LUKE
Chapter 8
Luke | NorSMB | 8:1 | I den tidi som no fylgde på, for han kring i landet, frå by til by og frå grend til grend, og tala for folket og bar ut fagnadbodet um Gudsriket. Dei tolv var med honom, | |
Luke | NorSMB | 8:2 | og like eins nokre kvinnor som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar; det var Maria, Magdalena dei kalla, som sju djevlar hadde fare utor, | |
Luke | NorSMB | 8:3 | og Johanna, kona åt Kuzas, ein av futarne åt Herodes, og Susanna, og mange andre, som var deim til hjelp med det dei hadde. | |
Luke | NorSMB | 8:4 | Som det no samla seg mykje folk, og dei kom til honom frå byarne rundt ikring, sagde han i ei likning: | |
Luke | NorSMB | 8:5 | «Ein såmann gjekk ut og skulde så sædet sitt. Og då han sådde, fall noko frammed vegen og vart nedtrakka, og fuglarne i lufti åt det upp. | |
Luke | NorSMB | 8:8 | Sumt fall i god jord, og då det voks upp, gav det grøda i hundrad foll.» Som han sagde det, ropa han: «Høyr etter, kvar som høyra kann!» | |
Luke | NorSMB | 8:10 | Då sagde han: «De fer vita løyndomarne i Guds rike, men dei andre fær høyra deim i likningar, so um dei ser, skal dei ’kje sjå, og um dei høyrer, skal dei ikkje håtta. | |
Luke | NorSMB | 8:12 | Dei frammed vegen er dei som høyrer ordet; so kjem djevelen og tek det burt or hjarta deira, so dei ikkje skal tru og verta frelste. | |
Luke | NorSMB | 8:13 | Dei på berget er dei som tek imot ordet med gleda når dei høyrer det; men dei hev ikkje rot; dei trur for eit bil, men i freistingsstundi fell dei frå. | |
Luke | NorSMB | 8:14 | Det som fall millom klungeren, det er dei som høyrer det, men so gjeng burt og vert kjøvde i suter og rikdom og verdsleg lyst, so dei ikkje ber fullmogi grøda. | |
Luke | NorSMB | 8:15 | Men det i den gode jordi, det er dei som høyrer ordet og gøymer det i eit vænt og godt hjarta, og ber grøda i tolmod. | |
Luke | NorSMB | 8:16 | Ingen kveikjer eit ljos og gøymer det under eit kjer eller set det under ei seng; alle set det i ein stake, so dei som kjem inn, kann sjå ljosken. | |
Luke | NorSMB | 8:17 | For det finst ingen ting som er løynt og ikkje ein gong vert berrsynt, og ingen ting som er dult og ikkje ein gong vert kunnigt og kjem fram i dagen. | |
Luke | NorSMB | 8:18 | Sjå då til korleis de høyrer! For den som hev, han skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han tykkjest hava.» | |
Luke | NorSMB | 8:19 | Mor hans og brørne hans kom ein gong og vilde finna honom, men kunde ikkje koma innåt honom for folkestimen. | |
Luke | NorSMB | 8:21 | Han svara: «Mor mi og brørne mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.» | |
Luke | NorSMB | 8:22 | Ein dag bar det so til at han steig ut i ein båt. Læresveinarne var med, og han sagde til deim: «Lat oss fara yver til hi sida av vatnet!» So lagde dei utpå, | |
Luke | NorSMB | 8:23 | og med dei siglde, sovna han. Og det for ein kvervelvind ned på vatnet, so båten gjekk full, og dei var i fåre. | |
Luke | NorSMB | 8:24 | Då gjekk dei burt til honom og vekte honom og sagde: «Meister, meister, me gjeng under!» Jesus reis upp og aga vinden og bårorne, so dei lagde seg, og det vart blikende stilt. | |
Luke | NorSMB | 8:25 | So sagde han til deim: «Kvar er trui dykkar?» Men dei var fulle av otte og undring, og sagde seg imillom: «Kven tru han er, denne mannen som jamvel vindarne og vatnet lyder når han talar til deim?» | |
Luke | NorSMB | 8:27 | Då han steig i land, kom ein mann frå byen imot honom. Mannen var forgjord; det var vonde ånder i honom. Han hadde ikkje på lenge havt klæde på seg, og bia ikkje i hus, men heldt seg i gravholorne. | |
Luke | NorSMB | 8:28 | Då han såg Jesus, sette han i og hua; so kasta han seg ned for føterne hans og sagde med høg røyst: «Kva vil du meg, Jesus, son åt den høgste Gud? Eg bed deg at du ikkje vil pina meg!» | |
Luke | NorSMB | 8:29 | For Jesus sagde til den ureine åndi at ho skulde fara ut or mannen; for ho hadde gripe honom mange vendor - då batt dei honom med lekkjor og fotjarn, og heldt vakt yver honom; men han reiv sund bandi, og den vonde åndi dreiv honom ut i øydemarkerne -. | |
Luke | NorSMB | 8:30 | «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion,» svara han; for det hadde fare mange ånder i honom, | |
Luke | NorSMB | 8:32 | No var det der ein stor flokk med svin som gjekk og beitte i fjellet; so bad ånderne at han vilde gjeva deim lov til å fara inn i svini, og det gav han deim lov til. | |
Luke | NorSMB | 8:33 | Då for dei ut or mannen, og for i svini; og heile flokken sette utyver stupet ned i vatnet og druknast. | |
Luke | NorSMB | 8:34 | Då gjætarane såg kva som hende, rømde dei, og sagde frå um det i byen og på gardarne. | |
Luke | NorSMB | 8:35 | Då gjekk folk ut og vilde sjå kva som hendt var. Då dei so kom til Jesus, fekk dei sjå at mannen som dei vonde ånderne hadde fare ut or, sat klædd nedmed føterne hans, og var med sitt fulle vit. Då vart dei forfærde; | |
Luke | NorSMB | 8:37 | kom heile ålmugen frå bygderne der ikring, Gerasenar-bygderne, og bad at han vilde fara burt ifrå deim; for dei var so tekne av otte. So gjekk han i båten og for attende. | |
Luke | NorSMB | 8:38 | Mannen som ånderne hadde fare ut or, bad um han måtte vera hjå honom; men Jesus sende honom frå seg og sagde: | |
Luke | NorSMB | 8:39 | «Gakk heim att, og fortel kor mykje Gud hev gjort for deg.» So gjekk mannen og tala kring i heile byen um alt det Jesus hadde gjort for honom. | |
Luke | NorSMB | 8:41 | Best det var, kom det ein mann som heitte Jairus, og var forstandar for synagoga; han kasta seg ned for Jesu føter og bad honom koma heim til seg; | |
Luke | NorSMB | 8:42 | for han hadde ei dotter som var um lag tolv år; ho var einaste barnet hans, og no låg ho og drogst med dauden. Som no Jesus gjekk i veg, trengde folket seg um honom på alle kanter. | |
Luke | NorSMB | 8:43 | Millom deim var det ei kvinna som hadde havt blodflod i tolv år; ho hadde øydt heile midelen sin på lækjarar, men ingen hadde vore god til å gjera henne frisk; | |
Luke | NorSMB | 8:44 | ho gjekk innåt honom attantil og tok i ein av duskarne på kjolen hans, og med ein gong stana blodflodi. | |
Luke | NorSMB | 8:45 | «Kven var det som tok i meg?» spurde Jesus. Alle neitta, og Peter og felagarne hans sagde: «Meister, det er folket som trykkjer og trengjer deg!» | |
Luke | NorSMB | 8:46 | «Det var ein som tok i meg,» sagde Jesus; «for eg kjende at det for ei kraft ut ifrå meg.» | |
Luke | NorSMB | 8:47 | Då kvinna såg at det ikkje var dult det ho hadde gjort, kom ho skjelvande og kasta seg ned for honom og fortalde, so heile folket høyrde det, kvifor ho hadde teke i honom, og korleis ho hadde vorte god att med ein einaste gong. | |
Luke | NorSMB | 8:48 | Då sagde han til henne: «Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim, og liv sæl!» | |
Luke | NorSMB | 8:49 | Fyrr han hadde tala ut, kjem det ein frå heimen åt synagoge-forstandaren og segjer: «Dotter di hev slokna. Umaka ikkje meisteren lenger!» | |
Luke | NorSMB | 8:50 | Då Jesus høyrde det, tok han til ords og sagde til honom: «Ottast ikkje! Berre tru, so skal ho verta berga!» | |
Luke | NorSMB | 8:51 | Då han so kom til huset, let han ingen få ganga inn med seg utan Peter og Johannes og Jakob og far og mor åt barnet. | |
Luke | NorSMB | 8:52 | Alle gret og jamra yver henne; men han sagde: «Gråt ikkje! Ho hev ikkje slokna; ho søv.» | |
Luke | NorSMB | 8:55 | Då kom åndi hennar att, og ho reis upp med ein gong; og han sagde med deim at dei skulde gjeva henne mat. | |