LUKE
Chapter 20
Luke | NorSMB | 20:1 | Som han no ein dag lærde folket i templet og bar fram fagnadbodet, steig øvsteprestarne og dei skriftlærde upp, i hop med styresmennerne, | |
Luke | NorSMB | 20:2 | og dei tala soleis til honom: «Seg oss: Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven var det som gav deg retten?» | |
Luke | NorSMB | 20:5 | Då slo dei yver med seg sjølve og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom ikkje?» | |
Luke | NorSMB | 20:6 | og svarar me: «Det var menneskjeverk,» so kjem heile folket til å steina oss i hel; for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.» | |
Luke | NorSMB | 20:9 | So tok han til å tala til folket og sagde deim ei likning: «Det var ein gong ein mann som stelte til ein vingard; den leigde han burt til brukarar, og so for han utanlands og vart burte i lang æva. | |
Luke | NorSMB | 20:10 | Då rette tidi kom, sende han ein av sveinarne sine til brukarane, og kravde at dei skulde gjeva honom noko av det som var avla i vingarden. Men brukarane slo sveinen og sende honom burt att med tome hender. | |
Luke | NorSMB | 20:11 | So sende han atter ein annan svein; den slo dei og, og hædde honom og sende honom burt att med henderne tome. | |
Luke | NorSMB | 20:12 | Og endå ein tridje sende han; den for dei like eins med, slo honom til blods og kasta honom ut. | |
Luke | NorSMB | 20:13 | «Kva skal eg no gjera?» sagde han som åtte vingarden. «Eg vil senda son min, han som eg elskar so høgt; kann henda dei hev age for honom!» | |
Luke | NorSMB | 20:14 | Men då brukarane fekk sjå honom, lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Dette er ervingen! Lat oss slå han i hel, so me kann få arven!» | |
Luke | NorSMB | 20:15 | So kasta dei honom ut or vingarden og slo honom i hel. Kva skal no vingardseigaren gjera med deim? | |
Luke | NorSMB | 20:16 | Han skal koma og gjera ende på desse brukarane og lata andre få vingarden.» Då dei høyrde det, sagde dei: «Slikt må aldri henda!» | |
Luke | NorSMB | 20:17 | Då såg han på deim og sagde: «Kva tyder då dette ordet i skrifti: «Den steinen byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein?» | |
Luke | NorSMB | 20:18 | Kvar den som fell på den steinen, skal slå seg sund; men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.» | |
Luke | NorSMB | 20:19 | Dei skriftlærde og øvsteprestarne vilde ha lagt hand på honom i same stund, men dei torde ikkje for folket; dei skyna at det var deim han meinte med likningi si. | |
Luke | NorSMB | 20:20 | So gjætte dei på honom og sende folk ut som skulde lura på honom og låst vera lovlydige, so dei kunde fanga honom i ord, og so gjeva honom yver til styremagti og i henderne på landshovdingen. | |
Luke | NorSMB | 20:21 | Dei sette fram eit spursmål for honom og sagde: «Meister, me veit at du talar og lærer rett og ikkje gjer skil på folk, men lærer Guds veg etter sanningi - | |
Luke | NorSMB | 20:24 | «Syn meg ein sylvmynt! Kva bilæte og namn er det han hev?» «Det er keisarens,» svara dei. | |
Luke | NorSMB | 20:25 | «Vel,» sagde han til deim, «gjev so keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!» | |
Luke | NorSMB | 20:26 | Soleis kunde dei ikkje fanga honom i noko ord so folket var vitne på det; dei undra seg berre yver svaret hans og tagde. | |
Luke | NorSMB | 20:27 | So kom det nokre sadducæarar - det er dei som neittar at dei daude skal standa upp att - dei og sette fram eit spursmål for honom og sagde: | |
Luke | NorSMB | 20:28 | «Meister, Moses hev skrive den lovi åt oss, at når ein gift mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin. | |
Luke | NorSMB | 20:33 | Kven av deim skal no den kona høyra til i eit anna liv? For alle sju hev havt henne til kona.» | |
Luke | NorSMB | 20:35 | men dei som vert haldne verdige til å nå hi verdi og standa upp att frå dei daude, dei korkje gifter seg eller vert burtgifte; | |
Luke | NorSMB | 20:36 | dei kann heller ikkje døy meir; for dei er liksom englarne og er Guds born, av di dei hev stade upp att til eit nytt liv. | |
Luke | NorSMB | 20:37 | Men at dei avlidne skal vekkjast upp att, det hev Moses og synt i soga um klungeren, der han kallar Herren Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. | |
Luke | NorSMB | 20:38 | Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande; for alle er livande for honom.» | |
Luke | NorSMB | 20:42 | David segjer då sjølv i Salmeboki: «Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi, | |
Luke | NorSMB | 20:46 | «Agta dykk for dei skriftlærde som likar å ganga ikring i side kjolar og gjerne vil helsast torgi og hava dei fremste sessarne i synagogorne og dei høgste sæti i gjestebod! | |