LUKE
Chapter 17
Luke | NorSMB | 17:1 | Sidan sagde han til læresveinarne sine: «Det er uråd anna enn det lyt koma freistingar, men ve yver den som dei kjem ifrå! | |
Luke | NorSMB | 17:2 | Han var betre faren det låg ein kvernstein um halsen hans og han var kasta i havet, enn at han skulde freista ein av desse små. | |
Luke | NorSMB | 17:3 | Tak dykk i vare! Syndar bror din, so tala til honom, og angrar han, so tilgjev honom! | |
Luke | NorSMB | 17:4 | Um han syndar mot deg sju gonger um dagen, og sju gonger kjem attende til deg og segjer: «Eg angrar!» so skal du tilgjeva honom.» | |
Luke | NorSMB | 17:6 | «Hev de tru som eit senapskorn,» svara Herren, «so kunde de segja til dette morbærtreet: «Rykk deg upp og røt deg i havet!» og det skulde lyda dykk. | |
Luke | NorSMB | 17:7 | Um nokon av dykk hev ein dreng som pløgjer eller gjæter, segjer han då til honom når han kjem heim frå marki: «Kom straks og set deg til bords?» | |
Luke | NorSMB | 17:8 | Segjer han ’kje heller: «Stell til kveldsmaten åt meg, bind livgjordi um deg, og gakk meg til handa med eg et og drikk! Sidan kann du eta og drikka?» | |
Luke | NorSMB | 17:10 | Soleis de og; når de hev gjort alt som var sagt dykk, so seg: «Me er uturvande tenarar! Me hev ’kje gjort anna enn det som var skyldnaden vår.»» | |
Luke | NorSMB | 17:12 | bar det so til at han gjekk inn i ein liten by, og der kom det imot han ti menner som hadde spillsykja; dei vart standande eit langt stykke undan, | |
Luke | NorSMB | 17:14 | Då Jesus vart var deim, sagde han til deim: «Gakk og te dykk fram for prestarne!» Og med dei var på vegen, hende det at dei vart reine. | |
Luke | NorSMB | 17:20 | Farisæarane spurde honom ein gong når Guds rike skulde koma. Då svara han deim so: «Guds rike kjem ikkje so at ein kann sjå det for augo. | |
Luke | NorSMB | 17:21 | Ein kann ikkje heller segja: «Sjå her er det!» eller: «Der er det!» For Guds rike, det er inni dykk.» | |
Luke | NorSMB | 17:22 | Sidan sagde han til læresveinarne: «Det kjem ei tid då de skal stunda etter å sjå ein av dei dagarne då Menneskjesonen råder, men de skal ikkje få sjå det. | |
Luke | NorSMB | 17:23 | Dei kjem til å segja til dykk: «Sjå der er han! Sjå her!» Gakk ikkje der burt, og fylg ikkje etter deim! | |
Luke | NorSMB | 17:24 | For liksom ljonet, når det kjem, skin frå himmelbrun til himmelbrun, soleis skal det vera med Menneskjesonen den dagen han kjem. | |
Luke | NorSMB | 17:26 | Og som det var i Noahs dagar, so skal det og vera den tidi då Menneskjesonen kjem: | |
Luke | NorSMB | 17:27 | dei åt, dei drakk, dei gifte seg, dei vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki; då kom storflodi og tynte alle i hop. | |
Luke | NorSMB | 17:28 | Eller som det var i Lots dagar: dei åt, dei drakk, dei kjøpte, dei selde, dei planta, dei bygde; | |
Luke | NorSMB | 17:29 | men den dagen då Lot tok ut frå Sodoma, regnde det eld og svåvel frå himmelen og tynte deim alle. | |
Luke | NorSMB | 17:31 | Er nokon den dagen uppå taket og hev sine ting nedi huset, so må han ikkje ganga ned og henta deim; og er nokon utpå marki, so må han ikkje venda um. | |
Luke | NorSMB | 17:33 | Den som freister å berga livet sitt, skal missa det, og den som misser det, skal vinna det att. | |
Luke | NorSMB | 17:34 | Eg segjer dykk: Den natti skal det liggja tvo i ei seng; den eine skal hentast, og hin setjast att. | |