Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 23
Prov NorSMB 23:1  Når du sit til bords hjå ein hovding, so agta vel på kven du hev fyre deg,
Prov NorSMB 23:2  og set ein kniv på strupen din, um mathugen din er stor.
Prov NorSMB 23:3  Fys ikkje etter hans lostemat, for det er dårande føda.
Prov NorSMB 23:4  Mød deg ei med å verta rik, lat fara den klokskapen din!
Prov NorSMB 23:5  Lat ei augo fljuga til det som kverv, for det gjer seg vengjer, det er visst, som ein ørn som flyg til himmels.
Prov NorSMB 23:6  Et ikkje brød hjå den som misunner deg, og fys ikkje etter hans lostemat!
Prov NorSMB 23:7  For som han reknar ut i sjæli si, soleis er han. «Et og drikk!» han segjer til deg, men hjarta hans er ikkje med deg.
Prov NorSMB 23:8  For biten din som du hev ete, lyt du spy upp att, og du hev spilt dine fagre ord.
Prov NorSMB 23:9  For øyro på dåren skal du ikkje tala, for han vanvyrder visdommen i dine ord.
Prov NorSMB 23:10  Flyt ikkje gamall merkestein, og kom ei inn på åkrane åt faderlause.
Prov NorSMB 23:11  For deira målsmann er sterk, han skal føra saki deira imot deg.
Prov NorSMB 23:12  Vend hjarta ditt til age og øyro dine til kunnskaps ord!
Prov NorSMB 23:13  Lat ikkje guten vera utan age! Slær du han med riset, skal han ikkje døy.
Prov NorSMB 23:14  Du slær han med riset, og sjæli hans bergar du frå helheim.
Prov NorSMB 23:15  Son min, vert hjarta ditt vist, so gled seg og mitt hjarta,
Prov NorSMB 23:16  og nyro mine fegnast når lipporn’ dine talar det som rett er.
Prov NorSMB 23:17  Lat ikkje hjarta ditt misunna syndarar, men stræva stødt etter gudlegdom.
Prov NorSMB 23:18  For då er du viss på ei framtid, og di von skal ei verta til inkjes.
Prov NorSMB 23:19  Høyr du, son min, og vert vis, og lat hjarta ditt ganga beint fram på vegen.
Prov NorSMB 23:20  Ver ikkje med millom vindrikkarar, millom deim som foret seg på kjøt.
Prov NorSMB 23:21  For drikkar og storetar fatig vert, og svevn gjev fillor for klæde.
Prov NorSMB 23:22  Høyr på far din som avla deg, og vanvyrd ei mor di når ho vert gamall!
Prov NorSMB 23:23  Kjøp sanning og sel henne ikkje, visdom og age og vit.
Prov NorSMB 23:24  Storleg fegnast far til den rettferdige, og den som fær ein vis son, skal få gleda av han.
Prov NorSMB 23:25  Lat far din og mor di gleda seg, og ho som fødde deg, fegnast.
Prov NorSMB 23:26  Son min, gjev meg hjarta ditt, og lat dine augo lika vegarne mine.
Prov NorSMB 23:27  For skjøkja er som djupe gravi og den framande kona som tronge brunnen,
Prov NorSMB 23:28  ja, ho ligg på lur som ein ransmann, og ho aukar talet på utrue folk.
Prov NorSMB 23:29  Kven hev sorg? Kven hev sut? Kven hev dragsmål? Kven hev klagemål? Kven hev sjølvvalde sår? Kven hev dimsynte augo?
Prov NorSMB 23:30  Dei som drygjer lenge hjå vinen, dei som kjem og smakar på mjøden.
Prov NorSMB 23:31  Sjå ikkje på vinen kor han raudnar, kor vænt han smiler i staupet! lett renn han ned.
Prov NorSMB 23:32  Men sidan han sting som ein slange og høgg som ein orm.
Prov NorSMB 23:33  Då skal augo dine sjå rare syner, og hjarta ditt talar tull og tøv.
Prov NorSMB 23:34  Du vert som låg du i havsens djup, eller låg i toppen av mastri.
Prov NorSMB 23:35  «Dei slo meg, men det gjorde ’kje vondt, dei banka meg, men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna? Eg vil få tak i endå meir.»