Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ACTS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 20
Acts NorSMB 20:1  Då so uppstyret hadde stilna, kalla Paulus læresveinarne til seg og gav deim påminningar og bad farvel med deim; so drog han ut og vilde fara til Makedonia.
Acts NorSMB 20:2  Då han hadde fare gjenom desse landi og påminnt deim med mange ord, kom han til Grækland.
Acts NorSMB 20:3  Der vart han verande tri månader; og då jøderne lagde upp meinråd imot honom medan han skulde til å sigla til Syria, tok han den råd å leggja attervegen gjenom Makedonia.
Acts NorSMB 20:4  Til Asia fylgde honom Sopater, son åt Pyrrus, frå Berøa, og av deim frå Tessalonika Aristarkus og Sekundus, og Gaius frå Derbe og Timoteus, og av deim frå Asia Tykikus og Trofimus.
Acts NorSMB 20:5  Desse drog i fyrevegen og venta på oss i Troas.
Acts NorSMB 20:6  Men me siglde ut frå Filippi etter søtebrødhelgi, og kom fem dagar etter til deim i Troas, der me so drygde i sju dagar.
Acts NorSMB 20:7  Den fyrste dagen i vika var me saman og braut brødet; då heldt Paulus samtalar med deim, av di han vilde draga burt dagen etter, og han tøygde talen ut like til midnatt.
Acts NorSMB 20:9  Men ein ung mann med namnet Eutykus sat i vindauga og var fallen i djup svevn, då Paulus drog samtalen so lenge ut, og i svevnen datt han ut og sturta ned frå tridje høgdi og vart teken upp livlaus.
Acts NorSMB 20:10  Men Paulus gjekk ned og kasta seg yver honom og tok honom i famnen og sagde: «Ståka ikkje! for sjæli hans er i honom.»
Acts NorSMB 20:11  So gjekk han upp att og braut brødet og åt av det; og då han hadde tala med deim ei lang stund heilt til dagsprett, drog han av stad.
Acts NorSMB 20:12  Dei førde guten livande burt og vart storleg trøysta.
Acts NorSMB 20:13  Me hadde då gjenge um bord i skipet og siglde av til Assus og skulde taka Paulus um bord der; for so hadde han påbode, då han sjølv vilde ganga.
Acts NorSMB 20:14  Då han so kom til oss i Assus, tok me honom um bord og kom til Mitylene;
Acts NorSMB 20:15  og derifrå siglde me og kom dagen etter beint utfor Kios; andre dagen kom me til Samos, og då me hadde drygt ei stund i Trogillium, kom me dagen etter til Milet.
Acts NorSMB 20:16  For Paulus hadde sett seg fyre å sigla utanum Efesus, so han ikkje skulde spilla tid i Asia; for han trøytte seg etter å nå Jerusalem til kvitsundagen, um det var mogelegt for honom.
Acts NorSMB 20:17  Frå Milet sende han so bod til Efesus og kalla til seg dei eldste for kyrkjelyden.
Acts NorSMB 20:18  Då dei var komne til honom, sagde han til deim: «De veit korleis mi ferd hjå dykk hev vore heile tidi, alt frå fyrste dagen eg kom til Asia,
Acts NorSMB 20:19  at eg tente Herren med all audmykt og med tåror og i freistingar, som meinråderne frå jødarne førde yver meg,
Acts NorSMB 20:20  korleis eg ikkje heldt att noko av det som kunde vera dykk til gagn, men forkynte dykk det og lærde dykk det for ålmenta og heime i husi,
Acts NorSMB 20:21  med di eg vitna både for jødar og grækarar um umvendingi til Gud og trui på vår Herre Jesus Kristus.
Acts NorSMB 20:22  Og no, sjå, bunden av Anden dreg eg til Jerusalem, og veit ikkje kva som der skal møta meg,
Acts NorSMB 20:23  utan det at den Heilage Ande i by etter by vitnar for meg og segjer at band og trengslor ventar meg.
Acts NorSMB 20:24  Men for meg sjølv agtar eg ikkje mitt liv eit ord verdt, når eg berre kann fullføra mitt laup og den tenesta som eg fekk av Herren Jesus: å vitna um evangeliet um Guds nåde.
Acts NorSMB 20:25  Og no, sjå, eg veit at de ikkje meir skal sjå mi åsyn, alle de som eg gjekk um imillom og forkynte Guds rike.
Acts NorSMB 20:26  Difor vitnar eg for dykk på denne dagen at eg er rein for alle manns blod.
Acts NorSMB 20:27  For ikkje heldt eg noko undan, men eg forkynte dykk heile Guds råd.
Acts NorSMB 20:28  Gjev då agt på dykk sjølve og på heile den hjord som den Heilage Ande sette dykk til tilsynsmenner i til å vakta Guds kyrkjelyd, som han vann seg med sitt eige blod!
Acts NorSMB 20:29  Eg veit at etter min burtgang skal det koma inn millom dykk ville vargar, som ikkje sparer hjordi.
Acts NorSMB 20:30  Ja, frå dykk sjølve skal det koma fram folk som fer med forvend tale og vil lokka læresveinarne etter seg.
Acts NorSMB 20:31  Vak difor, og kom i hug at eg tri år natt og dag ikkje heldt upp med å påminna kvar ein med tåror!
Acts NorSMB 20:32  Og no legg eg dykk yver på Gud og hans nådeord, han som hev magt til å uppbyggja dykk og gjeva dykk arvlut bland alle deim som hev vorte helga.
Acts NorSMB 20:33  Ingen manns sylv eller gull eller klædnad hev eg kravt.
Acts NorSMB 20:34  De veit sjølve at det som eg sjølv trong, og dei som var med meg, det hev desse henderne arbeidt for.
Acts NorSMB 20:35  I alle måtar synte eg dykk, at soleis skal me med strævsamt arbeid vera til hjelp for dei veike og hugsa på Herren Jesu ord, som han sjølv hev sagt: «Det er sælare å gjeva enn å taka.»»
Acts NorSMB 20:36  Då han hadde sagt dette, fall han på kne og bad saman med deim alle.
Acts NorSMB 20:37  Då brast dei alle i sterk gråt og fall Paulus um halsen og kysste honom.
Acts NorSMB 20:38  Og mest vondt gjorde deim det ordet han hadde sagt, at dei ikkje meir skulde få sjå hans åsyn. So fylgde dei honom til skipet.