Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 30
Prov NorSMB 30:1  Ord av Agur, son åt Jake, profetordet. Mannen segjer so til Itiel, til Itiel og Ukal:
Prov NorSMB 30:2  For fåvis er eg til å heita mann, og ikkje hev eg manne-vit.
Prov NorSMB 30:3  Visdom hev eg ikkje lært, til kunnskap um den Heilage.
Prov NorSMB 30:4  Kven hev stige upp til himmelen og stige ned? Kven hev samla vinden inn i nevarne? Kven hev bunde vatnet i eit klædeplagg? Kven hev alle enderne av jordi sett? Kva heiter han, kva heiter son hans - um du veit det?
Prov NorSMB 30:5  Alt Guds ord er skirt, han er ein skjold for deim som flyr til honom.
Prov NorSMB 30:6  Legg ikkje noko til hans ord, elles lyt han refsa deg, og du stend der ein ljugar.
Prov NorSMB 30:7  Tvo ting hev eg bede deg um, neitta meg deim ikkje, fyrr eg døyr:
Prov NorSMB 30:8  Lat fals og lygn vera langt frå meg! Gjev meg ikkje armod og ikkje rikdom! Lat meg få eta mitt tiletla brød!
Prov NorSMB 30:9  Elles kunde eg neitta deg når eg var mett, og segja: «Kven er Herren?» Eller um eg vart fatig, kunde eg stela, ja, forgripa meg på min Guds namn.
Prov NorSMB 30:10  Baktala ei ein tenar for hans herre, elles vil han banna deg, og du få bøta.
Prov NorSMB 30:11  Ei ætt som bannar far sin og ikkje signar mor si,
Prov NorSMB 30:12  ei ætt som tykkjer ho er rein, endå ho ei hev tvætta av sitt eige skarn,
Prov NorSMB 30:13  ei ætt - kor stolte augo hev ho ikkje, og kor ho lyfter augneloki!
Prov NorSMB 30:14  ei ætt som heve sverd til tenner og jakslar reint som knivar, so ho et armingar or landet og fatige or folkesamfund.
Prov NorSMB 30:15  Blodiglen hev tvo døtter: Gjev! Gjev! Tri finst det som aldri vert mette, fire som ei segjer: «Nok!»
Prov NorSMB 30:16  Helheim og barnlaust moderfang, jordi som aldri vert mett av vatn, og elden som ei segjer: «Nok!»
Prov NorSMB 30:17  Eit auga som spottar far og vanvyrder lydnad mot mor, det skal bekkje-ramnarne hakka ut og ørnungar eta upp.
Prov NorSMB 30:18  Tri ting er meg for underlege, og fire finst som eg ikkje skynar:
Prov NorSMB 30:19  Ørns veg på himmelen, orms veg på berget, skips veg på havet og manns veg til møy.
Prov NorSMB 30:20  Soleis ber utru kona seg åt: Ho et og turkar seg um munnen og segjer: «Eg hev ikkje gjort noko vondt.»
Prov NorSMB 30:21  Under tri skjelv jordi, under fire kann ho ’kje herda:
Prov NorSMB 30:22  under trælen når han vert konge, og dåren når han fær eta seg mett,
Prov NorSMB 30:23  under attergløyma når ho vert gift, og trælkvinna når ho erver si frua.
Prov NorSMB 30:24  Fire finst det som er små på jordi, og endå hev dei fenge visdom stor:
Prov NorSMB 30:25  Mauren er ’kje noko sterkt folk, og endå lagar han sin mat um sumaren.
Prov NorSMB 30:26  Fjellgrevlingarne er ’kje noko veldugt folk, og endå byggjer dei seg hus i berget.
Prov NorSMB 30:27  Grashopparne hev ingen konge, og endå fær dei alle ut i fylking.
Prov NorSMB 30:28  Fjorføtla kann du ta med henderne, og endå bur ho inni kongeslott.
Prov NorSMB 30:29  Tri finst det som stig med staute stig, og fire hev ei fager gonga:
Prov NorSMB 30:30  Løva ei kjempa millom dyri, og som ikkje snur seg for nokon,
Prov NorSMB 30:31  hesten mjå um midja, eller bukken, og ein konge med leidingheren.
Prov NorSMB 30:32  Gjer du deg stor, anten narr eller klårtenkt, so legg handi på munnen!
Prov NorSMB 30:33  For trykk på mjølk gjev smør, og trykk på nase gjev blod, og trykk på vreide gjev strid.