Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LUKE
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 9
Luke NorSMB 9:1  Jesus kalla i hop dei tolv, og gav deim magt og velde yver alle vonde ånder, og til å lækja sjukdomar.
Luke NorSMB 9:2  So sende han deim ut, so dei skulde forkynna Guds rike og gjera sjuke gode att,
Luke NorSMB 9:3  og han sagde til deim: «Tak ingen ting med dykk på vegen, ikkje stav, ikkje skreppa, ikkje brød, ikkje pengar! Ikkje heller skal de hava tvo trøyor!
Luke NorSMB 9:4  Når de kjem inn i eit hus, so ver der, og flytt ikkje ifrå att, fyrr de fer lenger!
Luke NorSMB 9:5  Men er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk, so far burt frå den bygdi, og rist dusti av føterne dykkar! Det skal vera eit vitnemål mot deim.»
Luke NorSMB 9:6  So tok dei ut og for ikring frå grend til grend og forkynte evangeliet, og lækte folk kvar dei kom.
Luke NorSMB 9:7  Herodes, fylkeskongen, fekk høyra um alt det som hende; då visste han ikkje kva han skulde tru; for sume sagde: «Johannes er vekt upp frå dei daude!»
Luke NorSMB 9:8  sume: «Elia hev synt seg!» andre: «Ein av dei gamle profetarne hev stade upp att!»
Luke NorSMB 9:9  «Johannes hev eg hogge hovudet av,» sagde Herodes; «kva er so dette for ein, som eg høyrer sovore um?» Og han freista å få sjå honom.
Luke NorSMB 9:10  Då apostlarne kom att, fortalde dei Jesus alt dei hadde gjort. Då tok han deim med seg burt til ein by som heiter Betsaida, og vilde vera åleine med deim.
Luke NorSMB 9:11  Men folket fekk vita det og fylgde etter honom; og han tok vel imot deim og tala til deim um Guds rike, og lækte deim som lækjedom trong.
Luke NorSMB 9:12  Då dagen tok til å halla, gjekk dei tolv fram til honom og sagde: «Send folket frå deg, so dei kann ganga til grenderne og gardarne her ikring og koma i hus og få seg noko til å liva av! For her er me på ein øydestad.»
Luke NorSMB 9:13  «Gjev de deim mat!» svara han. «Me hev ’kje meir enn fem brødleivar og tvo fiskar,» sagde dei; «eller skal me ganga ’stad og kjøpa mat åt alt dette folket?»
Luke NorSMB 9:14  - det var um lag fem tusund mann. Då sagde han til læresveinarne: «Lat deim setja seg ned i bordlag på ikring femti mann!»
Luke NorSMB 9:16  So tok han dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne, og såg upp imot himmelen og velsigna deim, og han braut deim i molar og gav det til læresveinarne, so dei skulde setja det fram for folket.
Luke NorSMB 9:17  So åt dei; og alle vart mette; og då det vart samla upp det som vart att etter deim, var det tolv korger fulle med molar.
Luke NorSMB 9:18  Ein gong som han var åleine og bad, og læresveinarne var med honom, spurde han deim: «Kven segjer folk at eg er?»
Luke NorSMB 9:19  «Johannes døyparen,» svara dei; «men sume segjer: «Elia,» og sume at ein av dei gamle profetarne hev stade upp att.»
Luke NorSMB 9:20  «Kven segjer då de at eg er?» spurde han. Då tok Peter til ords og sagde: «Guds Messias!»
Luke NorSMB 9:21  Men det forbaud han deim strengt å tala til nokon um.
Luke NorSMB 9:22  Og han sagde: «Menneskjesonen lyt lida mykje; styresmennerne og øvsteprestarne og dei skriftlærde kjem til å vanda honom, og han lyt lata livet; men tridje dagen skal han vekkjast upp att.»
Luke NorSMB 9:23  So sagde han til alle: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv og dag for dag taka krossen sin upp og fylgja etter meg.
Luke NorSMB 9:24  For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, han skal berga det.
Luke NorSMB 9:25  Kva gagnar det ein mann, um han vinn heile verdi, men øyder eller taper seg sjølv?»
Luke NorSMB 9:26  «For den som skjemmest ved meg og ordi mine, han skal Menneskjesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen som skin kring honom og Faderen og dei heilage englarne.
Luke NorSMB 9:27  Men det segjer eg dykk med sannom: Det er sume av deim som her stend som ikkje skal smaka dauden fyrr dei fær sjå Guds rike.
Luke NorSMB 9:28  Um lag åtte dagar etter han hadde tala desse ordi, hende det at han tok Peter og Johannes og Jakob med seg og gjekk upp i fjellet og vilde beda.
Luke NorSMB 9:29  Og medan han bad, fekk andlitet hans ein annan dåm, og klædnaden hans vart kvit og blenkte som ljonet.
Luke NorSMB 9:30  Og best det var, stod det tvo menner og tala med honom; det var Moses og Elia;
Luke NorSMB 9:31  dei synte seg i herlegdom, og tala um hans burtgang, som han skulde fullføra i Jerusalem.
Luke NorSMB 9:32  Peter og felagarne hans var tunge av svevn; men då dei vakna, såg dei herlegdomen som lyste frå Jesus, og såg dei tvo mennerne som stod innmed honom.
Luke NorSMB 9:33  Då so dei skulde skiljast med honom, sagde Peter til Jesus: «Meister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hyttor, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia!» - han visste ikkje kva han sagde.
Luke NorSMB 9:34  Med han tala soleis, kom det ei sky og skygde yver deim, og dei vart rædde då dei kom inn i skyi.
Luke NorSMB 9:35  Då kom det ei røyst utor skyi: «Dette er son min, han som eg hev kåra meg ut! Honom skal de høyra på!»
Luke NorSMB 9:36  Men då røysti kom, var det ingen å sjå utan Jesus. Dei tagde med dette og tala ikkje den gongen til nokon um noko av det dei hadde set.
Luke NorSMB 9:37  Dagen etter, då dei var komne ned av fjellet, kom ein stor folkehop imot honom.
Luke NorSMB 9:38  Best det var, ropa ein mann utor hopen: «Meister, eg bed deg: Sjå til son min; han er einaste barnet mitt!
Luke NorSMB 9:39  Rett som det er, grip ei ånd honom, og brått set han i og huar; og åndi slit honom til fraudi stend kring munnen på honom; det er med naudi ho vil sleppa guten, og då gjer ho mest ende på honom;
Luke NorSMB 9:40  eg bad læresveinarne dine at dei vilde driva henne ut; men dei kunde ikkje.»
Luke NorSMB 9:41  Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk og tola dykk? Kom hit med son din!»
Luke NorSMB 9:42  Fyrr guten kunde nå fram til Jesus, reiv åndi og sleit i honom. Men Jesus truga den ureine åndi og gjorde guten god att, og gav honom att åt faren.
Luke NorSMB 9:43  Og alle var tekne av age og undring yver Guds velde.
Luke NorSMB 9:44  Med alle var upp i under yver alt det han gjorde, sagde han til læresveinarne sine: «Høyr vel etter desse ordi, og legg deim på minne: Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender!»
Luke NorSMB 9:45  Men dei skyna ikkje det ordet; det var dult for deim, so dei ikkje fekk tak på det, og dei torde ikkje spyrja honom um det.
Luke NorSMB 9:46  Det kom ein tanke upp i deim um kven av deim som var størst.
Luke NorSMB 9:47  Men Jesus visste kva tankar dei bar i hjarta; han tok eit lite barn og sette innmed seg
Luke NorSMB 9:48  og sagde til deim: «Den som tek imot dette barnet for mitt namn skuld, han tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg. For den som er minst av dykk alle, han er stor.»
Luke NorSMB 9:49  Då tok Johannes til ords og sagde: «Meister, me såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud honom det, for di han ikkje er i fylgje med oss.»
Luke NorSMB 9:50  «De skal ikkje forbjoda det,» svara Jesus; «for den som ikkje er imot dykk, er med dykk.»
Luke NorSMB 9:51  Då det leid mot den tidi at han skulde takast upp til Gud, vende han augo sine stødt mot Jerusalem; for dit etla han seg.
Luke NorSMB 9:52  Han sende bod fyre seg; men då ærendsveinarne hans kom til ei samaritanar-grend og skulde tinga hus åt honom,
Luke NorSMB 9:53  vilde folket ikkje taka imot honom, for di han var på veg til Jerusalem.
Luke NorSMB 9:54  Då Jakob og Johannes, læresveinarne hans, såg det, sagde dei: «Herre, vil du me skal segja at det skal fara eld ned frå himmelen og øyda deim, soleis som Elia gjorde?»
Luke NorSMB 9:55  Då snudde han seg og tala strengt til deim og sagde: «Veit det ’kje kva ånd de er av?
Luke NorSMB 9:56  Menneskjesonen er ikkje komen for å øyda menneskjeliv, men for å frelsa.» So gjekk dei til ei onnor grend.
Luke NorSMB 9:57  Med dei for etter vegen, var det ein som sagde til honom: «Eg vil fylgja deg, kvar du so fer!»
Luke NorSMB 9:58  Jesus svara: Revarne hev hi, og fuglarne i lufti hev reir, men Menneskjesonen hev ingen stad han kann halla sitt hovud nedpå.»
Luke NorSMB 9:59  Til ein annan sagde han: «Fylg meg!» «Herre,» svara han, «lat meg fyrst få ganga heim og jorda far min.»
Luke NorSMB 9:60  «Lat dei daude jorda sine daude,» sagde Jesus, «men gakk du i veg og forkynn Guds rike!»
Luke NorSMB 9:61  Det var ein annan og som sagde: «Eg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst få beda farvel med deim som heime er!»
Luke NorSMB 9:62  Jesus svara: «Ingen som hev lagt handi på plogen, og so ser attum seg, høver for Guds rike.»