Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 11
Prov NorSMB 11:1  Falsk vegt er fæl for Herren, men full vegt likar han godt.
Prov NorSMB 11:2  Kjem stormod, so kjem og skam, men smålåtne, dei hev visdom.
Prov NorSMB 11:3  Dei ærlege hev si uskyld til førar, men fals slær sin herre på hals.
Prov NorSMB 11:4  Gods hjelper ikkje på vreidens dag, men rettferd frelser frå dauden.
Prov NorSMB 11:5  Ærleg manns rettferd jamnar hans veg, men den gudlause stuper ved gudløysa si.
Prov NorSMB 11:6  Ærlege folk ved si rettferd vert frelste, men dei falske vert fanga i eigen gir.
Prov NorSMB 11:7  Når ugudleg mann døyr, er det ute med voni; og vondskaps venting til inkjes vert.
Prov NorSMB 11:8  Rettferdig vert fria or trengsla, og ugudleg kjem i hans stad.
Prov NorSMB 11:9  Den skamlause tyner sin granne med munnen, men rettferdige friar seg ut med sin kunnskap.
Prov NorSMB 11:10  Gjeng det godt med rettferdige, fegnast byen, vert gudlause tynte, syng folk av gleda.
Prov NorSMB 11:11  Med velsigning frå ærlege folk kjem byen seg upp, men gudlause munn bryt han ned.
Prov NorSMB 11:12  Vitlaus er den som vanvyrdar sin granne, men vitug mann tegjer stilt.
Prov NorSMB 11:13  Den som fer med drøs, ber løynråd ut, men den hjarte-trugne løyner saki.
Prov NorSMB 11:14  Der inkje styre er, lyt folket falla, men der dei rådvise er mange, der er frelsa.
Prov NorSMB 11:15  Borgar du for framand, er du ille faren, men han er trygg som hatar handtak.
Prov NorSMB 11:16  Ei yndefull kvinna vinn æra, og valdsmenner vinn seg rikdom.
Prov NorSMB 11:17  Ein godhjarta mann gjer vel mot si sjæl, men ein hardhjarta mann fer vondt med sitt eige kjøt.
Prov NorSMB 11:18  Den ugudlege vinn seg ei sviksam løn, men den som rettferd sår, fær varig løn.
Prov NorSMB 11:19  Stend du fast i rettferd, vinn du liv, men fer du etter vondt, då fær du daude.
Prov NorSMB 11:20  Dei range i hugen hev Herren ein stygg til, men han likar deim som ulastande ferdast.
Prov NorSMB 11:21  Det kann du gjeva handi på, den vonde vert ’kje urefst, men ætti åt rettferdige slepp undan.
Prov NorSMB 11:22  Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinna utan vit.
Prov NorSMB 11:23  Det rettferdige ynskjer, vert berre godt, det som gudlause vonar, vert til vreide.
Prov NorSMB 11:24  Ein strår ut og fær endå meir, ein annan vert arm av usømeleg sparing.
Prov NorSMB 11:25  Den som velsignar, skal trivast, og kveikjer du andre, vert sjølv du kveikt.
Prov NorSMB 11:26  Ein kornflår, honom bannar folket, men signing kjem yver den som sel korn.
Prov NorSMB 11:27  Den som strævar etter godt, han søkjer hugnad, men den som leitar etter vondt, han fær det yver seg.
Prov NorSMB 11:28  Den som lit på sin rikdom, han skal stupa, men rettferdige grønkar som lauv.
Prov NorSMB 11:29  Den som øydar sitt hus, skal erva vind, og narren vert træl åt den kloke.
Prov NorSMB 11:30  Rettferdig manns frukt er eit livsens tre, og sjæler vinn den vise.
Prov NorSMB 11:31  Du ser rettferdig mann fær vederlag på jordi, kor mykje meir då den ugudlege og syndaren!