PROVERBS
Chapter 11
Prov | NorSMB | 11:9 | Den skamlause tyner sin granne med munnen, men rettferdige friar seg ut med sin kunnskap. | |
Prov | NorSMB | 11:10 | Gjeng det godt med rettferdige, fegnast byen, vert gudlause tynte, syng folk av gleda. | |
Prov | NorSMB | 11:14 | Der inkje styre er, lyt folket falla, men der dei rådvise er mange, der er frelsa. | |
Prov | NorSMB | 11:17 | Ein godhjarta mann gjer vel mot si sjæl, men ein hardhjarta mann fer vondt med sitt eige kjøt. | |
Prov | NorSMB | 11:20 | Dei range i hugen hev Herren ein stygg til, men han likar deim som ulastande ferdast. | |
Prov | NorSMB | 11:21 | Det kann du gjeva handi på, den vonde vert ’kje urefst, men ætti åt rettferdige slepp undan. | |
Prov | NorSMB | 11:23 | Det rettferdige ynskjer, vert berre godt, det som gudlause vonar, vert til vreide. | |
Prov | NorSMB | 11:27 | Den som strævar etter godt, han søkjer hugnad, men den som leitar etter vondt, han fær det yver seg. | |