PROVERBS
Chapter 28
Prov | NorSMB | 28:2 | Syndar eit land, fær det mange herrar, men hev folket mykje vit, varer retten lenge. | |
Prov | NorSMB | 28:4 | Dei som gjeng ifrå lovi, prisar dei gudlause, men dei som held lovi, harmast på deim. | |
Prov | NorSMB | 28:6 | Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust, enn ein rikmann som er rang og gjeng tvo vegar. | |
Prov | NorSMB | 28:7 | Den som agtar på rettleiding, er ein vitug son, men den som hev lag med øydarar, fører skam yver far sin. | |
Prov | NorSMB | 28:8 | Den som aukar si eiga med renta og oker, han sankar åt den som er god mot dei arme. | |
Prov | NorSMB | 28:10 | Den som villar ærlegt folk inn på ein vond veg, han skal stupa i si eigi grav, men dei lytelause skal erva det som godt er. | |
Prov | NorSMB | 28:12 | Held dei rettferdige høgtid, stend det herleg til, men når gudlause kjem seg upp, lyt ein leita etter folk. | |
Prov | NorSMB | 28:13 | Den som dyl misgjerningarne sine, hev ikkje lukka med seg, men den som sannar deim og vender seg ifrå deim, han finn miskunn. | |
Prov | NorSMB | 28:14 | Sæl den mannen som alltid ottast, men den som gjer hjarta sitt hardt, han fell i ulukka. | |
Prov | NorSMB | 28:16 | Du hovding fatig på vit og rik på vald! Dei som hatar urett vinning, skal liva lenge. | |
Prov | NorSMB | 28:18 | Den som ferdast lytelaust, vert frelst, men den range tvivegs-farar fell på den eine. | |
Prov | NorSMB | 28:19 | Den som dyrkar si jord, fær nøgdi av brød, men den som fer etter fåfengt, fær nøgdi av armod. | |
Prov | NorSMB | 28:20 | Ein trufast mann fær rik velsigning, men den som renner etter rikdom, vert ei urefst. | |
Prov | NorSMB | 28:21 | Det er ’kje godt når ein gjer mannemun, men mang ein mann vert brotsmann for ein brødbit. | |
Prov | NorSMB | 28:22 | I bråhast vil den ovundsjuke verta rik, og han veit ’kje at vanråd vil koma på han. | |
Prov | NorSMB | 28:23 | Den som refser ein mann, vinn seg takk til slutt meir enn den som smeikjer med tunga si. | |
Prov | NorSMB | 28:24 | Den som plundrar far sin og mor si og segjer: «Det er ikkje synd,» han er øydelands lagsbror. | |
Prov | NorSMB | 28:26 | Den som lit på vitet sitt, han er ein dåre, men den som vandrar i visdom, vert frelst. | |
Prov | NorSMB | 28:27 | Den som gjev den fatige, vantar inkje, men den som let att augo, fær mykje banning yver seg. | |