Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JEREMIAH
Prev Up Next
Chapter 52
Jere NorSMB 52:1  Eitt og tjuge år gamall var Sidkia då vart konge, og elleve år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hamital Jeremiadotter, frå Libna.
Jere NorSMB 52:2  Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som Jojakim.
Jere NorSMB 52:3  Det var for Herrens harm skuld det gjekk so med Jerusalem og Juda, til dess han støytte deim burt frå si åsyn. Sidkia fall ifrå Babel-kongen.
Jere NorSMB 52:4  I det niande styringsåret hans, den tiande dagen i den tiande månaden, kom Nebukadressar, Babel-kongen, med heile heren sin til Jerusalem, lægra seg utanfor byen og bygde skansar rundt ikring honom.
Jere NorSMB 52:5  Byen vart kringsett til kong Sidkias ellevte styringsår.
Jere NorSMB 52:6  I den fjorde månaden, den niande dagen i månaden, røynde svolten hardt på i byen, og landsfolket hadde inkje mat.
Jere NorSMB 52:7  Då vart bymuren gjenombroten, og alt stridsfolket rømde og for ut or byen um natti gjenom porten i dubbelmuren ved kongshagen, medan kaldæarane låg rundt ikring byen. Dei tok leidi til Moarne.
Jere NorSMB 52:8  Men kaldæarheren sette etter kongen og nådde Sidkia att på Moarne ved Jeriko. Alt herfolket sprang frå honom og spreiddest.
Jere NorSMB 52:9  Dei fanga då kongen og førde honom upp til Babel-kongen, til Ribla i Hamatlandet, og han sagde upp domen yver honom.
Jere NorSMB 52:10  Og Babel-kongen drap sønerne åt Sidkia medan han såg på det; sameleis drap han alle hovdingarne i Juda der i Ribla.
Jere NorSMB 52:11  So stakk han ut augo på Sidkia, batt honom med tvo koparlekkjor og førde honom til Babel og sette honom i fangehus, der var han til sin døyande dag.
Jere NorSMB 52:12  Og i den femte månaden, den tiande dagen i månaden, i det nittande styringsåret åt Babel-kongen Nebukadressar, kom livvakthovdingen Nebuzaradan, som stod for Babel-kongens åsyn, til Jerusalem.
Jere NorSMB 52:13  Han brende upp Herrens hus og kongsgarden, ja, alle husi i Jerusalem og alle storfolk-hus sette han eld på.
Jere NorSMB 52:14  Og heile kaldæarheren som var med livvakthovdingen, reiv ned alle murarne ikring Jerusalem.
Jere NorSMB 52:15  Og sume av ålmugen og resten av folket som var att i byen, og rømingarne som hadde gjenge yver til Babel-kongen, og den flokken som var att dessforutan, førde livvakthovdingen Nebuzaradan burt.
Jere NorSMB 52:16  Nokre av fatigfolket let livvakthovdingen Nebuzaradan vera att til å arbeida i vinhagarne og på åkrarne.
Jere NorSMB 52:17  Koparsulorne som høyrde til Herrens hus, og fotstykki og koparhavet som var i Herrens hus, braut kaldæarane sund, og førde all koparen av deim til Babel.
Jere NorSMB 52:18  Og dei tok oskefati og eldskuflerne og ljossakserne og blodbollarne og skålerne og alle kopargognere som dei hadde til gudstenesta.
Jere NorSMB 52:19  Og livvakthovdingen tok fati og glodpannorne og blodbollarne og oskefati og ljosestakarne og fati og bollarne, alt som var av gull og sylv.
Jere NorSMB 52:20  Tvo sulor og eit hav og dei tolv koparuksarne som var under fotstykki, som kong Salomo hadde laga åt Herrens hus - koparen i alle desse gognerne var ikkje vegande.
Jere NorSMB 52:21  Um sulorne er å segja: Den eine sula var attan alner høg, og ein tråd på tolv alner gjekk ikring henne, og ho var fire fingrar tjukk og innhol.
Jere NorSMB 52:22  Og det var eit sulehovud på henne av kopar, og det eine sulehovudet var fem alner høgt, og det var krot og granateple rundt ikring på sulehovudet, alt av kopar. Og likeins var det på den andre sula og granateple.
Jere NorSMB 52:23  Og granatepli var seks og nitti utetter; alle granatepli på krotverket var eit hundrad rundt ikring.
Jere NorSMB 52:24  Livvakthovdingen tok øvstepresten Seraja og den næst øvste presten Sefanja og dei tri dørstokkvaktarane,
Jere NorSMB 52:25  og frå byen tok han ein hirdmann som var uppsynsmann yver herfolket, og sju mann som han råka på i byen av næmaste lagsfolket hjå kongen, dessutan skrivaren til herhovdingen, han som skreiv ut landsfolket til hertenesta, og seksti mann av landsfolket som han råka på i byen;
Jere NorSMB 52:26  deim tok livvakthovdingen Nebuzaradan og førde deim til Babel-kongen i Ribla.
Jere NorSMB 52:27  Og Babel-kongen slo deim i hel der i Ribla i Hamatlandet. Soleis vart Juda burtført frå landet sitt.
Jere NorSMB 52:28  Dette er det folket som Nebukadressar førde burt: I det sjuande året tri tusund og tri og tjuge jødar;
Jere NorSMB 52:29  i Nebukadressars attande år åtte hundrad og tvo og tretti sjæler frå Jerusalem;
Jere NorSMB 52:30  i Nebukadressars tri og tjugande år førde Nebuzaradan, livvakthovdingen, burt av jødarne sju hundrad og fem og fyrti sjæler; fire tusund og seks hundrad sjæler i alt.
Jere NorSMB 52:31  I det sju og trettiande året etter Juda-kongen Jojakin var burtførd, den fem og tjugande dagen i den tolvte månaden, gav Evil-Merodak, Babel-kongen - same året som han vart konge - Jojakin, Juda-kongen, uppreisnad og tok honom ut or fangehuset.
Jere NorSMB 52:32  Han helsa honom venleg og gav honom fremste sessen millom dei kongarne som var hjå honom i Babel.
Jere NorSMB 52:33  Han fekk leggja av seg fangebunaden, og gjekk kvar dag til kongens bord, so lenge han livde.
Jere NorSMB 52:34  Kost og tæring naut han dagvisst på kongens kostnad til kvar dag det han trong for dagen, alt til sin døyande dag, heile si livetid.