Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 19
Prov NorSMB 19:1  Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust enn ein mann med range lippor som attpå er ein dåre.
Prov NorSMB 19:2  Den som er tankelaus i hugen, gjeng det gale, og den som stig for fort med føterne, han stig i miss.
Prov NorSMB 19:3  Mannsens eigi vitløysa fører til fall, men han harmast i sitt hjarta på Herren.
Prov NorSMB 19:4  Velstand samla mange vener, men fatigmann vert skild frå venen sin.
Prov NorSMB 19:5  Det falske vitnet skal ’kje verta urefst, og den som andar lygn, skal ikkje sleppa undan.
Prov NorSMB 19:6  Mange smeikjer den gjæve, og kvar mann er ven med den rauste.
Prov NorSMB 19:7  Fatigmanns brør hatar honom alle, enn meir dreg hans vener seg burt frå honom. Han fer etter ord som er inkjevetta.
Prov NorSMB 19:8  Den som elskar si sjæl, han vinn seg vit, den som vaktar sitt skyn, skal finna lukka.
Prov NorSMB 19:9  Det falske vitnet skal ’kje verta urefst, og den som andar lygn, skal tynast.
Prov NorSMB 19:10  Det høver ei for dåren å hava gode dagar, enn mindre for ein træl å råda yver hovdingar.
Prov NorSMB 19:11  Mannsens klokskap gjev honom tol, og det er hans æra å tilgjeva brot.
Prov NorSMB 19:12  Konungs harm er som når løva burar, men godhugen hans er som dogg i graset.
Prov NorSMB 19:13  Ein dårleg son er reint ei ulukka for far sin, og kjerringtrætta er som si-drop frå taket.
Prov NorSMB 19:14  Hus og gods er fedre-arv, men frå Herren kjem ei vitug kona.
Prov NorSMB 19:15  Leta svæver tungt i svevn, og letingen skal svelta.
Prov NorSMB 19:16  Den som tek vare på bodet, tek vare på sitt liv, den som ei ansar si åtferd, skal missa livet.
Prov NorSMB 19:17  Den som gjer miskunn mot armingen, låner til Herren, og av honom fær han vederlag for si velgjerning.
Prov NorSMB 19:18  Aga son din, for endå er det von, men lat deg ikkje driva til å drepa honom.
Prov NorSMB 19:19  Den som er svært sinna, lyt bøta for det, for um du hjelper han, du gjer vondt verre.
Prov NorSMB 19:20  Høyr på råd og lat deg aga, so du til slutt kann verta vis.
Prov NorSMB 19:21  Mange tankar er i mannsens hjarta, men Herrens råd fær framgang.
Prov NorSMB 19:22  Mannsens miskunn er hans gode vilje, og fatig man er betre enn ein som lyg.
Prov NorSMB 19:23  Otte for Herren fører til liv, mett fær ein kvila og vert ikkje heimsøkt med vondt.
Prov NorSMB 19:24  Stikk den late si hand i fatet, so idest han ei ta ho upp att til munnen.
Prov NorSMB 19:25  Slær du spottaren, so vert uvitingen klok, og agar du den vituge, so fær han vit på kunnskap.
Prov NorSMB 19:26  Den som er vond med far sin og jagar mor si burt, han er ein son til skam og skjemd.
Prov NorSMB 19:27  Høyr ikkje soleis på refsing, son min, at du villar deg burt frå kunnskaps ord!
Prov NorSMB 19:28  Eit nidings-vitne spottar det som rett er, og munnen på gudlause gløyper urett.
Prov NorSMB 19:29  Refsingsdomar er ferdige for spottaren og slag for ryggen på dårar.