LUKE
Chapter 24
Luke | NorSMB | 24:1 | Men den fyrste dagen i vika, tidleg i otta, kom dei til gravi, og hadde med seg kryddorne som dei hadde laga til. | |
Luke | NorSMB | 24:4 | Dei visste ikkje kva dei skulde tenkja um dette; då stod det med ein gong tvo menner i skinande klæde innmed deim, | |
Luke | NorSMB | 24:5 | og med dei fulle av otte stirde nedfyre seg, sagde mennerne til deim: «Kvi leitar de etter den livande millom dei daude? | |
Luke | NorSMB | 24:6 | Han er ikkje her; han hev stade upp att. Kom i hug kva han sagde med dykk då han endå var i Galilæa, | |
Luke | NorSMB | 24:7 | at Menneskjesonen skulde gjevast i henderne på synduge menneskje og krossfestast, og standa upp att tridje dagen!» | |
Luke | NorSMB | 24:9 | og dei gjekk burt att frå gravi, og fortalde alt dette til dei elleve og alle dei andre. | |
Luke | NorSMB | 24:10 | Det var Maria Magdalena og Johanna og Jakobs-Maria og dei hine kvinnorne i fylgjet deira - dei sagde dette med apostlarne; | |
Luke | NorSMB | 24:12 | Peter sprang like vel av stad til gravi, og då han lutte seg ned, såg han ikkje anna enn likklædi; so gjekk han burt att, og undrast med seg yver det som var hendt. | |
Luke | NorSMB | 24:13 | Same dagen gjekk tvo av deim utetter til ein liten by som heiter Emmaus, og ligg ei mil frå Jerusalem, | |
Luke | NorSMB | 24:15 | Med dei no gjekk og tala og dryfte det med kvarandre, kom Jesus sjølv innåt og slo fylgje med deim; | |
Luke | NorSMB | 24:17 | «Kva er det for ting de røder so um, med de gjeng etter vegen?» spurde han. Då stana dei, og det var sjåande til at dei sturde. | |
Luke | NorSMB | 24:18 | Og den eine av deim - han heitte Kleopas - tok til ords og sagde til honom: «Du må visst vera den einaste som held til i Jerusalem og ikkje veit kva som hev hendt der desse dagarne!» | |
Luke | NorSMB | 24:19 | «Kva for noko?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei, «han som var ein profet, megtig i gjerning og ord for Gud og alt folket, | |
Luke | NorSMB | 24:20 | korleis øvsteprestarne og rådsherrarne våre fekk dømt honom frå livet og krossfeste honom. | |
Luke | NorSMB | 24:21 | Og me vona at han var den som skulde løysa ut Israel. Og med alt det so er det no på tridje dagen sidan dette gjekk fyre seg. | |
Luke | NorSMB | 24:22 | Men so hev og nokre kvinnor i flokken vår sett oss i uro og undring; dei var i otta ved gravi, | |
Luke | NorSMB | 24:23 | og fann ikkje likamen hans, men kom og fortalde at dei hadde set ei syn av englar, og at englarne hadde sagt at han liver. | |
Luke | NorSMB | 24:24 | Nokre av felagerne våre gjekk då ut til gravi, og fann det heiltupp so som kvinnorne hadde sagt, men honom såg dei ikkje.» | |
Luke | NorSMB | 24:25 | «Å, for uvituge de er,» svara han, «og for seinhuga til å tru alt det som profetarne hev tale! | |
Luke | NorSMB | 24:27 | So tok han til frå Moses og alle profetarne, og i alle skrifterne lagde han ut for deim det som er sagt um honom der. | |
Luke | NorSMB | 24:29 | Men dei nøydde honom og sagde: «Ver hjå oss! Det lid til kvelds, og dagen hallar.» So gjekk han inn og var hjå deim. | |
Luke | NorSMB | 24:30 | Som han no sat til bords med deim, tok han brødet og velsigna det, og braut det og gav deim. | |
Luke | NorSMB | 24:31 | Då vart augo deira upplatne, so dei kjende honom att; men i det same kvarv han burt for augo deira. | |
Luke | NorSMB | 24:32 | Då sagde dei med einannan: «Brann ikkje hjarta i oss då han tala med oss på vegen, då han lagde ut skrifterne åt oss?» | |
Luke | NorSMB | 24:33 | Og dei tok ut i same stund, og gjekk attende til Jerusalem. Dei fann dei elleve og felagarne deira samla, og dei sagde: | |
Luke | NorSMB | 24:35 | Og sjølve fortalde dei um det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent honom då han braut brødet. | |
Luke | NorSMB | 24:36 | Best dei tala um dette, stod han sjølv midt ibland deim og sagde: «Fred vere med dykk!» | |
Luke | NorSMB | 24:38 | Då sagde han til deim: «Kvi er de so forstøkte, og kvifor vaknar det tvil i hjarta dykkar? | |
Luke | NorSMB | 24:39 | Sjå henderne og føterne mine, at det er eg sjølv! Kjenn på meg og sjå! Ei ånd hev då ’kje kjøt og bein, som de ser eg hev.» | |
Luke | NorSMB | 24:41 | Då dei endå ikkje kunde tru for gleda, men berre undra seg, sagde han: «Hev de noko etande her?» | |
Luke | NorSMB | 24:44 | So sagde han til deim: «Dette var det eg tala til dykk um då eg endå var i lag med dykk, at alt som er skrive um meg i Moselovi og profetarne og salmarne, laut sannast.» | |
Luke | NorSMB | 24:46 | «So stend skrive,» sagde han, «at Messias skal lida og standa upp frå dei daude tridje dagen, | |
Luke | NorSMB | 24:47 | og i hans namn skal umvending og syndeforlating ropast ut for alle folkeslag; frå Jerusalem skal det ganga ut. | |
Luke | NorSMB | 24:49 | Og no vil eg senda yver dykk det som far min hev lova; men de skal halda dykk rolege i byen, til de vert budde med kraft frå det høge.» | |
Luke | NorSMB | 24:50 | Sidan tok han deim med seg ut or byen, til burt imot Betania, og han lyfte upp henderne og velsigna deim. | |
Luke | NorSMB | 24:52 | Og dei kasta seg på kne og tilbad honom. So gjekk dei attende til Jerusalem i stor gleda, | |