, og kravde med høge rop at han skulde krossfestast, og ropi deira fekk yvertaket.
Luke NorSMB 23:24  Då dømde Pilatus so at det skulde vera som dei kravde.
Luke NorSMB 23:25  Han løyste den som sat fengsla for upprør og manndråp, den som dei bad um, men gav Jesus yver til deim, so dei kunde gjera med honom som dei vilde.
Luke NorSMB 23:26  Då dei førde honom burt, tok dei fat på ein mann som kom frå marki; han heitte Simon, og var frå Kyrene; honom lagde dei krossen på, so han skulde bera honom etter Jesus.
Luke NorSMB 23:27  Ein stor folkehop fylgde honom; bland deim var det mange kvinnor, som øya og gret for hans skuld.
Luke NorSMB 23:28  Jesus snudde seg åt deim og sagde: «Jerusalems døtter, gråt ikkje yver meg! Gråt heller yver dykk sjølve og borni dykkar!
Luke NorSMB 23:29  For det kjem dagar då dei skal segja: «Sæle dei som aldri bar barn under beltet! Sælt det livet som aldri hev født, og det brjostet som aldri hev fostra!»
Luke NorSMB 23:30  Då kjem dei til å segja til fjelli: «Fall yver oss!» og til haugarne: «Gøym oss!»
Luke NorSMB 23:31  For fer dei so med det grøne treet, korleis skal det då ganga med det turre?»
Luke NorSMB 23:32  Tvo andre, tvo illgjerningsmenn, vart og førde av stad saman med honom og skulde lata livet.
Luke NorSMB 23:33  Då dei kom til den staden som kallast Skallen, krossfeste dei honom der, og like eins illgjerningsmennerne, den eine på høgre og den andre på vinstre sida.
Luke NorSMB 23:34  Men Jesus sagde: «Fader, forlat deim, for dei veit ikkje kva dei gjer!» So skifte dei klædi hans millom seg og drog strå um deim.
Luke NorSMB 23:35  Folket stod og såg på; og rådsherrarne spotta og sagde: «Han hev hjelpt andre, no kann han hjelpa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde!»
Luke NorSMB 23:36  Hermennerne gjorde narr av honom; dei gjekk fram og rette honom eddik og sagde:
Luke NorSMB 23:37  «Er du kongen yver jødarne, so hjelp deg sjølv!»
Luke NorSMB 23:38  Og uppyver honom var det ei innskrift: «Dette er kongen yver jødarne.»
Luke NorSMB 23:39  Ein av illgjerningsmennerne som hekk der, hædde honom og sagde: «Er ’kje du Messias? - hjelp deg sjølv og oss!»
Luke NorSMB 23:40  Då tok den andre til ords, og skjemde på honom og sagde: «Ottast ikkje du heller Gud, du som er under same domen?
Luke NorSMB 23:41  Og det er me med rette; for me fær berre lika for det me hev gjort. Men han hev ikkje gjort noko urett.
Luke NorSMB 23:42  Jesus,» sagde han, «kom meg i hug når du kjem i ditt rike!»
Luke NorSMB 23:43  «Det segjer eg deg for visst,» svara Jesus: «I dag skal du vera med meg i paradis.»
Luke NorSMB 23:44  Det var no kring den sette timen; då vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen,
Luke NorSMB 23:45  og soli svartna. Forhenget i templet rivna midt i tvo.
Luke NorSMB 23:46  Og Jesus ropa med høg røyst: «Fader, i dine hender gjev eg mi ånd!» Då han hadde sagt det, andast han.
Luke NorSMB 23:47  Då hovudsmannen såg det som hende, lova han Gud og sagde: «Den mannen var sanneleg skuldlaus!»
Luke NorSMB 23:48  Og heile folkemengdi som hadde samla seg for å sjå på dette, øya seg og gjekk burt att då dei såg kva som hende.
Luke NorSMB 23:49  Men alle venerne hans, og dei kvinnorne som hadde fylgt honom frå Galilæa, stod langt undan og såg på.
Luke NorSMB 23:50  Det var ein mann som heitte Josef, ein god og rettvis mann; han høyrde til det Høge Rådet,
Luke NorSMB 23:51  men hadde ikkje vore med på rådi og gjerningarne deira; han åtte heime i Arimatæa, ein by i Jødeland, og var ein av deim som venta på Guds rike -
Luke NorSMB 23:52  den mannen gjekk til Pilatus og bad um likamen åt Jesus,
Luke NorSMB 23:53  tok honom ned, sveipte honom i lin og lagde honom i ei grav som var hoggi i berget, og som det endå ikkje var lagd nokon i.
Luke NorSMB 23:54  Det var då fyrebuingsdagen, og kviledagen var i kjømdi.
Luke NorSMB 23:55  Nokre av dei kvinnorne som hadde vore med han frå Galilæa, fylgde etter; dei skoda gravi og såg korleis likamen hans vart lagd.
Luke NorSMB 23:56  So gjekk dei heim att og laga til angande kryddor og salvar. Kviledagen heldt dei seg i ro etter lovi.