NUMBERS
Chapter 34
Numb | NorSMB | 34:2 | «Seg til Israels-sønerne: «Når de kjem inn i Kana’ans-landet - det er det landet de skal hava og eiga, heile Kana’ans-landet so vidt som det er - | |
Numb | NorSMB | 34:3 | so skal landeskilet dykkar på sudsida ganga frå Sinheidi langs med Edom, den søre bytestrengen skal i aust ganga ut ifrå enden av Saltsjøen, | |
Numb | NorSMB | 34:4 | og svinga sudum Skorpionskardet, og so taka yver til Sin; so skal han ganga fram sunnanfor Kades-Barnea, til han når Hasar-Addar, og so taka yver til Asmon; | |
Numb | NorSMB | 34:7 | På nordsida skal landskilet ganga soleis. Frå Storhavet skal de draga skiftelina til Horfjellet | |
Numb | NorSMB | 34:9 | sidan skal det halda fram til Zifron, og so enda ved Hasar-Enan. Dette skal vera landskilet dykkar mot nord. | |
Numb | NorSMB | 34:11 | Frå Sefam skal bytet ganga nedetter til Ha-ribla, i aust for Ajin, og so lenger ned, til det når berghallet austanfor Kinneretsjøen; | |
Numb | NorSMB | 34:12 | so skal det ganga nedåt Jordan, og ut i Saltsjøen. Det skal vera landet dykkar, etter bytemerki sine rundt ikring.»» | |
Numb | NorSMB | 34:13 | Og Moses sagde til Israels-sønerne: «Dette er det landet som de skal få til odel og eiga; de skal skifta det i luter, og draga strå um luterne; det er det landet som Herren hev sagt skal gjevast åt dei ni ætterne og den eine halve ætti. | |
Numb | NorSMB | 34:14 | For Rubens-ætti med greinerne sine og Gads-ætti med sine greiner og den halve Manasse-ætti hev fenge dei eigorne dei skal hava; | |
Numb | NorSMB | 34:15 | desse tvo ætterne og den halve ætti hev fenge sin eigedom på denne sida av Jordanelvi, som renn frammed Jeriko - i aust, der soli kjem upp.» | |
Numb | NorSMB | 34:17 | «Høyr no kva dei er for menner som skal skifta ut landet millom dykk; Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson, | |