Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next
Chapter 5
Prov NorSMB 5:1  Son min, gjev agt på min visdom, lut øyra ned til mitt vit!
Prov NorSMB 5:2  So du kann halda deg gløggtenkt, og lipporne gøyma på kunnskap.
Prov NorSMB 5:3  For honning dryp av skjøkjelippor, og hennar gom er sleipar’ enn olje,
Prov NorSMB 5:4  men til slutt er ho beisk som malurt, kvass som eit tvieggja sverd.
Prov NorSMB 5:5  Hennar føter stig ned til dauden, hennar fet fører radt til helheims.
Prov NorSMB 5:6  Ho gjeng ikkje livsens stig, gålaus vinglar ho vegvill.
Prov NorSMB 5:7  Og no, søner, høyr på meg, og vik ikkje frå det munnen min mæler!
Prov NorSMB 5:8  Lat din veg vera langt frå henne, kom ’kje nær til husdøri hennar!
Prov NorSMB 5:9  Annars gjev du din vænleik til andre, åt ein hardstyrar åri dine.
Prov NorSMB 5:10  Av di eiga vil framande mettast, det du samla med stræv, kjem i annanmanns hus,
Prov NorSMB 5:11  so du lyt stynja til slutt når ditt hold og kjøt er upptært,
Prov NorSMB 5:12  og segja: «Kor kunde eg hata tukt, og hjarta mitt vanvyrda age?
Prov NorSMB 5:13  Kvi høyrde eg ikkje på meistrarne mine, og lydde på deim som lærde meg?
Prov NorSMB 5:14  Nær var eg komen ille i det midt i mengdi som sat til tings.»
Prov NorSMB 5:15  Drikk or din eigen brunn, det som renn or di eigi kjelda!
Prov NorSMB 5:16  Skulde kjeldorne dine renna på gata, vatsbekkjerne dine ute på torgi?
Prov NorSMB 5:17  Lat deim vera berre for deg, og ikkje for framande med deg!
Prov NorSMB 5:18  Kjelda di vere velsigna, gled du deg i din ungdoms viv.
Prov NorSMB 5:19  Elskhugs-hindi, ynde-gasella - barmen hennar alltid deg kveikje, stødt vere du trylt av hennar kjærleik.
Prov NorSMB 5:20  Kvi skulde du, son min, tryllast av onnor kona, og femna barmen på framand kvinna?
Prov NorSMB 5:21  For Herren hev kvar manns vegar for augo, og han jamnar alle hans stigar.
Prov NorSMB 5:22  Den gudlause vert fanga i misgjerningarne sine, hans synde-band bind honom fast.
Prov NorSMB 5:23  Han døyr av di han ikkje let seg aga, og ved sin store dårskap tumlar han i koll.