Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CHRONICLES
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 23
I Ch NorSMB 23:1  Då David var gamall og mett av dagar, gjorde han Salomo, son sin, til konge yver Israel.
I Ch NorSMB 23:2  Og han samla alle hovdingarne i Israel, og prestarne og levitarne.
I Ch NorSMB 23:3  Og levitarne vart talde, ein for ein, dei som var tretti år gamle eller meir, og talet på alle karfolki var åtte og tretti tusund.
I Ch NorSMB 23:4  «Av desse,» sagde han, «skal fire og tjuge tusund standa fyre arbeidet i Herrens hus, og seks tusund skal vera formenner og domarar,
I Ch NorSMB 23:5  fire tusund skal vera dørvaktarar, og fire tusund skal lovsyngja Herren til dei spelgognerne som eg hev late gjera til lovsongen.»
I Ch NorSMB 23:6  Og David skifte deim i skift etter sønerne åt Levi: Gerson, Kehat og Merari.
I Ch NorSMB 23:8  Sønerne hans Ladan var Jehiel, hovdingen, Zetam og Joel, tri mann.
I Ch NorSMB 23:9  Sønerne hans Sime’i var Selomot og Haziel og Haran, tri; dei var hovdingarne for Ladans-ættgreinerne.
I Ch NorSMB 23:10  Og sønerne åt Sime’i var Jahat, Ziza og Je’us og Beria; desse fire var sønerne hans Sime’i.
I Ch NorSMB 23:11  Jahat var hovdingen, og Ziza var den andre. Men Je’us og Beria hadde ikkje mange born, difor vart dei rekna for ei ættgrein, ein flokk for seg.
I Ch NorSMB 23:12  Sønerne åt Kahat var Amram, Jishar, Hebron og Uzziel, fire.
I Ch NorSMB 23:13  Sønerne hans Amram var Aron og Moses. Og Aron vart utskild - han skulde vigjast til å vera høgheilag i all æva, han og sønerne hans, og skulde brenna røykjelse for Herren og tena honom og lysa velsigning i hans namn til æveleg tid.
I Ch NorSMB 23:14  Men sønerne åt Moses, Guds mann, vert rekna til Levi-ætti.
I Ch NorSMB 23:17  Og av Eliezer-sønerne var Rehabja hovding. Eliezer hadde ikkje fleire søner; men sønerne hans Rehabja var ovleg mange.
I Ch NorSMB 23:19  Hebrons-sønerne var Jerija hovdingen, Amarja, var den andre, Jahaziel, den tridje, og Jekamam, den fjorde.
I Ch NorSMB 23:20  Av Uzziels-sønerne var Mika hovding, og Jissia den andre.
I Ch NorSMB 23:21  Merari-sønerne var Mahli og Musi. Sønerne hans Mahli var Eleazar og Kis.
I Ch NorSMB 23:22  Då Eleazar døydde, hadde han ingi søner etter seg, men berre døtter; men sønerne åt Kis, frendarne deira, gifte seg med deim.
I Ch NorSMB 23:23  Musi-sønerne var Mahli og Eder og Jeremot, tri.
I Ch NorSMB 23:24  Dette var Levi-sønerne etter ættgreinene deira, ættarhovdingarne for deim som var mynstra og innskrivne i manntalet, ein for ein, dei som kunde gjera arbeid som høyrde til tenesta i Herrens hus, og var tjuge år gamle og yver det.
I Ch NorSMB 23:25  For David sagde: «Herren, Israels Gud, hev gjeve folket sitt ro, og hev no bustaden sin i Jerusalem for all æva.
I Ch NorSMB 23:26  Difor tarv ikkje heller levitarne bera tjeldet meir, og ikkje heller alle arbeidsgognerne som er i huset.»
I Ch NorSMB 23:27  For etter fråsegni um Davids siste tid vart levitarne rekna frå tjugeårsalderen og uppetter.
I Ch NorSMB 23:28  Og dei vart sette med sida åt Arons-sønerne til tenesta i Herrens hus, i det som vedkom tuni og kovarne og rensingi av alt som heilagt var, og arbeidet med tenesta i Guds hus,
I Ch NorSMB 23:29  både skodebrødi og finmjølet til grjonofferet og dei usyrde tunnkakorne og takkorne og det knoda mjølet og med alt rom-mål og lengdemål.
I Ch NorSMB 23:30  Og kvar morgon skulde dei standa og lova og prisa Herren, og like eins kvar kveld.
I Ch NorSMB 23:31  Og dei skulde ofra alle brennoffer åt Herren på kviledagar og høgtiderne, so mange som fastsett var, og soleis som det var deim fyresagt, allstødt for Herrens åsyn.
I Ch NorSMB 23:32  Dei skulde gjera alt arbeidet som trongst ved møtetjeldet, og det som skulde gjerast ved heilagdomen, det som Arons-sønerne, brørne deira, hadde å gjera med gudstenesta i Herrens hus.