Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LUKE
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 5
Luke NorSMB 5:1  Ein gong stod han nedmed Gennesaretsjøen, og folket trengde seg um honom og lydde på Guds ord;
Luke NorSMB 5:2  då vart han var tvo båtar som låg ved strandi; fiskarane hadde gjenge utor deim og stod og skylde garni sine.
Luke NorSMB 5:3  Han steig ut i ein av båtarne, som høyrde Simon til, og bad honom leggja eit lite stykke frå land; so sette han seg og lærde folket frå båten.
Luke NorSMB 5:4  Då han hadde halde upp å tala, sagde han til Simon: «Legg ut på djupet og set ut garni dykkar, so de kann få fisk!»
Luke NorSMB 5:5  «Meister, me hev stræva i heile natt og ingen ting fenge,» svara Simon; «men på ditt ord vil eg setja ut garni.»
Luke NorSMB 5:6  So gjorde dei det, og då stengde dei slik ein brote med fisk at garni heldt på og skulde rivna.
Luke NorSMB 5:7  Då vitta dei til lagsmennerne sine i hin båten, at dei skulde koma og taka i med deim, og då dei kom, fyllte dei båe båtarne, so det var nære på dei sokk.
Luke NorSMB 5:8  Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sagde: «Gakk burt frå meg, Herre! Eg er ein syndug mann.»
Luke NorSMB 5:9  For det kom ein støkk på honom og alle deim som var med honom, for skuld all fisken dei hadde sanka;
Luke NorSMB 5:10  og like eins var det med Jakob og Johannes, sønerne åt Sebedæus, som var lagsbrørne åt Simon. Men Jesus sagde til Simon: «Ver ikkje rædd! Heretter skal du fanga menneskje.»
Luke NorSMB 5:11  So rodde dei båtarne til lands og gjekk ifrå alt og fylgde honom.
Luke NorSMB 5:12  Ein gong som han var i ein av byarne, var det der ein mann som var full av spillsykja; med same han såg Jesus, kasta han seg å gruve og bad: «Herre, dersom du vil, kann du gjera meg rein!»
Luke NorSMB 5:13  Jesus rette ut handi og tok burtpå honom og sagde: «Eg vil; ver rein!» Og med ein gong gjekk spillsykja av honom.
Luke NorSMB 5:14  Jesus sagde til honom at han ikkje måtte segja det med nokon: «Men gakk og te deg for presten, og ber fram offer for reinsingi di, etter det som Moses hev sagt, so du kann vitna for deim.»
Luke NorSMB 5:15  Men ordet um honom for berre so mykje vidare utyver, og folk kom i flokk og fylgje og vilde høyra på honom og lækjast for sjukdomarne sine.
Luke NorSMB 5:16  Sjølv heldt han seg avsides i øydemarkerne og bad.
Luke NorSMB 5:17  Ein dag heldt han på og lærde folket, og der sat det farisæarar og lovlærarar, som var komne frå kvar grend i Galilæa og Judæa og frå Jerusalem, og Herrens kraft var yver honom og gav honom magt til å lækja.
Luke NorSMB 5:18  Då kom nokre menner berande med ein som låg i ei seng og var lam; dei vilde bera honom inn og setja honom ned framfyre Jesus,
Luke NorSMB 5:19  men såg seg ingi råd til å koma inn med honom for folkestimen. So gjekk dei upp på taket og fira honom med sengi ned millom taksteinarne, midt framfyre Jesus.
Luke NorSMB 5:20  Då Jesus såg trui deira, sagde han: «Synderne dine er tilgjevne, mann!»
Luke NorSMB 5:21  Då tok dei skriftlærde og farisæarane til å tenkja med seg: «Kva er dette for ein, som talar spottarord mot Gud? Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?»
Luke NorSMB 5:22  Men Jesus skyna kva dei tenkte; han tok til ords og sagde til deim: «Kva er det for tankar de hyser i hjarta?
Luke NorSMB 5:23  Kva er lettast: å segja: «Synderne dine er tilgjevne!» eller å segja: «Statt upp og gakk!»
Luke NorSMB 5:24  Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi, so segjer eg deg» - sagde han til den lame -: «Statt upp, tak sengi di og gakk heim!»
Luke NorSMB 5:25  Og med ein gong stod han upp, midt for augo deira, tok lega si og gjekk heim att, alt med han lova Gud.
Luke NorSMB 5:26  Då vart dei alle so tekne at dei var reint frå seg; dei lova Gud og vart fulle av otte og sagde: «I dag hev me set utrulege ting.»
Luke NorSMB 5:27  So gjekk han ut att. Då fekk han sjå ein tollmann som heitte Levi; han sat på tollbudi. Jesus sagde til honom: «Fylg meg!»
Luke NorSMB 5:28  Då let han alle ting vera og stod upp og fylgde Jesus.
Luke NorSMB 5:29  Levi gjorde eit stort gjestebod for honom i huset sitt; der var det ein heil flokk med tollmenner og andre, som sat til bords med deim.
Luke NorSMB 5:30  Og farisæarane og dei skriftlærde som fylgdest med deim, murra og sagde til læresveinarne hans: «Kvifor et og drikk de i lag med tollmenner og syndarar?»
Luke NorSMB 5:31  Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Dei friske treng ikkje lækjar, men det gjer dei som sjuke er.
Luke NorSMB 5:32  Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til umvending.»
Luke NorSMB 5:33  So sagde dei til honom: «Læresveinarne åt Johannes fastar tidt og ofte og held bøn, og det same gjer læresveinarne åt farisæarane, men dine læresveinar et og drikk!»
Luke NorSMB 5:34  Jesus svara: «Kann de få brudlaupsfolket til å fasta med dei hev brudgomen hjå seg?
Luke NorSMB 5:35  Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; når den tidi kjem, då skal dei fasta.»
Luke NorSMB 5:36  Han sagde deim og ei likning: «Ingen riv eit stykke av ein ny kjole og hev det til bot på ein gamall; for då riv han ikkje berre den nye kjolen sund, men boti som han tok av den nye kjolen, høver ikkje på den gamle.
Luke NorSMB 5:37  Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; for då sprengjer den nye vinen flaskorne, og vinen renn ut, og flaskorne forferst.
Luke NorSMB 5:39  Og ingen som hev drukke gamall vin, hev hug på ny vin. «Den gamle er best!» segjer han.»