Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 16
Prov NorSMB 16:1  Hjartans rådleggjing høyrer menneskja til, men tunga fær svaret frå Herren.
Prov NorSMB 16:2  Kvar mann tykkjer at hans eigi ferd er rein, men det er Herren som prøver ånderne.
Prov NorSMB 16:3  Legg verki dine på Herren, so skal tankarne dine få framgang.
Prov NorSMB 16:4  Herren hev gjort kvar ting til sitt endemål, ogso den ugudlege til uferdsdagen.
Prov NorSMB 16:5  Kvar ovmodig er ei gruv for Herren, du kann vera viss, han skal ’kje verta urefst.
Prov NorSMB 16:6  Med kjærleik og truskap vert misgjerning sona ut, med otte for Herren flyr ein frå det vonde.
Prov NorSMB 16:7  Når Herren likar ferdi åt ein mann, so let han jamvel fiendarne halda fred med honom.
Prov NorSMB 16:8  Betre er lite med rettferd enn innkomor store med urett.
Prov NorSMB 16:9  Mannsens hjarta tenkjer ut sin veg, men Herren styrer hans stig.
Prov NorSMB 16:10  Gudsord er på konungs lippor, i domen skal hans munn ei gjera mistak.
Prov NorSMB 16:11  Rett vegt og rette vegtskåler høyrer Herren til, hans verk er alle lodd i pungen.
Prov NorSMB 16:12  Ugudleg åtferd er ein styggedom for kongar, for truna stend trygt ved rettferd.
Prov NorSMB 16:13  Kongen likar rettferdige lippor, dei elskar den som segjer det som er rett.
Prov NorSMB 16:14  Konungs vreide er daude-bod, men ein vismann stiller vreiden.
Prov NorSMB 16:15  I ljos frå konungs åsyn er det liv, og hans godhug er som ei regnsky um våren.
Prov NorSMB 16:16  Å vinna visdom - kor mykje betre er det ei enn gull! Å vinna vit er meire verdt enn sylv.
Prov NorSMB 16:17  Den vegen dei ærlege gjeng, er å fly frå vondt, den som agtar på sin veg, han varar si sjæl.
Prov NorSMB 16:18  Fyre undergang gjeng ovmod, og stormod fyre fall.
Prov NorSMB 16:19  Betre er med armingar å vera audmjuk enn skifta herfang med ovmodige.
Prov NorSMB 16:20  Den som agtar på ordet, skal finna lukka, den som lit på Herren - sæl er han!
Prov NorSMB 16:21  Den vise i hjarta vert kalla vitug, og søtleik på lipporne aukar lærdom.
Prov NorSMB 16:22  Klokskap er livsens kjelda for deim som eig han, men fåvit er refsing for fåvise folk.
Prov NorSMB 16:23  Vismanns hjarta gjer munnen hans vitug og aukar læra på lipporne hans.
Prov NorSMB 16:24  Milde ord er honningdropar, søte for sjæli og lækjedom for beini.
Prov NorSMB 16:25  Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på honom er vegar til dauden.
Prov NorSMB 16:26  Vinne-kars hunger onnar for honom, for hans eigen munn driv på.
Prov NorSMB 16:27  Ein låk mann grev ei ulukke-grav, og det logar som eld på lipporne hans.
Prov NorSMB 16:28  Ein ranglyndt mann yppar trætta, og den som ber drøs, skil ven frå ven.
Prov NorSMB 16:29  Ein valdsmann lokkar næsten sin, og leider han inn på ein veg som ei er god.
Prov NorSMB 16:30  Den som let augo att, vil tenkja range tankar, den som knip lipporne i hop, set vondt i verk.
Prov NorSMB 16:31  Grå hår er fager krans! Han er å vinna på rettferds veg.
Prov NorSMB 16:32  Ein tolug mann er betre enn ei kjempa, og den som styrer hugen sin, stend yver den som tek ein by.
Prov NorSMB 16:33  Dei kastar terningen i fanget, men all hans avgjerd kjem frå Herren.