Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LEVITICUS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 6
Levi NorSMB 6:2  «Seg til Aron og sønerne hans: «So er lovi um brennofferet: Brennofferet det skal liggja på eldstaden sin, på altaret, heile natti, til morgons, og der skal altarelden nørast.
Levi NorSMB 6:3  Og presten skal klæda seg i linkjolen sin, og ei linbrok skal han hava på seg næst kroppen, og han skal taka burt oska etter brennofferet, som elden hev tært upp på altaret, og leggja henne attmed altaret.
Levi NorSMB 6:4  So skal han hava av seg klædebunaden sin, og taka på seg andre klæde, og bera oska ut or lægret, til ein rein stad.
Levi NorSMB 6:5  Men elden skal haldast vaken på altaret; han må ikkje slokna. Kvar morgon skal presten nøra elden med ved, og leggja brennofferet uppå veden, og saman med det brenna takkofferfeittet, so røyken stig upp mot himmelen.
Levi NorSMB 6:6  Elden skal allstødt brenna på altaret, og må aldri slokna.
Levi NorSMB 6:7  So er lovi um grjonofferet: Ein av Arons-sønerne skal bera det fram for Herren, på altaret.
Levi NorSMB 6:8  Han skal taka ein neve av det fine mjølet og oljen i grjonofferet, og all røykjelsen som fylgjer med grjonofferet, og brenna det på altaret, so røykjen stig upp mot himmelen; det er eit minningsoffer åt Herren, eit som gjev god ange.
Levi NorSMB 6:9  Og det som er att av offeret, skal Aron og sønerne hans eta; det skal etast usyrt på ein heilag stad: i tunet åt møtetjeldet skal dei eta det;
Levi NorSMB 6:10  med surdeig må det ikkje bakast. Det er den luten eg gjev deim av offerretterne mine; høgheilagt er det, liksom syndofferet og skuldofferet.
Levi NorSMB 6:11  Alle menner som er ætta frå Aron, må eta av det; gjenom alle tider og ætter skal det vera dykkar rett av offergåvorne åt Herren; den som rører deim, lyt vera vigd.»»
Levi NorSMB 6:13  «Den offergåva som Aron og sønerne hans skal bera fram for Herren den dagen dei vert salva, det er ei kanna fint mjøl; det skal vera det dagvisse grjonofferet, helvti um morgonen og helvti um kvelden.
Levi NorSMB 6:14  Med olje skal det lagast til på ei takka; godt knoda skal det vera når du kjem med det; eit grjonoffer som er sundbytt i småstykke, skal du bera fram til godange for Herren.
Levi NorSMB 6:15  Den av sønerne åt Aron som vert salva til prest i staden hans, skal laga det til. Ei æveleg reidda åt Herren skal det vera, og heile offeret skal brennast.
Levi NorSMB 6:16  Alle prestegrjonoffer skal vera heiloffer; dei må ikkje etast.»
Levi NorSMB 6:18  «Tala til Aron og sønerne hans og seg: «So er lovi um syndofferet: På same staden som dei slagtar brennofferet, skal syndofferet og slagtast for Herrens åsyn; høgheilagt er det.
Levi NorSMB 6:19  Presten som ber fram syndofferet, må eta det; på ein heilag stad skal det etast, i møtetjeldtunet.
Levi NorSMB 6:20  Den som rører offerkjøtet, lyt vera vigd. Kjem det noko av blodet på klædi, so skal du taka det plagget som blodet hev kome på og två det på ein heilag stad.
Levi NorSMB 6:21  Er det ei leirgryta kjøtet vert koka i, so skal ho slåast sund; men er det ein koparkjel, so skal han skurast og skyljast med vatn.
Levi NorSMB 6:22  Alle menner som er prestar, må eta av dette offeret; det er høgheilagt.
Levi NorSMB 6:23  Men dei syndofferi som det vert bore blod av inn i møtetjeldet til å sona med i heilagdomen, dei må aldri etast; dei skal brennast i elden.