LUKE
Chapter 23
Luke | NorSMB | 23:2 | og bar fram klagemålet sitt mot honom. «Me hev kome etter at denne mannen forvillar folket vårt,» sagde dei; «han forbyd deim å gjeva keisaren skatt, og segjer at han er Messias, ein konge.» | |
Luke | NorSMB | 23:3 | Då tok Pilatus til ords og spurde honom: «Er du kongen yver jødarne?» «Det er som du segjer,» svara han. | |
Luke | NorSMB | 23:5 | Då tok dei sterkare i og sagde: «Han øser upp folket med læra si i heile Jødeland; han tok til med det i Galilæa, og no hev han kome alt hit.» | |
Luke | NorSMB | 23:7 | og so snart han vart vis med at han lydde under Herodes’ velde, sende han honom åt Herodes; for han var og i Jerusalem i dei dagarne. | |
Luke | NorSMB | 23:8 | Herodes vart svært glad då han såg Jesus; han hadde lenge ynskt at han måtte få sjå honom; for han hadde høyrt mykje um honom og gjorde seg von um å få sjå eit teikn av honom. | |
Luke | NorSMB | 23:11 | Og Herodes med hermennerne sine svivyrde og hædde honom, kasta ei brikjeleg kåpa um honom og sende honom so attende til Pilatus. | |
Luke | NorSMB | 23:12 | Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; fyrr hadde det vore fiendskap millom deim. | |
Luke | NorSMB | 23:14 | og dei sagde til deim: «De hev ført denne mannen fram for meg og skulda honom for at han leider folket på avveg. No hev eg lydt honom ut, so de hev høyrt på det, men eg hev ’kje funne honom saka i noko av det de klagar honom for. | |
Luke | NorSMB | 23:15 | Og det hev ikkje Herodes heller; for eg sende dykk til honom. So kann de sjå, at han hev ikkje gjort noko, som han skulde lata livet for. | |
Luke | NorSMB | 23:19 | - so heitte ein som var sett i fengsel for eitt upprør som hadde brote ut i byen, og for manndråp -. | |
Luke | NorSMB | 23:22 | So tala han til deim tridje gongen og sagde: «Kva vondt hev han då gjort, denne mannen? Eg hev ’kje funne honom saka i noko som han kann dømast frå livet for. Difor vil eg refsa honom og so gjeva honom fri.» | |
Luke | NorSMB | 23:23 | Men dei braut på, og kravde med høge rop at han skulde krossfestast, og ropi deira fekk yvertaket. | |
Luke | NorSMB | 23:25 | Han løyste den som sat fengsla for upprør og manndråp, den som dei bad um, men gav Jesus yver til deim, so dei kunde gjera med honom som dei vilde. | |
Luke | NorSMB | 23:26 | Då dei førde honom burt, tok dei fat på ein mann som kom frå marki; han heitte Simon, og var frå Kyrene; honom lagde dei krossen på, so han skulde bera honom etter Jesus. | |
Luke | NorSMB | 23:27 | Ein stor folkehop fylgde honom; bland deim var det mange kvinnor, som øya og gret for hans skuld. | |
Luke | NorSMB | 23:28 | Jesus snudde seg åt deim og sagde: «Jerusalems døtter, gråt ikkje yver meg! Gråt heller yver dykk sjølve og borni dykkar! | |
Luke | NorSMB | 23:29 | For det kjem dagar då dei skal segja: «Sæle dei som aldri bar barn under beltet! Sælt det livet som aldri hev født, og det brjostet som aldri hev fostra!» | |
Luke | NorSMB | 23:32 | Tvo andre, tvo illgjerningsmenn, vart og førde av stad saman med honom og skulde lata livet. | |
Luke | NorSMB | 23:33 | Då dei kom til den staden som kallast Skallen, krossfeste dei honom der, og like eins illgjerningsmennerne, den eine på høgre og den andre på vinstre sida. | |
Luke | NorSMB | 23:34 | Men Jesus sagde: «Fader, forlat deim, for dei veit ikkje kva dei gjer!» So skifte dei klædi hans millom seg og drog strå um deim. | |
Luke | NorSMB | 23:35 | Folket stod og såg på; og rådsherrarne spotta og sagde: «Han hev hjelpt andre, no kann han hjelpa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde!» | |
Luke | NorSMB | 23:39 | Ein av illgjerningsmennerne som hekk der, hædde honom og sagde: «Er ’kje du Messias? - hjelp deg sjølv og oss!» | |
Luke | NorSMB | 23:40 | Då tok den andre til ords, og skjemde på honom og sagde: «Ottast ikkje du heller Gud, du som er under same domen? | |
Luke | NorSMB | 23:41 | Og det er me med rette; for me fær berre lika for det me hev gjort. Men han hev ikkje gjort noko urett. | |
Luke | NorSMB | 23:43 | «Det segjer eg deg for visst,» svara Jesus: «I dag skal du vera med meg i paradis.» | |
Luke | NorSMB | 23:44 | Det var no kring den sette timen; då vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen, | |
Luke | NorSMB | 23:46 | Og Jesus ropa med høg røyst: «Fader, i dine hender gjev eg mi ånd!» Då han hadde sagt det, andast han. | |
Luke | NorSMB | 23:47 | Då hovudsmannen såg det som hende, lova han Gud og sagde: «Den mannen var sanneleg skuldlaus!» | |
Luke | NorSMB | 23:48 | Og heile folkemengdi som hadde samla seg for å sjå på dette, øya seg og gjekk burt att då dei såg kva som hende. | |
Luke | NorSMB | 23:49 | Men alle venerne hans, og dei kvinnorne som hadde fylgt honom frå Galilæa, stod langt undan og såg på. | |
Luke | NorSMB | 23:50 | Det var ein mann som heitte Josef, ein god og rettvis mann; han høyrde til det Høge Rådet, | |
Luke | NorSMB | 23:51 | men hadde ikkje vore med på rådi og gjerningarne deira; han åtte heime i Arimatæa, ein by i Jødeland, og var ein av deim som venta på Guds rike - | |
Luke | NorSMB | 23:53 | tok honom ned, sveipte honom i lin og lagde honom i ei grav som var hoggi i berget, og som det endå ikkje var lagd nokon i. | |
Luke | NorSMB | 23:55 | Nokre av dei kvinnorne som hadde vore med han frå Galilæa, fylgde etter; dei skoda gravi og såg korleis likamen hans vart lagd. | |