Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next
Chapter 1
Prov NorSMB 1:1  Ordtøke av Salomo, son til David, konge yver Israel.
Prov NorSMB 1:2  Av deim kann ein læra visdom og age og skyna vituge ord.
Prov NorSMB 1:3  Og få age so ein vert klok, rettferd og rett og rettvisa.
Prov NorSMB 1:4  Dei kann gjeva dei urøynde klokskap, ungdomen kunnskap og ettertanke -
Prov NorSMB 1:5  so den vise kann høyra og auka sin lærdom og den vituge verta rådklok.
Prov NorSMB 1:6  Dei gjev skyn på ordtak og myrke ord, ord frå dei vise og gåtorne deira.
Prov NorSMB 1:7  Otte for Herren er upphav til kunnskap, uvitingar vanvyrder visdom og age.
Prov NorSMB 1:8  Høyr etter, son min, når far din deg agar, og kasta ’kje frå deg det mor di deg lærer!
Prov NorSMB 1:9  For det er ein yndeleg krans for ditt hovud, og kjedor kring halsen din.
Prov NorSMB 1:10  Son min, når syndarar lokkar deg, samtykk ikkje!
Prov NorSMB 1:11  Um dei segjer: «Kom med oss! Me vil lura etter blod, setja fella for den skuldlause utan grunn;
Prov NorSMB 1:12  Me vil gløypa deim som helheimen livande, og heile som når dei fer i gravi;
Prov NorSMB 1:13  Me vinna oss alle slag skattar, og fyller husi våre med rov;
Prov NorSMB 1:14  du skal få lutskifte saman med oss, alle skal me ha same pungen.» -
Prov NorSMB 1:15  Son min, gakk ikkje då på vegen med deim, haldt foten din burte frå deira stig!
Prov NorSMB 1:16  For føterne deira spring til vondt og er snøgge til å renna ut blod.
Prov NorSMB 1:17  Men fåfengt breier dei netet for augo på alle fuglar.
Prov NorSMB 1:18  Dei lurer på sitt eige blod og set eit garn for sitt eige liv.
Prov NorSMB 1:19  So gjeng det kvar som riv til seg med ran, det drep sin eigen herre.
Prov NorSMB 1:20  Vismøyi ropar på gata og lyfter si røyst på torgi.
Prov NorSMB 1:21  På gatehyrna preikar ho midt i ståket, i porthallar og kring i byen ho talar:
Prov NorSMB 1:22  «Kor lenge vil de fåkunnige elska fåkunna, og kor lenge vil spottarar ha hug til spott, og dårar hata kunnskap?
Prov NorSMB 1:23  Snu dykk hit når eg refser! So skal åndi mi fløyma for dykk, og eg skal kunngjera dykk mine ord.
Prov NorSMB 1:24  Eg ropa og de vilde ikkje høyra, og ingen agta på at eg rette ut handi,
Prov NorSMB 1:25  De brydde dykk ei um all mi råd, og ansa ikkje mitt refsings ord,
Prov NorSMB 1:26  So skal eg då læ når de ulukka fær, eg skal spotta når det som de ræddast kjem,
Prov NorSMB 1:27  når det de ræddast kjem som eit uver, og uferdi dykkar fer hit som ein storm, når trengsla og naud kjem på dykk.
Prov NorSMB 1:28  Då vil eg ikkje svara når de ropar på meg, dei skal naudleita etter meg, men ikkje finna meg.
Prov NorSMB 1:29  Av di dei hata kunnskap og forsmådde otte for Herren,
Prov NorSMB 1:30  ikkje lydde på mi råd, vanyrde all mi påminning,
Prov NorSMB 1:31  skal dei eta frukt av si åtferd og verta mette av sine råder.
Prov NorSMB 1:32  For einvisa drep dei einfaldne, og tryggleiken dårarne tyner.
Prov NorSMB 1:33  Men den bur trygt, som høyrer på meg, verna um ulukke-rædsla.»