Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 9
Prov NorSMB 9:1  Visdomsmøyi hev bygt seg hus, hev hogge til sine stolpar sju.
Prov NorSMB 9:2  Ho hev slagta sitt slagt og blanda sin vin og attåt duka sitt bord.
Prov NorSMB 9:3  Sine ternor hev ho sendt ut, og ropar ovan frå haugarne i byen:
Prov NorSMB 9:4  «Den som er fåkunnig, vende seg hit!» Til den vitlause segjer ho:
Prov NorSMB 9:5  «Kom, og et av mitt brød og drikk av den vin eg hev blanda!»
Prov NorSMB 9:6  Lat fåkunna fara so de kann liva og vandra på vegen til vit!
Prov NorSMB 9:7  Den som refser ein spottar, fær skam yver seg, den som lastar ein gudlaus, fær seg ein flekk.
Prov NorSMB 9:8  Lasta ’kje spottaren, han vil hata deg! Lasta den vise, han vil elska deg!
Prov NorSMB 9:9  Gjev ein vismann, so aukar hans visdom, lær ein rettferdig, so lærar han meir.
Prov NorSMB 9:10  Otte for Herren er upphav til visdom, og vit er å kjenna den Heilage.
Prov NorSMB 9:11  «For ved meg dine dagar skal aukast, og fleire livs-år fær du.»
Prov NorSMB 9:12  Er du vis, so gagnar det deg sjølv, spottar du, so lyt du bera det åleine.
Prov NorSMB 9:13  Fru dårskap fer med ståk, fåkunnig som ho er og ingen ting veit.
Prov NorSMB 9:14  Ho sit attmed husdøri si, på ein stol høgt uppe i byen,
Prov NorSMB 9:15  og bed inn dei som ferdast på vegen, som gjeng sine stigar beint fram:
Prov NorSMB 9:16  «Den som er fåkunnig, vende seg hit!» Ja, til den vitlause segjer ho:
Prov NorSMB 9:17  «Stole vatn er søtt, og ljuvlegt er løyn-ete brød.»
Prov NorSMB 9:18  Og han veit ’kje at der bur daudingar, at hennar gjester er i helheims djup.