LUKE
Chapter 5
Luke | NorSMB | 5:1 | Ein gong stod han nedmed Gennesaretsjøen, og folket trengde seg um honom og lydde på Guds ord; | |
Luke | NorSMB | 5:2 | då vart han var tvo båtar som låg ved strandi; fiskarane hadde gjenge utor deim og stod og skylde garni sine. | |
Luke | NorSMB | 5:3 | Han steig ut i ein av båtarne, som høyrde Simon til, og bad honom leggja eit lite stykke frå land; so sette han seg og lærde folket frå båten. | |
Luke | NorSMB | 5:4 | Då han hadde halde upp å tala, sagde han til Simon: «Legg ut på djupet og set ut garni dykkar, so de kann få fisk!» | |
Luke | NorSMB | 5:5 | «Meister, me hev stræva i heile natt og ingen ting fenge,» svara Simon; «men på ditt ord vil eg setja ut garni.» | |
Luke | NorSMB | 5:6 | So gjorde dei det, og då stengde dei slik ein brote med fisk at garni heldt på og skulde rivna. | |
Luke | NorSMB | 5:7 | Då vitta dei til lagsmennerne sine i hin båten, at dei skulde koma og taka i med deim, og då dei kom, fyllte dei båe båtarne, so det var nære på dei sokk. | |
Luke | NorSMB | 5:8 | Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sagde: «Gakk burt frå meg, Herre! Eg er ein syndug mann.» | |
Luke | NorSMB | 5:9 | For det kom ein støkk på honom og alle deim som var med honom, for skuld all fisken dei hadde sanka; | |
Luke | NorSMB | 5:10 | og like eins var det med Jakob og Johannes, sønerne åt Sebedæus, som var lagsbrørne åt Simon. Men Jesus sagde til Simon: «Ver ikkje rædd! Heretter skal du fanga menneskje.» | |
Luke | NorSMB | 5:12 | Ein gong som han var i ein av byarne, var det der ein mann som var full av spillsykja; med same han såg Jesus, kasta han seg å gruve og bad: «Herre, dersom du vil, kann du gjera meg rein!» | |
Luke | NorSMB | 5:13 | Jesus rette ut handi og tok burtpå honom og sagde: «Eg vil; ver rein!» Og med ein gong gjekk spillsykja av honom. | |
Luke | NorSMB | 5:14 | Jesus sagde til honom at han ikkje måtte segja det med nokon: «Men gakk og te deg for presten, og ber fram offer for reinsingi di, etter det som Moses hev sagt, so du kann vitna for deim.» | |
Luke | NorSMB | 5:15 | Men ordet um honom for berre so mykje vidare utyver, og folk kom i flokk og fylgje og vilde høyra på honom og lækjast for sjukdomarne sine. | |
Luke | NorSMB | 5:17 | Ein dag heldt han på og lærde folket, og der sat det farisæarar og lovlærarar, som var komne frå kvar grend i Galilæa og Judæa og frå Jerusalem, og Herrens kraft var yver honom og gav honom magt til å lækja. | |
Luke | NorSMB | 5:18 | Då kom nokre menner berande med ein som låg i ei seng og var lam; dei vilde bera honom inn og setja honom ned framfyre Jesus, | |
Luke | NorSMB | 5:19 | men såg seg ingi råd til å koma inn med honom for folkestimen. So gjekk dei upp på taket og fira honom med sengi ned millom taksteinarne, midt framfyre Jesus. | |
Luke | NorSMB | 5:21 | Då tok dei skriftlærde og farisæarane til å tenkja med seg: «Kva er dette for ein, som talar spottarord mot Gud? Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?» | |
Luke | NorSMB | 5:22 | Men Jesus skyna kva dei tenkte; han tok til ords og sagde til deim: «Kva er det for tankar de hyser i hjarta? | |
Luke | NorSMB | 5:23 | Kva er lettast: å segja: «Synderne dine er tilgjevne!» eller å segja: «Statt upp og gakk!» | |
Luke | NorSMB | 5:24 | Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi, so segjer eg deg» - sagde han til den lame -: «Statt upp, tak sengi di og gakk heim!» | |
Luke | NorSMB | 5:25 | Og med ein gong stod han upp, midt for augo deira, tok lega si og gjekk heim att, alt med han lova Gud. | |
Luke | NorSMB | 5:26 | Då vart dei alle so tekne at dei var reint frå seg; dei lova Gud og vart fulle av otte og sagde: «I dag hev me set utrulege ting.» | |
Luke | NorSMB | 5:27 | So gjekk han ut att. Då fekk han sjå ein tollmann som heitte Levi; han sat på tollbudi. Jesus sagde til honom: «Fylg meg!» | |
Luke | NorSMB | 5:29 | Levi gjorde eit stort gjestebod for honom i huset sitt; der var det ein heil flokk med tollmenner og andre, som sat til bords med deim. | |
Luke | NorSMB | 5:30 | Og farisæarane og dei skriftlærde som fylgdest med deim, murra og sagde til læresveinarne hans: «Kvifor et og drikk de i lag med tollmenner og syndarar?» | |
Luke | NorSMB | 5:31 | Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Dei friske treng ikkje lækjar, men det gjer dei som sjuke er. | |
Luke | NorSMB | 5:33 | So sagde dei til honom: «Læresveinarne åt Johannes fastar tidt og ofte og held bøn, og det same gjer læresveinarne åt farisæarane, men dine læresveinar et og drikk!» | |
Luke | NorSMB | 5:34 | Jesus svara: «Kann de få brudlaupsfolket til å fasta med dei hev brudgomen hjå seg? | |
Luke | NorSMB | 5:35 | Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; når den tidi kjem, då skal dei fasta.» | |
Luke | NorSMB | 5:36 | Han sagde deim og ei likning: «Ingen riv eit stykke av ein ny kjole og hev det til bot på ein gamall; for då riv han ikkje berre den nye kjolen sund, men boti som han tok av den nye kjolen, høver ikkje på den gamle. | |
Luke | NorSMB | 5:37 | Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; for då sprengjer den nye vinen flaskorne, og vinen renn ut, og flaskorne forferst. | |