Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LUKE
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 1
Luke NorSMB 1:1  Det er alt mange som hev teke seg til å setja upp ei fråsegn um dei hendingarne som hev gjenge fyre seg hjå oss,
Luke NorSMB 1:2  so som dei hev bore det fram dei som frå fyrsten var augvitne og ærendsveinar åt ordet.
Luke NorSMB 1:3  Difor hev eg og sett meg fyre at eg vilde granska alt vel frå grunnen og so skriva det upp åt deg, gjævaste Teofilus - stykke for stykke, soleis som det heng saman,
Luke NorSMB 1:4  so du kann sjå kor truverdig ho er den soga som du hev høyrt.
Luke NorSMB 1:5  I den tidi då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest som heitte Zakarja; han høyrde til det prestelaget som hev namn etter Abia. Kona hans var ætta frå Aron, og heitte Elisabet.
Luke NorSMB 1:6  Båe var dei rettferdige for Gud; dei fylgde alle Herrens bod og fyresegner, og ingen kunde finna noko å lasta deim for.
Luke NorSMB 1:7  Men dei hadde ikkje born; for Elisabet var ’kje barnkjømd, og dei var båe fram i åri.
Luke NorSMB 1:8  So var det ein dag Zakarja gjorde prestetenesta for Gud; for turen var komen til hans lag,
Luke NorSMB 1:9  og då dei drog strå, som visi er millom prestarne, fall det på honom å ganga inn i Herrens tempel og bera fram røykofferet,
Luke NorSMB 1:10  med heile folkemengdi stod utanfor og bad i røykoffertimen.
Luke NorSMB 1:11  Då fekk han med ein gong sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida åt røykofferaltaret.
Luke NorSMB 1:12  Då Zakarja såg engelen, stokk han, og det kom ein otte yver honom.
Luke NorSMB 1:13  Men engelen sagde til honom: «Ver ikkje rædd, Zakarja! Gud hev høyrt bøni di; du og Elisabet, kona di, skal få ein son, og du skal kalla honom Johannes.
Luke NorSMB 1:14  Då vert du både glad og fegen, og mange skal gleda seg av di han er fødd.
Luke NorSMB 1:15  For han skal vera stor i Herrens augo; han skal ikkje drikka vin eller sterke drykkjer, og alt ifrå morsliv skal han fyllast av den Heilage Ande.
Luke NorSMB 1:16  Mange av Israels-sønerne skal han venda um til Herren, deira Gud,
Luke NorSMB 1:17  og sjølv skal han ganga fyre honom i Elias ånd og kraft, og venda hjarto åt federne um til borni, og dei ulyduge til den hug som bur i rettferdige menner, so han kann vinna Herren eit vel fyrebutt folk.»
Luke NorSMB 1:18  «Korleis kann eg vita um dette er sant?» sagde Zakarja til engelen; «eg er då ein gamall mann, og kona mi er og fram i åri.»
Luke NorSMB 1:19  Då svara engelen: «Eg er Gabriel, som stend for Guds åsyn. Eg er send hit og skal tala med deg og bera dette gledebodet til deg.
Luke NorSMB 1:20  Og no skal du ljota tegja, og ikkje kunna tala, alt til den dagen dette hender, for di du ikkje trudde meg; men det eg hev sagt, skal sannast når tidi er komi.»
Luke NorSMB 1:21  Medan stod folket og venta på Zakarja, og undra seg yver at han drygde so lenge i templet.
Luke NorSMB 1:22  Men då han kom ut, og ikkje kunde tala med deim, skyna dei at han hadde set ei syn i templet; sjølv nikka han og gjorde teikn til deim, men var og vart mållaus,
Luke NorSMB 1:23  og då tidi for tempeltenesta hans var ute, for han heim att.
Luke NorSMB 1:24  Eit bil etter hende det at Elisabet, kona hans, vart med barn. Då heldt ho seg heime i fem månader, og sagde:
Luke NorSMB 1:25  «Soleis hev Herren laga det for meg då tidi var komi at han i nåde vilde taka burt skammi mi millom folk.»
Luke NorSMB 1:26  Då det leid på sette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilæa som dei kallar Nasaret,
Luke NorSMB 1:27  åt ei møy som var trulova med ein mann som heitte Josef, av Davids-ætti, og møyi heitte Maria.
Luke NorSMB 1:28  Då engelen kom inn til henne, sagde han: «Guds fred, du som hev fenge slik nåde! Herren er med deg! Velsigna er du millom kvinnor!»
Luke NorSMB 1:29  Ved desse ordi stokk ho, og tenkte med seg: «Kva er dette for ei helsing?»
Luke NorSMB 1:30  Men engelen sagde til henne: «Ver ikkje rædd, Maria! Du hev funne nåde hjå Gud!
Luke NorSMB 1:31  Du skal verta med barn og få ein son, og kalla honom Jesus.
Luke NorSMB 1:32  Han skal vera stor og kallast son åt den Høgste, og Herren Gud skal gjeva honom kongsstolen åt David, ættfaren hans;
Luke NorSMB 1:33  han skal vera konge yver Jakobs-ætti i all æva, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
Luke NorSMB 1:34  «Korleis skal det ganga til, når eg ikkje hev mann?» sagde Maria.
Luke NorSMB 1:35  «Den Heilage Ande skal koma yver deg, og krafti åt Den Høgste skal skyggja yver deg,» svara engelen; «difor skal og det heilage som vert født, kallast Guds Son.
Luke NorSMB 1:36  Og høyr: Elisabet, som er skyld deg, skal og hava ein son på sine gamle dagar; dei sagde ho var ikkje barnkjømd, men no er ho alt i sette månaden;
Luke NorSMB 1:38  Då sagde Maria: «Her stend eg - eg er Herrens tenestkvinna! Lat det ganga meg som du hev sagt!» So for engelen burt att.
Luke NorSMB 1:39  Straks etter tok Maria av stad, og for so fort ho kunde upp i fjellbygderne, til ein by i Judaland;
Luke NorSMB 1:40  der gjekk ho inn i huset åt Zakarja og helsa på Elisabet.
Luke NorSMB 1:41  Då hende det at med same Elisabet høyrde helsingi hennar Maria, hoppa fostret i livet hennar; og ho vart fyllt av den Heilage Ande,
Luke NorSMB 1:42  og kvad med høg røyst: «Velsigna vere du i kvendeflokk, velsigna det du under beltet ber!
Luke NorSMB 1:43  Kvi skal det timast meg so store ting at mor åt Herren min kjem hit til meg?
Luke NorSMB 1:44  For då di helsing nådde øyra mitt, då hoppa fostret i mitt liv av frygd.
Luke NorSMB 1:45  Ja, sæl er ho som leit på Herrens ord, at det han hadde lova, laut gå fram!»
Luke NorSMB 1:48  Han tenkte på si ringe tenestkvinna! For ifrå denne stund skal alle ætter kalla meg for sæl.
Luke NorSMB 1:49  Stort er det han for meg hev gjort den Megtige, og heilagt er hans namn;
Luke NorSMB 1:50  frå ætt til ætt hans miskunn når mot deim som ottast honom.
Luke NorSMB 1:51  Velduge verk so gjer hans sterke arm; storlåtne spreider han for ver og vind med deira høgferds-hug;
Luke NorSMB 1:52  han støyter hovdingar frå høgsæte og lyfter låge upp;
Luke NorSMB 1:53  Hungrige mettar han med gode gåvor, og rikingar rek han tomhendte burt.
Luke NorSMB 1:54  Han sytte vel for Israel, sin svein; til evig tid han minnast vil -
Luke NorSMB 1:55  So var hans ord til federn’ våre - si miskunn mot Abraham og hans ætt.»
Luke NorSMB 1:56  Maria vart verande hjå henne um lag tri månader; sidan for ho heim att.
Luke NorSMB 1:57  So kom tidi at Elisabet skulde eiga barn, og ho åtte ein son.
Luke NorSMB 1:58  Og då grannarne og skyldfolket høyrde kor stor ein nåde Herren hadde vist henne, vart dei glade og ynskte henne til lukka.
Luke NorSMB 1:59  Åtte dagar etter kom dei og skulde umskjera guten; men då dei vilde kalla honom Zakarja etter faren,
Luke NorSMB 1:60  tok mor hans til ords og sagde: «Nei, han skal heita Johannes!»
Luke NorSMB 1:61  «Det er ingen i ætti som heiter so,» svara dei,
Luke NorSMB 1:62  og dei gjorde teikn til faren, kva han vilde guten skulde kallast.
Luke NorSMB 1:63  Då bad han um ei tavla og skreiv: «Johannes er namnet hans!» Alle undra seg;
Luke NorSMB 1:64  men i det same fekk han att mål og mæle, og han tala og prisa Gud.
Luke NorSMB 1:65  Då kom der ein otte på alle dei som budde der ikring; i heile Judaheidi vart alt dette mykje umtala,
Luke NorSMB 1:66  og kvar den som høyrde det, tok det til minnes og sagde: «Kva tru den guten er etla til?» For Herren heldt si hand yver honom.
Luke NorSMB 1:67  Men Zakarja, far hans, vart fyllt av den Heilage Ande, og han tala profetord og kvad:
Luke NorSMB 1:68  «Velsigna vere Herren, Israels eigen Gud! Til lyden sin han lydde, og løyste deim or band;
Luke NorSMB 1:69  ei frelsarmagt vekt’ han oss upp, ei veldug, uti Davids ætt, som var hans trugne svein -
Luke NorSMB 1:70  Som han frå fordom gjenom Heilag profetmunn sagde:
Luke NorSMB 1:72  Han vil federn’ våre vel, og kom i hug den heilage og støde pakti si,
Luke NorSMB 1:74  Han vilde ut oss fria or fiendsmagt og fiendsvald, so me han utan rædsl’ og rygd,
Luke NorSMB 1:75  i rettferd og med heilag hug kann tena all vår tid.
Luke NorSMB 1:76  Du og, min son, skal kallast Allhøge Guds profet, skal fyre Herren fara, og rydja vel hans veg,
Luke NorSMB 1:77  og læra lyden hans å sjå frelsa, dei finna skal når han all deira synd forlet.
Luke NorSMB 1:78  For miskunnsam av hjarta er han, vår gode Gud, ei stjerna let han skina for oss frå himmelhøgd,
Luke NorSMB 1:79  Lysa for deim som sit i myrkr og daudsens skodd, og styra inn på velferds-veg vår fot.»
Luke NorSMB 1:80  Og guten voks og vart sterk i åndi; han heldt seg i øydemarkerne til tidi kom då han skulde førast fram for Israel.