Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 20
Prov NorSMB 20:1  Vinen er ein spottar, rusdrykken ein ståkar, ingen som tumlar av honom, er vis.
Prov NorSMB 20:2  Den rædsla kongen vekkjer, er som løveburing, den som fær hans vreide på seg, set livet sitt på spel.
Prov NorSMB 20:3  Mannsens æra er å halda seg frå trætta, men kvar uviting glefser til.
Prov NorSMB 20:4  Letingen pløgjer ikkje um hausten, i skurdonni leitar han fåfengt etter grøda.
Prov NorSMB 20:5  Råd i mannsens hjarta er som vatn i djupet, men ein skynsam mann kann draga det upp.
Prov NorSMB 20:6  Mest kvar mann råkar ein som elskar honom, men kven finn ein som er å lita på?
Prov NorSMB 20:7  Den som ferdast ulastande og er rettferdig, sæle er borni hans etter honom.
Prov NorSMB 20:8  Ein konge som sit på domarstol, skil ut alt vondt med augo sine.
Prov NorSMB 20:9  Kven kann segja: «Eg hev halda hjarta reint og er fri frå syndi mi?»
Prov NorSMB 20:10  Tvo slag vegt og tvo slag mål er båe tvo ein styggedom for Herren.
Prov NorSMB 20:11  Alt guten syner i si gjerd um ferdi hans vert rein og rett.
Prov NorSMB 20:12  Øyra som høyrer og auga som ser - Herren hev skapt deim båe tvo.
Prov NorSMB 20:13  Elska ikkje svevn, for då vert du fatig, haldt augo uppe, so fær du brød til mette.
Prov NorSMB 20:14  «Klent, klent!» segjer kjøparen, men når han gjeng burt, so rosar han seg.
Prov NorSMB 20:15  Vel finst det gull og mange perlor, men dyraste gogni er lippor med kunnskap.
Prov NorSMB 20:16  Tak klædi hans! for han hev borga for ein annan, og panta honom for framande!
Prov NorSMB 20:17  Søtt er for mannen det brød han hev fenge med fals, men sidan vert munnen hans full av småstein.
Prov NorSMB 20:18  Råder vert stødige med rådleggjing, få då klok styring når du fører krig!
Prov NorSMB 20:19  Den som fer med drøs, ber løynråd ut, og gapen skal du ikkje hava noko med.
Prov NorSMB 20:20  Den som bannar far og mor, hans lampa skal slokna i kolmyrkret.
Prov NorSMB 20:21  Ein arv som ein i fyrstundes er for fus på, vert på slutten utan velsigning.
Prov NorSMB 20:22  Seg ikkje: «Eg vil løna med vondt!» Venta på Herren, han vil hjelpa deg.
Prov NorSMB 20:23  Tvo slag vegt er ein styggedom for Herren, og den falske skålvegt er ikkje god.
Prov NorSMB 20:24  Frå Herren kjem mannsens stig, og kor kann eit menneskje skyna sin veg?
Prov NorSMB 20:25  Fårlegt er det for eit menneskje å vigsla eitkvart tankelaust, og fyrst granska lovnaden etterpå.
Prov NorSMB 20:26  Ein vis konge skil ut dei gudlause og let hjulet ganga yver deim.
Prov NorSMB 20:27  Menneskjens ånd er Herrens lampa, og ho ransakar alle rom i hjarta.
Prov NorSMB 20:28  Kjærleik og truskap er vakt um kongen, og han styd sin kongsstol på kjærleik.
Prov NorSMB 20:29  Ei æra for ungdomar er deira kraft, og ein prydnad for dei gamle er grått hår.
Prov NorSMB 20:30  Svidande sår reinser burt det vonde, ja, slag reinsar hjartans inste rom.