I KINGS
Chapter 22
I Ki | NorSMB | 22:2 | Men i det tridje året bar det so til at Josafat, Juda-kongen, drog ned til Israels-kongen. | |
I Ki | NorSMB | 22:3 | Då sagde Israels-kongen til mennerne sine: «Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Men me sit rolege og tek ikkje byen ifrå syrarkongen.» | |
I Ki | NorSMB | 22:4 | Og han sagde til Josafat: «Vil du draga med meg til strid um Ramot i Gilead?» Og Josafat sagde til Israels-kongen: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.» | |
I Ki | NorSMB | 22:6 | Då stemnde Israels-kongen saman profetarne, kring fire hundrad mann, og spurde dei: «Skal eg draga ut og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.» | |
I Ki | NorSMB | 22:7 | Men Josafat spurde: «Er det ikkje endå ein av Herrens profetar her, so me kunde spyrja Herren gjenom honom?» | |
I Ki | NorSMB | 22:8 | Israels-kongen svara: «Det er endå ein mann som ein kann spyrja Herren ved, men eg hatar honom, for di han spår meg aldri noko godt, men berre vondt; det er Mika Jimlason.» Josafat sagde: «Soleis må ikkje kongen tala!» | |
I Ki | NorSMB | 22:10 | Israels-kongen og Juda-kongen Josafat sat klædde i sine skrud på kvar sin kongsstol, på treskjarvollen ved inngangen til byporten i Samaria, og alle profetarne spådde framfyre deim. | |
I Ki | NorSMB | 22:11 | Sidkia, son åt Kena’ana, gjorde seg horn av jarn og sagde: «So segjer Herren: «Med slike horn skal du stanga syrarane til du tynar deim.»» | |
I Ki | NorSMB | 22:12 | Og alle profetarne spådde på same måten og sagde: «Drag upp til Ramot, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.» | |
I Ki | NorSMB | 22:13 | Sendemannen som var gjengen og skulde henta Mika, sagde til honom: «Profetarne hev samrøystes lova kongen lukka, lat då ordi dine samstavas med deira, og lova lukka du og!» | |
I Ki | NorSMB | 22:14 | Men Mika svara: «So sant som Herren liver, vil eg berre tala det som Herren segjer til meg.» | |
I Ki | NorSMB | 22:15 | Då han no kom til kongen, sagde kongen til honom: «Mika, skal me draga av stad og strida um Ramot i Gilead, eller skal me lata det vera?» Då sagde han: «Drag upp, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.» | |
I Ki | NorSMB | 22:16 | Men kongen sagde til honom: «Kor mange gonger skal eg taka deg i eid på at du ikkje vil segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?» | |
I Ki | NorSMB | 22:17 | Då sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt i fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»» | |
I Ki | NorSMB | 22:18 | Israels-kongen sagde til Josafat: «Sagde eg deg ikkje, at han aldri varslar meg noko godt, berre vondt?» | |
I Ki | NorSMB | 22:19 | Då sagde han: «So høyr då Herrens ord: Eg såg Herren sitja på sin kongsstol, og heile himmelheren stod der hjå honom på den høgre og den vinstre sida. | |
I Ki | NorSMB | 22:20 | Og Herren sagde: «Kven vil dåra Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so. | |
I Ki | NorSMB | 22:21 | Men då kom anden fram og stelte seg framfor Herren og sagde: «Eg skal lokka honom!» Herren spurde honom: «Korleis?» | |
I Ki | NorSMB | 22:22 | Han svara: Eg vil ganga ut og vera ei ljugarånd i munnen på alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad og gjer so!» | |
I Ki | NorSMB | 22:23 | Sjå no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på alle desse profetarne dine, men Herren hev varsla ulukka yver deg. | |
I Ki | NorSMB | 22:24 | Då kom Sidkia, son åt Kena’ana, fram og slo Mika på kinni og sagde: «Kva veg hev då Herrens ande fare frå meg for å tala med deg?» | |
I Ki | NorSMB | 22:25 | Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.» | |
I Ki | NorSMB | 22:26 | Då sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas, | |
I Ki | NorSMB | 22:27 | og seg: «Kongen byd dykk at det skal kasta denne mannen i fangehuset og setja honom på snaud kost til kongen kjem heim att med heilo!»» | |
I Ki | NorSMB | 22:28 | Men Mika sagde: «Kjem du heim att med heilo, då hev ikkje Herren tala gjenom meg!» Og so sagde han: «Høyr de folk, alle saman!» | |
I Ki | NorSMB | 22:30 | Men Israels-kongen sagde til Josafat: «Eg vil klæda meg ut fyrr eg gjeng inn i striden; men hav du dine klæde på deg!» Og Israels-kongen klædde seg ut og gjekk inn i striden. | |
I Ki | NorSMB | 22:31 | Men syrarkongen hadde gjeve det bodet til sine tvo og tretti hovdingar for stidsvognarne, at dei ikkje skulde taka på nokon, korkje liten eller stor, men berre Israels-kongen. | |
I Ki | NorSMB | 22:32 | Då no hovdingarne for stridsvognerne fekk auga på Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei vende seg til åtak på honom. Då sette Josafat i eit høgt rop. | |
I Ki | NorSMB | 22:33 | Og då hovdingarne for stridsvognerne merka at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå honom. | |
I Ki | NorSMB | 22:34 | Men ein mann som spende bogen og skaut på måfå, råka Israels-kongen millom brynjeskøytingarne og brynja. Då baud han vognstyraren sin: «Snu, og før meg ut or heren; for eg er såra!» | |
I Ki | NorSMB | 22:35 | Men striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen vart standande i vogni imot syrarane; men um kvelden døydde han. Og blodet frå såret hadde runne ned i vogni. | |
I Ki | NorSMB | 22:36 | Ved soleglad gjekk det ropet gjenom heren: «Kvar mann heim til sin by! og kvar mann til sitt land!» | |
I Ki | NorSMB | 22:38 | Då dei skylde vogni ved dammen i Samaria, slikka hundarne blodet hans, og skjøkjorne lauga seg i det, etter Herrens ord som han hadde tala. | |
I Ki | NorSMB | 22:39 | Det som elles er å fortelja um Ahab og alt det han gjorde, og um flisbeinhuset han bygde, og um alle dei byarne han bygde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne. | |
I Ki | NorSMB | 22:40 | So lagde Ahab seg til kvile hjå federne sine, og Ahazja, son hans, vart konge i staden hans. | |
I Ki | NorSMB | 22:41 | Josafat Asason vart konge yver Juda i det fjorde styringsåret åt Ahab, Israels-kongen. | |
I Ki | NorSMB | 22:42 | Fem og tretti år gamall var Josafat då han vart konge, og fem og tjuge år rådde han i Jerusalem; mor hans heitte Azuba og var dotter åt Silhi. | |
I Ki | NorSMB | 22:43 | Og han for heilt i same faret som Asa, far sin; han veik ikkje av frå det, med di han gjorde det som rett var i Herrens augo. | |
I Ki | NorSMB | 22:44 | Men offerhaugarne vart ikkje burttekne, folket heldt ved og ofra slagtoffer og brende røykoffer på haugarne. | |
I Ki | NorSMB | 22:46 | Det som elles er å fortelja um Josafat, og dei storverki han gjorde og dei krigarne han førde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. | |
I Ki | NorSMB | 22:47 | Han rudde ut or landet dei utukt-sveinarne som hadde vorte att den tid Asa, far hans, styrde. | |
I Ki | NorSMB | 22:49 | Josafat hadde ti Tarsis-skip som skulde fara til Ofir etter gull; men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber. | |
I Ki | NorSMB | 22:50 | Då sagde Ahazja Ahabsson til Josafat: «Lat mine menner fara med dine på skipi!» Men Josafat vilde ikkje. | |
I Ki | NorSMB | 22:51 | Og Josafat lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far hans, og Joram, son hans, vart konge i staden hans. | |
I Ki | NorSMB | 22:52 | Ahazja Ahabsson vart konge yver Israel i det syttande styringsåret åt Juda-kongen Josafat, og han rådde yver Israel i tvo år. | |